Deneb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Deneb
Cygnus constellation map.png
Svana, stjernebiletet in which Deneb ligg.
Observasjonsdata
Epoke J2000      Ekvinoks J2000
Stjernebilete Svana
Rektascensjon 20h 41m 25.9s
Deklinasjon +45° 16′ 49″
Tilsynelatande storleiksklasse (V) 1.25
Karakteristikk
Spektralklasse A2 Ia[1]
U−B fargeindeks −0.24
B−V fargeindeks +0.09
Variabel type Alfa Cyg
Astrometri
Radialsnøggleik (Rv) −4.5 km/s
Eigarørsle (μ) RA: 1.99[2][3] mas/år
Dek.: 1.95[2][3] mas/år
Parallakse (π) 2.29 ± 0.32[2][3] mas
Avstand 802 + 66[4] pc
Absolutt storleiksklasse (MV) −8.38[4]
Detaljar
Masse 19 ± 4[4] M
Radius 203 ± 17[4] R
Luminositet 196 000 ± 32 000[4] L
Overflategravitasjon (log g) 1.10 ± 0.05[4] cgs
Temperatur 8,525 ± 75[4] K
Rotasjonssnøggleik (v sin i) 20 ± 2[4] km/s
Andre namn
α Cygni, Alfa Cyg, 50 Cyg, Arided, Aridif, Gallina, Arrioph, HR 7924, BD +44°3541, HD 197345, SAO 49941, FK5: 7,7, HIP 102098.

Deneb (α Cyg, α Cygni, Alfa Cygni) er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Svana og ein av komponentane i Sommartreknanten. Ho er den 19. mest lyssterke stjerna på nattehimmelen, med ein tilsynelatande storleiksklasse på 1.25. Deneb er ei blåkvit superkjempe og ein av dei mest lyssterke, nærliggande stjernene. Den nøyaktige avstanden (og derfor luminositeten) har vore vanaskeleg å rekne ut, så han kan ligge ein stad mellom 54 000 og 196 000 gonger så lyssterk som sola.

Andre namn på stjerna har vore Arided og Aridif, men desse er ikkje lenger i bruk.

Sommartrekanten[endre | endre wikiteksten]

Deneb ligg i toppunktet til ein vid asterisme kalla Sommartreknanten, i lag med Vega i stjernebiletet Lyra og Altair i Ørna.[5] Denne formasjonen dannar tilnærma ein rettvinkla trekant, der Deneb ligg i ein av dei spisse vinklane. Sommartrekanten er godt synleg på nordhimmelen sidan det er få andre lyssterke stjerner i nærleiken.[6]

Fysiske eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Deneb er plassert øvst i midten på Hertzsprung-Russell-diagrammet.

Den absolutte storleiksklassen til Deneb er for tida estimert til −8,4, som gjer ho til ei av dei mest lyssterke stjernene ein kjenner til, med ein estimert luminositet som kan vere 200 000 gonger sola sin.[4] Dette er i det øvre sjiktet av forskjellige publiserte verdiar i løpet av dei siste tiåra.[7][8][9]

Den nøyaktige avstanden frå Deneb til jorda er framleis uviss. Den noverande, aksepterte avstanden er kring 2 600 lysår (og dei tilhøyrande fysiske data som står i stjerneboksen) og kjem frå forskjellige målemetodar, inkludert luminositetsklasse, atmosfærisk modellering, modellar for stjerneutvikling og at ein trur ho høyrer til samlinga Cyg OB7, og direkte målingar av vinkeldiameter.

Sjølv dei lågaste estimata for avstand og luminositet vert Deneb den mest lyssterke og fjerntliggande stjerna av dei som har tilsynelatande storleiksklasse over 1,5, og den mest fjerntliggande (med ein faktor på nesten to) blant dei 30 mest lyssterke stjernene. Basert på temperaturen og luminositeten til stjerna, og direkte målingar av den ørsmå vinkeldiameteren (berre 0,002 bogesekund), verkar Deneb å ha ein diameter som er 100-200 gonger så stor som sola. Om Deneb låg i sentrum av solsystemet, ville ho ha strekte seg halvvegs ut i banen til jorda.[10] Ho er ein av dei største kvite stjernene ein kjenner til.

