Big Jim Sullivan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Big Jim Sullivan
Fødd14. februar 1941
FødestadUxbridge i Middlesex i England
Død2. oktober 2012 (71 år)
DødsstadBillingshurst i West Sussex i England
FødenamnJames George Tomkins
OpphavStorbritannia
Aktiv1958-2012
Sjangerpop
Instrumentgitar, sitar
Verka somGitarist, arrangør

Big Jim Sullivan (fødd 14. februar 1941 som James George Tomkins, daud 2. oktober 2012)[1] var ein engelsk musikar, som starta karrieren sin i 1958.

Han er mest kjend som studiomusikar. I 1960-åra og i 1970-åra var han ein av dei mest nytta studiomusikarane i Storbritannia og spelte på kring 800 singlar som gjekk inn på UK Singles Chart i løpet av karrieren, 54 av desse nådde toppen av lista.[1][2]

Tidleg liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd James George TomkinsUxbridge Hospital i Middlesex i England, og drog til Woodfield Secondary School i Cranford i Middlesex. 14 år gammal byrja han å spele gitar, og i løpet av to år hadde han blitt profesjonell.[3]

Han kalla seg sjølv Jimmy Sullivan fordi det høyrtes liknande ut som Lonnie Donegan.

Då han var særs ung spelte han i The Clay County Boys, The Soho Skiffle Group, Johnny Duncan's Blue Grass Boys, Vince Taylor & The Playboys, Janice Peters & The Playboys og The Vince Eager Band.

Sullivan gav gitartimar til den nære naboen Ritchie Blackmore.[3]

I 1959 møtte han Marty Wilde og vart invitert med i bandet hans, the Wildcats, som var oppvarmingsnummer for fjernsynsserien Oh, Boy!, produsert av Jack Good. The Wildcats akkompagnerte Eddie Cochran og Gene Vincent på turneen deira i Storbritannia i 1960. Dette var turneen då Cochran døydde.[3] Wilde kjøpte Sullivan ein Gibson Les Paul-gitar, visstnok den første som vart spelt i Storbritannia, som han kjøpte frå Sister Rosetta Tharpe. Han spelte seinare ein kirsebærraud Gibson 345-gitar.[4]

Han vart sologitaristen i Krew Kats, og spelte i 1961 på songane «Trambone», «Samovar», «Peak Hour», «Jack's Good» og «The Bat».

Sullivan, Ritchie Blackmore og Pete Townshend, overtydde Jim Marshall om å lage betre og billigare forsterkara.[5]

Studiomusikar[endre | endre wikiteksten]

Good introduserte Sullivan til studioarbeid. Sullivan vart ein av dei mest ettertrakta gitaristane i 1960- og 1970-åra, delvis fordi han kunne spele så mange musikkstilar. Han vart ofte omtalt som «Big Jim» for å skilje han frå «Little Jim» eller Jimmy Page. Han spelte på kring 800 singlar som gjekk inn på singellista i Storbritannia, og i snitt tre innspelingar per dag. Han spelte på den første plata i Storbitannia som nytta ein wah-wah-effekt - Michael Cox sin «Sweet Little Sixteen» frå 1961 og Dave Berry sin hit «The Crying Game» frå 1964. Han spelte på den første plata i Storbritannia som nytta ein fuzzbox, som han lånte frå studiogitaristen Eric Ford, på P.J. Proby sin «Hold Me» frå 1964.

Tidleg i 1960-åra spelte han på hittar av Billy Fury, Frank Ifield, Adam Faith, Frankie Vaughan, Helen Shapiro, Johnny Hallyday, Freddie and the Dreamers, Cilla Black, Tom Jones, Shirley Bassey, Dusty Springfield og mange fleire.[3] Han spelte gitar på Alexis Korner- og Blues Incorporated-albumet R&B from the Marquee i 1962 og debutalbumet til Georgie Fame, Rhythm & Blues at the Flamingo i 1964. I tillegg til at han spelte på mange britiske album, spelte Sullivan på konsertalbumet til Bobby Darin frå 1966, Something Special, Little Richard sitt Get Down With It: The OKeh Sessions frå 1966 og Del Shannon-albumet Home and Away i 1967. Han var òg fast gitarist på Top of the Pops, Ready Steady Go! og Saturday Club.[treng kjelde]

