Franske monarkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det franske kongevåpenet frå 1589 til 1789, innført av Henrik IV og nytta fram til den franske revolusjonen.

Monarkar av Frankrike er eit oversyn over franske kongar og keisarar sidan Hugo Capet.

Det oppstod eit rike styrt av éin herskar i GalliaVestromarriket byrja å falla saman på 400-talet. Dei saliske frankarane blei den leiande stammen i området og under dei blei Frankarriket grunnlagt. Dette blei seinare til Frankrike. Merovingarane blei den herskande ætta over alle frankarane på byrjinga av 500-talet og kom til å herska til midten av 700-talet, då den siste merovingiske kongen blei avsett av Pipin den yngre, som var far til Karl den store. Denne grunnla så den nye kongeslekta karolingarane, som i sin tur kom til å herska over Frankarriket og, etter at det blei delt gjennom traktaten i Verdun i 843, Vestfrankarriket fram til slutten av 900-talet.

I 987 blei Hugo Capet den første kapetingarkongen. Frå dette tidspunktet byrja riket meir å bli sett på som Frankrike snarare enn Det vestfrankiske riket, sidan ein starta å gå bort frå planane om å gjenforeina det med Burgund og Det austfrankiske riket. Sjølv om tittelen «konge av frankarane» offisielt fanst fram til byrjinga av 1200-talet starta han gradvis å bli mindre nytta og standardtittelen blei «konge av Frankrike». Også tittelen «konge av Frankrike og Navarra» blei brukt frå slutten av 1200-talet til byrjinga av 1300-talet og frå slutten av 1500-talet til utbrotet av den franske revolusjonen i 1789. I den korte perioden før Ludvig XVI blei avsett nytta ein tittelen «konge av franskmennene», noko som også tok til igjen etter julirevolusjonen i 1830. Både Napoléon Bonaparte og Napoleon III var keisarar og bar derfor tittelen «keisar av franskmennene».

Med den franske revolusjonen blei det franske kongedømet avskaffa og det blei innført republikk, men etter nokre år gjorde Napoleon Bonaparte seg til keisar og monarkiet blei dermed gjenoppretta på byrjinga av 1800-talet. I 1848 blei Frankrike republikk igjen, men denne ordninga blei avskaffa i 1852. Då blei Napoleon III keisar i landet. Han blei avsett i 1870 og landet blei republikk på nytt, noko det har blitt verande.

I tillegg til dei franske kongane gjorde òg dei engelske regentane krav på den franske trona. I ein kort periode hadde kravet eit visst grunnlag, sidan Karl VI gjennom traktaten i Troyes i 1420 erkjente svigersonen Henrik V av England som fransk regent og tronarvingen sin. Henrik V døydde før Karl VI og derfor etterfølgde sonen hans Henrik VI av England morfaren sin Karl VI som konge av Frankrike. Store delar av Nord-Frankrike var i hendene til engelskmennene til 1435, men i 1453 var engelskmennene blitt drivne bort frå heile Frankrike bortsett frå Calais og Kanaløyane. Dei skulle komma til å behalda Calais i endå 100 år, til 1558.

Huset Capet[endre | endre wikiteksten]

Huset Capet er navnet på kongeslekten som styrte kongedømmet Frankrike i årene 987 til 1328. Huset Capet har fått navn etter Hugo Capet, den første kongen fra denne slekten.