Deneb er ei blåkvit stjerne med spektralklasse A2Ia, og ein overflatetemperatur på 8 500 Kelvin. Sidan 1943 har spektrumet tent som eit stabilt ankerpunkt som ein har klassifisiert andre stjerner mot.[1] Ho er prototypen på en klasse variable stjerner kalla Alfa Cygni-variable. På overflata skjer det ikkje-radiale svingingar som fører til at lysstyrken og spektralklassen endrar seg noko.

Massen til Deneb er estimert til 20 solmassar.[10][11] Som ei blåkvit superkjempe tyder den høge masse og temperaturen til at ho vil ha ei kort levetid og vil truleg bli ein supernova om nokre få millionar år. Ho har alt slutta å fusjonere hydrogen i kjernen. Ho var truleg ei klasse O-stjerne medan ho var i hovudserien og går no truleg mot å bli ei raud superkjempe. Etter kvart som ho utvidar seg vil ho gå gjennom spektralklassane F, G, K og M.[4]

Solvinden til Deneb gjer at ho tapar masse tilsvarande 8×10-7 M kvart år, eller hundre tusen gonger raskare enn sola.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Garrison, R. F. (1993). «Anchor Points for the MK System of Spectral Classification». Bulletin of the American Astronomical Society 25: 1319. Bibcode:1993AAS...183.1710G. Henta 5. september 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Perryman, M. A. C.; et al. (1997). «The Hipparcos Catalogue». Astronomy and Astrophysics 323: L49–L52. Bibcode:1997A&A...323L..49P. 
  3. 3,0 3,1 3,2 van Leeuwen, F. (2007). «Validation of the new Hipparcos reduction». Astronomy and Astrophysics 474 (2): 653–664. Bibcode:2007A&A...474..653V. arXiv:0708.1752. doi:10.1051/0004-6361:20078357. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 4,9 Schiller, F.; Przybilla, N. (2008). «Quantitative spectroscopy of Deneb». Astronomy & Astrophysics 479 (3): 849–858. Bibcode:2008A&A...479..849S. arXiv:0712.0040. doi:10.1051/0004-6361:20078590. Earlier data had yielded a luminositet of 54 000L with a radius of 108R 
  5. Pasachoff, J. M. (2000). A Field Guide to Stars and Planets (4th utg.). Houghton Mifflin. ISBN 0-395-93431-1. 
  6. Upgren, A. R. (1998). Night Has a Thousand Eyes: A Naked-Eye Guide to the Sky, Its Science, and Lore. Basic Books. ISBN 0-306-45790-3. 
  7. van de Kamp, P. (1953). «The Twenty Brightest Stars». Publications of the Astronomical Society of the Pacific 65: 30. Bibcode:1953PASP...65...30V. doi:10.1086/126523. 
  8. Lamers, H. J. G. L. M.; Stalio, R.; Kondo, Y. (1978). «A study of mass loss from the mid-ultrafiolett spectrum of α Cygni (A2 Ia), β Orionis (B8 Ia), and η Leonis (A0 Ib)». The Astrophysical Journal 223: 207. Bibcode:1978ApJ...223..207L. doi:10.1086/156252. 
  9. Lucy, L. B. (1976). «An analysis of the variable radial velocity of alpha Cygni». The Astrophysical Journal 206: 499. Bibcode:1976ApJ...206..499L. doi:10.1086/154405. 
  10. 10,0 10,1 10,2 Deneb by Jim Kaler at astro.uiuc.edu
  11. Deneb at domeofthesky.com

Koordinatar: Sky map 20h 41m 25.9s, +45° 16′ 49″