Gjerki Haukeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gangaren Gjerki Haukeland eller Gjartrud Haukeland, er ein kjend slått i 6/8-takt, som er spela i mange variantar frå Voss og til Valdres. Slåtten er for det meste spela på nedstilt bass. Det finst ein solid tradisjon knytt til slåtten, som fortel at slåtten skal vera dikta av Øystein Lurås, bror av spelemannen Knut Lurås. Gjerki Haukeland er namnet på ei jente Øystein var glad i, men ikkje fekk. Etter Rikard Berge er det Øystein som har laga slåtten. ”Den er fager, himilblå i fargen, grøteleg, men med utløysing i kjensla” (Berge). Myllarguten skal ha nytta slåtten då han spela på Den nationale scene i 1850. Det er heller sannsynleg at Knut Lurås har lært taka til slåtten hjå Nils Rekve, og at Øystein eller Knut har prega han og bygd han om.

Slåtten er mest kjend i tradisjon etter luråsane. Det finst ulike stev til mest alle taka i han. Elles er slåtten kalla Langedragen, Luråsen, og Sindroen (i Numedal). Namnet Langedragen peikar mot at Øystein Langedrag og har nytta slåtten. Taka i slåtten er tolleg gamle både i Telemark og på Voss.

Bakgrunnssegn[endre | endre wikiteksten]

Gjerki Haukeland kom frå garden Haukeland utanfor Bergen, ikkje langt frå staden Haukeland Sjukehus ligg i dag. Segna fortel at Øystein Lurås var trulova med Gjerki, men laut attende til Tinn etter attestar. Då han kom att, heldt Gjerki bryllaup med ein annan kar. Øystein bad så bror sin, Knut, om å ta fela, og baud opp brura til dans. Medan dei dansa, tok han om livet på henne og spratt av det sylvbeltet han hadde gjeve ho. Han tok beltet og gjorde eit kast under mønsåsen (denne var på om lag seks alner).

I ein annan variant skal Øystein sjølv ha vore brudgommen i laget.

Stev[endre | endre wikiteksten]

A:

No er Åsta mi dau, sa Bellåkern.
”Eg la ho på ein krakk på låven” (tralling).

B:

Å, ein golo gut hev eg valt meg ut
om han ikkje eig meir enn ein torkoklut;
Men ein svarto kar eg slett inkje tar
um han baud seg både med hus og gard. (Golo = Gulblond).

C:

Å so spela han Øystein Luråsen.
Og so dansa ho Gjerki Haukeland.

I høve eit kvedarseminarRauland i 1973 vart det registrert endå fleire stev og stevvariantar til tak i denne slåtten.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

I Hardingfeleverket har slåttekrinsen nr 111/122.

Supplementsformer: