Hopp til innhald

Flåklypa Grand Prix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flåklypa Grand Prix
RegiIvo Caprino Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Ivo Caprino Sjå dette på Wikidata
ManusKjell Aukrust, Ivo Caprino, Remo Caprino, Kjell Syversen Sjå dette på Wikidata
Stemme­skodespelarWenche Foss, Frank Robert, Kari Simonsen, Leif Juster, Per Theodor Haugen, Harald Heide-Steen jr., Henki Kolstad, Toralv Maurstad, Helge Reiss, Rolf Just Nilsen Sjå dette på Wikidata
Forteljarstemme(r)Leif Juster
KlippIvo Caprino Sjå dette på Wikidata
MusikkBent Fabricius-Bjerre Sjå dette på Wikidata
SjeffotografCharles Patey, Ivo Caprino Sjå dette på Wikidata
DistributørSandrew Metronome, Sandrew Film & Theater, Norenafilm, Suomi-Filmi, Jugendfilm-Verleih, Shochiku, Fuji Eiga Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato28. august 1975 (Noreg),[1] 3. september 1976 (Finland),[2] 6. september 1976 (Sverige),[3] 8. oktober 1976 (Danmark),[4][5] 23. september 1977 (Tyskland),[6] 29. juli 1978 (Japan),[7] 14. januar 1990 (Spania)[8][9]
Lengd84 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandNoreg Sjå dette på Wikidata
Språknorsk
Sjangerfamiliefilm, julefilm Sjå dette på Wikidata

Flåklypa Grand Prix er ein norsk familie- og dokkefilm frå 1975. Filmen er laga av Ivo Caprino. Handlinga i filmen er bygd på diktverka til forfattaren Kjell Aukrust, som skapte bygda Flåklypa og dei leiande figurane. I Aukrust-verda har nokre av figurane andre roller enn i filmen.

Sykkelreparatøren Reodor Felgen bur i lag med skjora Solan Gundersen og piggsvinet Ludvig øvst på Flåklypatoppen. Her driv Felgen med reparasjon av syklar, og eigne oppfinningar. Ein dag kjem disponent Rudolf Blostrupmoen på lokalt fjernsyn og syner fram den nye racerbilen sin, bygd på teikningar han har stole frå verkstaden hjå Felgen, der han var læregut. Solan oppmodar Felgen til å kappkøyre med Blostrupmoen, men han har ikkje pengar til å byggje den planlagde bilen sin, Il Tempo Gigante.

Dagen etter ser Solan at ein arabisk oljesjeik er komen til bygda, og avgjer at han skal syne teikningane til sjeiken. Sjeiken finn ut at bilen er genial, og vil leggje pengar i. Il Tempo Gigante vert bygd, og sjølv om bilen mest vert sabotert av Blodstrupmoen og hjelparen hans, Mysil Bergsprekken, køyrer Felgen i billøp mot Blodstrupmoen og andre, og vinn.

Skodespelarar

[endre | endre wikiteksten]

Den norske versjonen har følgjande stemmer (mellom andre):

Miljøet er skapt av Kjell Aukrust, og var opphavleg nytta i føljetongserien Flåklypa tidende, der mange av rollene medverka. Fleire av figurane har og fått eigne bøker frå Aukrust si hand. Solan og Ludvig høyrer ikkje opphavleg til i Flåklypa, men er rekna som to sider av forfattaren sjølv (i filmen er dei handlangarar for Reodor Felgen). Bilen Il Tempo Gigante vart omtala i Flåklypa tidende i 1972-nummeret, der Felgen prøvekjørde bilen nedetter Gudbrandsdalen og øydela atten sauer og fire mjølkeramper.

Om ein ser godt etter, vil ein sjå fleire figurar frå andre Caprino-filmar i racerløp-delen av filmen. I publikum sit fleire av dokkene frå filmen Papirdraken, og nokre av dei frå eventyrfilmane, mellom dei Per og kongen frå Askeladden og dei gode hjelparane, sistnemnde i strikkegenser.

  1. «Flåklypa Grand Prix». Nasjonalbiblioteket.no. Henta 26. januar 2016. 
  2. «Flåklypa Grand Prix». Elonet. Henta 10. desember 2022. 
  3. «Flåklypa Grand Prix» (på svensk). Svensk Filmdatabas. Henta 10. desember 2022. 
  4. «Bjergkøbing Grand Prix» (på dansk). Scope. Henta 10. desember 2022. 
  5. «Bjergkøbing Grand Prix» (på dansk). Det Danske Filminstitut. Henta 10. desember 2022. 
  6. «Hintertupfinger Grand Prix» (på tysk). Filmdienst. Henta 10. desember 2022. 
  7. «ピンチクリフ・グランプリ». Henta 2. juni 2023. 
  8. «Flåklypa Grand Prix». LUMIERE. Henta 10. desember 2022. 
  9. https://sede.mcu.gob.es/CatalogoICAA/Peliculas/Detalle?pelicula=637151; vitjingsdato: 2. juni 2023.
Spire Denne filmartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.