Gienah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Epsilon Cygni
Cygnus IAU.svg
Cercle rouge 100%.svg

Plasseringa til ε Cygni (circled)
Observasjonsdata
Epoke J2000      Ekvinoks J2000
Stjernebilete Svana
Rektascensjon 20h 46m 12.68236s[1]
Deklinasjon +33° 58′ 12.9250″[1]
Tilsynelatande storleiksklasse (V)2.480[2]
Karakteristikk
SpektralklasseK0 III[3]
U−B fargeindeks+0.860[2]
B−V fargeindeks+1.030[2]
Astrometri
Radialsnøggleik (Rv)–12.41[4] km/s
Eigarørsle (μ) RA: 355.66[1] mas/år
Dek.: 330.60[1] mas/år
Parallakse (π)44.86 ± 0.12[1] mas
Avstand72,7 ± 0,2 ly
(22,29 ± 0,06 pc)
Absolutt storleiksklasse (MV)+0.78 ± 0.03[5]
Detaljar
Masse~2[6] M
Radius10.82 ± 0.14[7] R
Luminositet62 ± 3[7] L
Overflategravitasjon (log g)2.8[4] cgs
Temperatur4,710[4] K
Metallisitet [Fe/H]–0.27[4] dex
Rotasjonssnøggleik (v sin i)3.0 ± 1.0[5] km/s
Alder~1.5[6]  mrd. år
Andre namn
Gienah Cygni, 53 Cygni, BD +33°4018, FK5 780, GCTP 4959.00, Gl 806.1, HD 197989, HIP 102488, HR 7949, LHS 5358, SAO 70474.[8]
Databasereferanse
SIMBADdata

Epsilon Cygni eller Gienah (ε Cyg, ε Cygni) er ei stjerne i stjernebiletet Svana. Denne Bayernemninga er frå Johann Bayer-atlaset Uranometria frå 1603. Med ein tilsynelatande storleiksklasse på 2,48,[2] er ho lett synleg for det nakne auga om natta og er ei av dei mest lyssterke stjernene i Svana. Namnet Gienah kjem frå det arabiske ordet for «vengje». Basert på parallaksemålingar ligg Epsilon Cygni kring 73 lysår frå jorda.[1]

Epsilon Cygni er ei kjempestjerne med spektralklasse K0 III.[3] Dette indikerer at stjerna har forlate hovudserien og byrja dei siste stadia av stjerneutviklinga si. Sidan 1943 har spekteret til denne stjerna vore eit stabilt ankerpunkt som andre stjerner vert klassifisert etter.[9] Den effektive temperaturen til fotosfæren til sola er 4 710 K, som gjev Epsilon Cygni ein oransje farge som er karakteristisk for klasse K-stjerner.[10] Denne stjerna har nesten 11 gonger solradien og er kring 62 gonger så lyssterk som sola.[7]

I 1920 vart det indikert at stjerna var ei spektroskopisk dobbeltstjerne. Ho har ei optisk følgjestjerne, Epsilon Cygni B, som ikkje er fysisk knytt til Epsilon Cygni A, og ei stjerne med same eigarørsle, Epsilon Cygni C med storleiksklasse 13, som ligg 78 bogesekund unna.[11] Om den sistnemnde er knytt til Epsilon Cygni A via gravitasjonskrefter, så er det for tida 1700 AU eller meir mellom dei, og har ei omlaupstid på minst 50 000 år.[6] Radialsnøggleiksobservasjonar av Epsilon Cygni indikerer at ho kan ha ein mogeleg følgjar med ei omlaupstid på 15 år.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 van Leeuwen, Floor (November 2007), «Validation of the new Hipparkos reduction», Astronomi and Astrophysics 474 (2): 653–664, Bibcode:2007A&A...474..653V, arXiv:0708.1752v1, doi:10.1051/0004-6361:20078357 , Note: see VizieR catalogue I/311.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Oja, T. (August 1986), «UBV photometry of stars whose positions are accurately known. III», Astronomi and Astrophysics Supplement Series 65 (2): 405–409, Bibcode:1986A&AS...65..405O 
  3. 3,0 3,1 Cohen, Martin; et al. (April 1999), «Spectral Irradiance Calibration in the Infrared. X. A Self-Consistent Radiometric All-Sky Network of Absolutely Calibrated Stellar Spectra», The Astronomical Journal 117 (4): 1864–1889, Bibcode:1999AJ....117.1864C, doi:10.1086/300813 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Massarotti, Alessandro; et al. (January 2008), «Rotational and Radial Velocities for a Sample of 7,1 HIPPARCOS Giants and the Role of Binarity», The Astronomical Journal 135 (1): 209–231, Bibcode:2008AJ....135..209M, doi:10.1088/0004-6256/135/1/209 
  5. 5,0 5,1 Carney, Bruce W.; et al. (March 2008), «Rotation and Macroturbulence in Metal-Poor Field Red Giant and Red Horizontal Branch Stars», The Astronomical Journal 135 (3): 892–906, Bibcode:2008AJ....135..892C, arXiv:0711.4984, doi:10.1088/0004-6256/135/3/892 
  6. 6,0 6,1 6,2 Kaler, James, «GIENAH CYGNI (Epsilon Cygni)», Stars (University of Illinois), henta 5. september 2015 
  7. 7,0 7,1 7,2 Piau, L.; et al. (February 2011), «Surface convection and red-giant radius measurements», Astronomi and Astrophysics 526: A100, Bibcode:2011A&A...526A.100P, arXiv:1010.3649, doi:10.1051/0004-6361/201014442 
  8. «LHS 5358b -- High proper-motion Star», SIMBAD (Centre de Données astronomiques de Strasbourg), henta 5. september 2015 
  9. Garrison, R. F. (desember 1993), «Anchor Points for the MK System of Spectral Classification», Bulletin of the American Astronomical Society 25: 1319, Bibcode:1993AAS...183.1710G, henta 5. september 2015 
  10. «The Colour of Stars», Australia Telescope, Outreach and Education (Commonwealth Scientific and Industrial Research Organisation), desember 21, 2004, henta 5. september 2015 
  11. 11,0 11,1 McMillan, R. S.; Smith, P. H.; Moore, T. L.; Perry, M. L. (desember 1992), «Variation of the radial velocity of Epsilon Cygni A», Publications of the Astronomical Society of the Pacific 104 (682): 1173–1176, Bibcode:1992PASP..104.1173M, doi:10.1086/133105