Gilbert Newton Lewis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gilbert Newton Lewis (23. oktober 187523. mars 1946) var ein namngjeten forskar innan fysikalsk kjemi.

Tidleg livsløp[endre | endre wikiteksten]

Lewis vart fødd 23. oktober 1875 i Weymouth i delstaten Massachusetts, USA, og var son av ein advokat og meklar utdanna ved Dartmouth College. Han var ein oppvakt gut og lærte å lesa allereie i treårsalderen.

Familien hans flytta til Lincoln i Nebraska då han var 9. Han fekk heimeundervisning fram til fylte 9 år og gjekk så i offentleg skule får han var 9 til han var 14 før han starta ved universitetet i Nebraska. Tre år seinare gjekk han over til Harvard University der han først interesserte seg for økonomi, og seinare fordjupa han seg i kjemi. I 1896 vart han Bachelor of Arts og i 1899 tok han doktorgraden i filosofi. Det første verket han fekk publisert kom ut i 1898 og var ein studie av termokjemiske og elektrokjemiske eigenskapar for amalgam, basert på doktoravhandlinga hans.

Yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

Etter at han tok doktorgraden, arbeidde Lewis i om lag eitt år som instruktør før han gjennom eit utvekslingsprogram starta å studere fysikalsk kjemi under Wilhelm Ostwald i Leipzig og Walter Nernst i Göttingen. Etter dette reiste han attende til Harvard og arbeidde som instruktør i tre nye år. I 1904 forlet han universitetet til fordel for ei stilling som avdelingsleiar for mål og vekt ved det filipinske forskingsbyrået i Manila. Året etter reiste han heim til Massachusetts då Massachusetts Institute of Technology (MIT) i Cambridge tilsette han i ei forskarstilling der han fekk høve til å delta i ei gruppe med ekspertar innan fysiskalsk kjemi under leiing av Arthur Amos Noyes. Han steig raskt i gradane og vart først universitetslektor i 1907, deretter dosent i 1908 og fekk fullt professorat i 1911. Han forlèt MIT i 1912 for å ta over som dekan og professor i fysikalsk kjemi på Berkeley College of Chemistry ved Universitetet i California.

I 1908 publiserte han den første i ei rekke avhandlingar om relativitet, der han mellom anna definerte tilhøvet mellom masse og energi på ein annan måte enn Albert Einstein.

21. juni 1912 gifta han seg med Mary Hinckley Sheldon, dottar av ein Harvard-professor innan Romanske språk. Dei fekk ei dotter, og to søner som båe vart professorar i kjemi.

I 1913 vart han vald inn i National Academy of Sciences, men trekte seg derifrå i 1934 etter ein intern krangel om institusjonen sin politikk.

I 1916 formulera han ideen om at kovalente sambindingar inneheldt eit delt elektronpar og definerte i samband med dette omgrepa bindande- og ikkje bindande elektronpar. Teoriane hans om kjemiske sambindingar vart vidareutvikla av Irvin Langmuir og tente òg som inspirasjon for Linus Pauling sine studium av slike. Notasjonssystemet for elektron sin valens, blir til dagleg kalla Lewis-notasjon

I 1919 fann han gjennom studiar av magnetiske eigenskapar for oksygen løyst i flytande nitrogen at det vart forma O4-molekyl. Dette var første gong tetraoksid vart påvist.

I 1923 utarbeida han elektronparteorien for syre-base reaksjonar. Ifølge Lewis sin syre-base-teori er ei Lewis-syre ein elektronparakseptor og ein Lewis-base ein elektronpardonor.

På bakgrunn av Willard Gibbs sitt arbeide vart kjend at kjemiske reaksjonar gjekk mot ei likevekt som avgjerast av den frie energien til stoffa som deltek i prosessane. Lewis brukte 25 år på å fastslå den frie energien for ulike stoff. I 1923 publiserte han saman med Merle Randall resultata av desse studia og formaliserte med dette den kjemiske termodynamikken.

I 1926 lanserte han omgrepet foton for å skildre den minste eininga i strålingsenergi.

Lewis var den første til å framstille reint deuteriumoksid (tungtvatn) i 1933. Ved å akselerera deuteron (deuteriumkjernar) i Ernest Lawrence sin syklotron, kunne han studere mange av eigenskapane til atomkjernane.

I løpet av dei siste åra han levde, fastslo Lewis at fosforisering av organiske molekyl kan nå eit eksitert triplettstadium der elektron som normalt er para med motsette spinn, i staden blir eksiterte slik at spinnaksane ligg i same retning. Han tok òg målingar av dei magnetiske eigenskapane for denne triplett-tilstanden.

I løpet av karrieren publiserte han materiale innanfor mange andre emne enn dei som er nemnde her, frå tema som eigenskapar ved lysmengde til økonomiske sider ved prisstabilisering.

Han døydde 23. mars 1946, 70 år gamal, av hjarteinfarkt medan han arbeidde i laboratoriet sitt ved Berkeley.