Namn Levetid Tiltredde Fråtredde
Hugo Capet Hugo Capet Ca. 938940
996[1][2]
Son av Hugo den store og Hedvig av Sachsen
Kronet 3. juli 987 Konge til han døydde
Robert II den fromme 27. mars 972
20. juli 1031
Son av Hugo Capet og Adelheid av Aquitaine
Faren fikk han kronet 30. desember 987, konge ved faren sin død. Konge til han døydde
Henrik I Henrik I 4. mai 1008
4. august 1060
Son av Robert II og Constance av Arles
Kronet 14. mai 1027 og ble farens medregent. Enekonge etter faren sin død. Konge til han døydde
Filip I 23. mai 1052
29. juli 1108
Son av Henrik I og Anne av Kiev
Konge ved faren sin død i 1060 Konge til han døydde
Ludvig VI Ludvig VI 1078 eller 1081[3][4]
1. august 1137[5]


Son av Filip I og Bertha av Holland

Konge ved faren sin død i 1108 Konge til han døydde
Ludvig VII 1120
1180[6][7]
Son av Ludvig VI og Adelaide de Maurienne
Konge ved faren sin død i 1137 Konge til han døydde
Filip II August 21. august 1165
14. juli 1223
Son av Ludvig VII og Adèle av Champagne
Ble konge ved faren sin død i 1180 Konge til han døydde
Ludvig VIII «Løva» 1187
1226[8][9]
Son av Filip II August og Isabella av Hainaut
Ble konge ved faren sin død i 1223 Konge til han døydde
Ludvig IX
Blanka av Castilla fungerte som regent 1226–1234 og 1248–1252
1214 eller 1215
1270[10][11]
Son av Ludvig VIII og Blanka av Castilla.
Ble konge ved faren sin død i 1226 Konge til han døydde
Filip III Filip III 30. april 1245
5. oktober 1285
Son av Ludvig IX og Margrete av Provence
Ble konge ved faren sin død i 1270 Konge til han døydde
Filip IV 1268
29. november 1314
Son av Filip III og Isabella av Aragón
Ble konge ved faren sin død i 1285 Konge til han døydde
Ludvig X 1289
1316[12][13]
Son av Filip IV og Johanna I av Navarra
Ble konge ved faren sin død 29. november 1314, kronet i august 1315. Konge til han døydde
Johan I Johan 15. november 1316
20. november 1316
Son av Ludvig X og Clémence av Anjou
Konge ved fødselen Konge til han døydde
Filip V 1292
3. januar 1322
Son av Filip IV og Johanna I av Navarra
20. november 1316 ved Johan I sin død Konge til han døydde
Karl IV 11. desember 1294
1. februar 1328
Son av Filip IV og Johanna I av Navarra
3. januar 1322 ved broren Filip V sin død Konge til han døydde

Huset Valois[endre | endre wikiteksten]

Den direkte mannlege linja av Huset Capet døydde ut i 1328 då ingen av dei tre sønnne til Filip IV klarte å produsere ein mannleg arving som kunne overta trona.

Etter at Karl IV døydde i 1328 ghekk trona videre til Huset Valois. Medlemmane av slekta var direkte etterkomarar av Karl av Valois, som var ein yngre son av Filip III.

Namn Levetid Tiltredde Fråtredde
Filip VI 1293
22. august 1350
Son av Karl av Valois og Margrete av Anjou
Valgt til konge 1. april 1328, kronet 29. mai same år Konge til han døydde
Johan II den gode 16. april 1319
8. april 1364
Son av Filip VI og Johanna av Burgund
Konge ved faren sin død i 1350 Konge til han døydde
Karl V den vise 21. januar 1338
16. september 1380
Son av Johan II og Bonne av Luxemburg
Konge ved faren sin død i 1364 Konge til han døydde
Karl VI
Broren Ludvig I av Anjou fungerte som regent 1380–1382
3. desember 1368
21. oktober 1422
Son av Karl V og Johanna av Bourbon
Konge ved faren sin død i 1380 Konge til han døydde
Karl VII 22. februar 1403
22. juli 1461
Son av Karl VI og Isabella av Bayern
Konge ved faren sin død i 1422 Konge til han døydde
Ludvig XI 3. juli 1423
30. august 1483[14][15]
Son av Karl VII og Marie av Anjou
Konge ved faren sin død i 1461 Konge til han døydde
Karl VIII
Søsteren Anne de Beaujeu fungerte som regent 1483–1484
30. juni 1470
7. april 1498
Son av Ludvig XI og Charlotte av Savoia
Konge ved faren sin død i 1483 Konge til han døydde
Ludvig XII 27. juni 1462
1. januar 1515
Son av Karl av Orléans og Maria av Cleves
Konge ved Karl VIII sin død i 1498 Konge til han døydde
Frans I 12. september 1494
31. mars 1547
Son av Karl av Angoulême og Louise av Savoia
Konge ved Ludvig XII sin død i 1515 Konge til han døydde
Henrik II 31. mars 1519
10. juli 1559
Son av Frans I og Claude av Frankrike
Konge ved faren sin død i 1547 Konge til han døydde
Frans II 19. januar 1544
5. desember 1560
Son av Henrik II og Katharina de' Medici
Konge ved faren sin død i 1559 Konge til han døydde
Karl IX
Katharina de' Medici fungerte som regent 1560–1563
27. juni 1550
30. mai 1574
Son av Henrik II og Katharina de' Medici og bror av Frans II
Konge ved broren sin død i 1560 Konge til han døydde
Henrik III 19. september 1551
2. august 1589
Son av Henrik II og Katharina de' Medici og bror av Frans II og Karl IX
Konge ved broren Karl sin død i 1574 Konge til han døydde

