Falturiltu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Falturiltu er ein barnebokfestival som blir halden på Stord. Festivalen blei skipa i 2007 som den einaste nynorske barnebokfestivalen i verda, ogblir halden årleg i veke 45.

Festivalen er eit samarbeid mellom Stord kommune, Høgskolen Stord/Haugesund, Sunnhordland museum, Stord Mållag, Noregs Mållag, Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget. Han samarbeider også med biblioteka i Sunnhordland, Nynorsksenteret, Bømlo kommune, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Pirion, Foreningen !Les, SILK og bLEST. Han har vidare fått støtte frå Norsk Kulturråd, Sparebanken Vest, SKL, Hordaland fylkeskommune, NBU, Fritt Ord og Utlendingsdirektoratet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]