How Many More Times

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
How Many More Times
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin
Utgjeve 12. januar 1969
Innspelt Oktober 1968
Sjanger Hardrock, bluesrock
Lengd 8:28
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) Page, Jones, Bonham
Produsent Jimmy Page

«How Many More Times» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå debutalbum Led Zeppelin. Songen er tilskriven på plateomslaget til Jimmy Page, John Paul Jones og John Bonham, med er oppført hos ASCAP som skriven av alle fire medlemmane i bandet.[1]

Albumversjonen[endre | endre wikiteksten]

Med åtte og eit halvt minutt er «How Many More Times» den lengste songen på albumet. Han består aav fleire mindre delar halde i lag av ein bolerorytme som fører stykket vidare. Mot slutten skiftar songen mellom venstre og høgre lydkanal. Element av songen liknar noko på den tidlegare instrumentalen «Beck's Bolero» av Jeff Beck, der Jimmy Page hadde spelt gitar og John Paul Jones bassgitar. Dette var ein av tre Led Zeppelin-songar der Page nytta fiolinboge på gitaren.[2].

Led Zeppelin-medlemmane Jimmy Page, John Paul Jones og John Bonham var tilskriven som låtskrivarar. Howlin' Wolf, eller Chester Burnett som er det verkeleg namnet, hadde spelt inn ein song kalla «How Many More Years» i 1951, og alle nye Led Zeppelin-utgjevingar etter 1993 har tilskriven songen til Burnett i tillegg.

Som med andre songar på debutalbumet vart ikkje Robert Plant tilskriven som låtskrivar sidan han alt var bunden til ein tidlegare platekontrakt.

Songen er oppført med lengda 3:30 på enkelte plateomsleg, sjølv om den korrekte lengda er nær fem minuttar lengre. Dette vart gjort med vilje, ford Page visste at radiostasjonar aldri ville spele ein song som var over åtte minuttar lang. Så dette var eit forsøk på å lure radiostasjonane til å spele songen.

I eit intervju han gav Guitar World i 1993 sa Page at songen bestod av «små stykke eg lagde då eg var i the Yardbirds, og det same var andre songar som «Dazed and Confused». Han vart spelt inn live i studio med stikkord og nikk.»[3]

Det er òg sagt at «Rosie»- og «Hunter»-delane av songen kom spontant kvelden då dei spelte inn songen.[2] «Hunter»-delen er omarbeidd frå «The Hunter» av Albert King med Booker T & the MGs.[4][5]

Konsertutgåver[endre | endre wikiteksten]

På dei tidlege konsertane til Led Zeppelin var «How Many More Times» ofte avslutningsnummeret til bandet. Seint i 1969 vart introen av songen utvida og bandet byrja etter kvart å innlemme andre songar til ein medley. Denne praksisen vart overført seinare til dei lange versjonane av «Whole Lotta Love». I 1970 vart «How Many More Times» fjerna frå den faste setlista til Zeppelin, men dei spelte han framleis stundom opp gjennom åra.

Page and Plant spelte songen på Walking into Clarksdale-turneen sin i 1998. Eit konsertopptak frå turneen vart gjeven ut på singelen «Shining in the Light».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «How Many More Times (Title Code: 380136049)». ASCAP. Henta 22. mars 2011. John Baldwin, John Bonham, James Patrick Page, R A Plant) 
  2. 2,0 2,1 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «Complete» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  3. Intervju med Jimmy Page, Guitar World 1993
  4. Albert King Biography musiciansguide.com
  5. John Mendelsohn Led Zeppelin I rollingstone.com Mar 15, 1969

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]