Huset Bourbon[endre | endre wikiteksten]

Etter at Henrik III blei drepen i attentat og døydde utan arvingar var Henrik III av Navarra ein av dei næraste til å arva trona.

Han var blant anna etterkomar av Ludvig IX i mannleg linje, tremenning og svoger gjennom første ekteskap med Margrete av Valois av Frans II, Karl IX og Henrik III.

Namn Levetid Tiltredde Fråtredde
Henrik IV
(Henrik III av Navarra)
13. desember 1553
14. mai 1610
Son av Anton av Bourbon
Johanna III av Navarra
Konge ved Henrik III sin død Konge til han døydde
Ludvig XIII
Moren Maria de' Medici fungerte som regent 1610-1614
27. september 1601
14. mai 1643
Son av Henrik IV og Maria de' Medici
Konge ved faren sin død i 1610 Konge til han døydde
Ludvig XIV Solkongen
Moren Anna av Austerrike fungerte som regent 1643-1651
5. september 1638
1. september 1715
Son av Ludvig XIII og Anna av Austerrike
Konge ved faren sin død i 1643 Konge til han døydde
Ludvig XV
Fetteren Filip II av Orléans fungerte som regent 1715-1723
15. februar 1710
10. mai 1774
Son av Ludvig, hertug av Burgund og Marie-Adélaïde av Savoia
Konge ved oldefaren Ludvig XIV sin død i 1715 Konge til han døydde
Ludvig XVI 23. august 1754
21. januar 1793
Son av Ludvig Ferdinand og Maria Josepha Carolina av Sachsen
Konge ved bestefaren Ludvig XV sin død i 1774 Avsett og avnretta

Den første franske republikken[endre | endre wikiteksten]

Mange nekta å godkjenna at monarkiet blei oppløyst og rekna Ludvig XVI som konge fram til han døydde i 1793, og deretter sonen hans, Ludvig XVII, fram til han døydde i 1795, og så Ludvig XVIII fram til restorasjonen i 1814.

Det første franske keisardømet[endre | endre wikiteksten]

Namn Bilde Levetid Tiltredde Fråtredde
Napoléon Bonaparte
Ektefellen Maria Louise fungerte tidvis som regent i 1812, 1813 og 1814
15. august 1769
5. mai 1821
Son av Carlo Buonaparte og Letizia Ramolino
18. mai 1804 6. april 1814 1
Napoleon II av Frankrike 20. mars 1811
22. juli 1832
Son av Napoléon Bonaparte og Maria Louise av Austerrike
6. april 1814 11. april 1814

1 I eksil i Elba 30. april 1814–1. mars 1815

Huset Bourbon[endre | endre wikiteksten]

