Thomas von Westen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas von Westen
Thomas von Westen.jpg
Fødd 13. september 1682
Trondheim
Død

9. april 1727
Trondheim

Yrke prest, misjonær
Thomas von Westen på Commons

Thomas von Westen (13. september 16829. april 1727) var norsk prest og misjonær blant samane.

Etter militærteneste byrja han i 1697 på utdanninga si i København. Frå 1709 var von Westen sokneprestVeøy i Romsdal, der han var leiar for prestelauget «7-stjerna» som utarbeidde ein strategi for å kristne samane. Etter at danskekongen etablerte Misjonskollegiet i 1714, vart Thomas von Westen utnemnd til leiar for Lapplandsmisjonen i 1716.[1] I 1716 deltok von Westen på seminar ved Katedralskolen i Trondheim for å bli lektor i samisk, og der tok han opp arbeidet med å kristne samane. For dette arbeidet fekk han tilnamnet «Samanes Apostel». I løpet av perioden 1716-1723 gjennomførte han tre større misjonsreiser nordover. von Westen etablerte i Mo i Rana både ei kyrkje og ein sameskole.

Von Westen i norsk misjonshistorie[endre | endre wikiteksten]

I norsk misjonshistorie representerer von Westen den fløya som har vore positive til bruk av samisk språk i forkynninga. Det at han døydde var såleis eit attendeslag for bruk av samisk, og det innleidde ei 25 års lang fornorskingstid, før Seminarium Lapponicum vart stifta i 1752.

Von Westen i samisk religionshistorie[endre | endre wikiteksten]

Den første generasjonen av misjonsprestar har ei svært viktig rolle i samisk religionshistorie, i og med at deira notat er dei einaste som møter den samiske religionen frå tida før han hadde komme under massiv kristen påverknad. I kristningsarbeidet sitt skreiv von Westen ned detaljerte «skriftemål» frå kristna samar, skriftemål som særleg omhandla den førkristne religionen deira. Notata gjekk tapt i Brannen i København i 1793, i lag med den samiske trommesamlinga hans. Delar av notata er likevel indirekte bevart, i og med at dei sannsynlegvis ligg til grunn for misjonshistoria til Hans Skanke, von Westens elev.

Seinare samisk religionshistorisk forsking har vore avhengig av von Westen si framstilling.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Sæter, Ivar 1926: Thomas von Westen. Finnefolkets sande ven, læreren og videnskapsmanden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]