Namn Bilde Levetid Tiltredde Fråtredde
Ludvig XVIII av Frankrike 17. november 1755
16. september 1824
Son av Ludvig Ferdinand og Maria Josepha Carolina av Sachsen
2. mai 1814 19. mars 1815 1
Napoleon I av Frankrike
(gjeninnsett)
15. august 1769
5. mai 1821
20. mars 1815 22. juni 1815
Napoleon II av Frankrike
(gjeninnsett)
20. mars 1811
22. juli 1832
22. juni 1815 7. juli 1815
Ludvig XVIII av Frankrike 17. november 1755
16. september 1824
8. juli 1815 16. september 1824
Karl X av Frankrike 9. oktober 1757
6. november 1836
Son av Ludvig Ferdinand og Maria Josepha Carolina av Sachsen
16. september 1824 2. august 1830

1 Eksil i Gent 23. mars–8. juli 1815.

Julimonarkiet[endre | endre wikiteksten]

Frå 31. juli til 9. august 1830 var Ludvig-Filip hertug av Orléans under tittelen «general-løytnant av kongedømmet». Den 9. august 1830 etablerte han Julimonarkiet.

Namn Bilde Levetid Tiltredde Fråtredde
Ludvig Filip av Frankrike 6. oktober 1773
26. august 1850
Son av Ludvig Filip II av Orléans og Louise Marie Adelaide av Bourbon
9. august 1830 24. februar 1848

Den andre franske republikken[endre | endre wikiteksten]

Namn Bilde Levetid Tiltredde Fråtredde
Napoleon III av Frankrike 20. april 1808
9. januar 1873
Son av Louis Bonaparte og Hortense de Beauharnais
20. desember 1848 2. desember 1852

Det andre franske keisardømet[endre | endre wikiteksten]

Namn Bilde Levetid Tiltredde Fråtredde
Napoleon III av Frankrike
Ektefellen Eugénie de Montijo fungerte tidvis som regent/medregent
20. april 1808
9. januar 1873
2. desember 1852 4. september 1870 1

1 Fange i Preussen frå 2. september 1870

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hugo Capet fra SNL SNL oppgir fødselsåret til 940 og dødsår til 996
  2. Hugo Capet fra Nordisk Familjebok Nordisk Familjebok oppgir at Hugo Capet ble født rundt 938 og døde 24. oktober 996
  3. Ludvig 6 den tykke fra SNL Store norske leksikon oppgir ca. 1081 som fødselsår
  4. Ludvig VI den tjocke fra Nordisk Familjebok Nordisk Familjebok oppgir 1078 som fødselsår
  5. Ludvig VI den tjocke fra Nordisk Familjebok
  6. Ludvig VII fra Nordisk Familjebok Nordisk Familjebok oppgir 18. september som dødsdato
  7. Ludvig 7. fra SNL
  8. Ludvig 8. fra SNL SNL oppgir hele år for fødsels-og dødstidspunkt
  9. Ludvig VIII fra Nordisk Familjebok Nordisk Familjebok oppgir 5. september som fødselsdato og 8. november som dødsdato
  10. Ludvig 9. fra SNL SNL oppgir hele år for fødsels-og dødstidspunkt; oppgir året 1214 som fødselsår
  11. Ludvig IX fra Nordisk Familjebok Nordisk Familjebok oppgir at Ludvig IX ble født 25. april 1215 i Poissy og døde 25. august 1270 i Tunis
  12. Ludvig 10 fra SNLSNL oppgir hele år for fødsels-og dødstidspunkt
  13. Ludvig X fra Nordisk FamiljebokNordisk Familjebok oppgir at Ludvig X ble født 4. oktober 1289 og døde 5. juni 1316
  14. Ludvig 11 fra SNL SNL oppgir hele år for fødsels-og dødstidspunkt
  15. Ludvig XI fra Nordisk Familjebok Nordisk Familjebok oppgir at Ludvig XI ble født 3. juli 1423 og døde 30. august 1483