Seinare i 1960- og 1970-åra heldt Sullivan fram å spele på mange hittar, som dei av The Walker Brothers, Donovan, David Bowie, Benny Hill, The New Seekers, Thunderclap Newman, Love Affair, Long John Baldry, Marmalade, Small Faces, The Tremeloes og Rolf Harris.[6] I 1968 spelte han på George Harrison sitt Wonderwall. Han leia og spelte på debutalbumet til Amazing Blondel i 1969, og spelte same året på albumet Sound of Sunforest, der overturen vart nytta i filmen A Clockwork Orange. I 1971 spelte han i Jean-Claude Vannier Orchestra for Serge Gainsbourg sitt Histoire de Melody Nelson, og spelte på Frank Zappa sitt 200 Motels. I 1972 laga han arrangementa for orkesterversjonen av The Who sitt Tommy i 1972.

Som sjølvstendig musikar[endre | endre wikiteksten]

I 1969 vart Sullivan med i bandet til Tom Jones og det var då Jones var i Las Vegas at han møtte og vart vener med Elvis Presley.

Han gav ut instrumentalalbumet Sullivan Plays O'Sullivan (1971) og var med i fjernsynsserien Bay City Rollers-serien Shang A Lang.

I 1960-åra lærte Sullivan å spele sitar av Vilayat Khan og gav ut to album med sitarmusikk under sitt eige namn (Sitar Beat (1967) og Lord Sitar (1968)). Han speler òg sitar på ei musikalsk tolking av Kama Sutra. Sullivan praktiserte sitar med George Harrison.

I 1974 slo Sullivan seg med plateprodusenten Derek Lawrence, og danna plateselskapet Retreat Records. Her gav han ut albumet Big Jim's Back (1975). Han fronta eit band kalla Tiger, i lag med vokalisten Nicky Moore, og gav ut tre album med dette namnet før gruppa vart oppløyst i 1976. Retreat Records produserte forskjellige artistar, som Labi Siffre, Chas & Dave og McGuinness Flint. Sullivan produserte og arrangerte Siffre sin «I Got The ..»., som vart sampla av Eminem. Lawrence og Sullivan reiste til USA i denne perioden for å produsere glam-metalbandet Angel.[4]

I 1978 vart han ein del av James Last Orchestra dei neste ni åra og turnerte òg med Olivia Newton-John etter suksessen hennar med Grease. I 1987 byrja han å skrive musikk for filmar og reklamar. Seinare turnerte Sullivan og gitaristen Doug Pruden som BJS Duo, og han spelte i Big Jim Sullivan Band med Duncan McKenzie, Malcolm Mortimore og Pete Shaw.

Kjende innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Sullivan spelte gitar på dei følgjande songane:

Førsteplassar[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 1964 - Big Jim Sullivan (Charles Blackwell and Jimmy Sullivan) - Classics With A Beat
  • 1965 - Big Jim Sullivan (Charles Blackwell and Jimmy Sullivan) - Folklore With A Beat
  • 1967 - M Kansara (aka Big Jim Sullivan) De Wolfe Records DWLP3060 - - Sounds of India
  • 1968 - Big Jim Sullivan & Barry Morgan - The Perfumed Garden
  • 1968 - Big Jim Sullivan - Sitar Beat
  • 1969 - Big Jim Sullivan - Lord Sitar
  • 1973 - Big Jim Sullivan - Sullivan Plays O'Sullivan
  • 1974 - Big Jim Sullivan - Big Jim's Back
  • 1975 - Tiger - Tiger
  • 1976 - Tiger - Goin' Down Laughing
  • 1977/1983 - Tiger - Test Of Time
  • 1992 - Jim Sullivan - Forbidden Zones - Guitar Tutoring
  • 1994 - Tiger - Test Of Time
  • 1998 - Big Jim Sullivan - Big Jim's Back/Tiger
  • 2001 - Big Jim Sullivan - Mr Rock Guitar (aka Ultimate Rock Guitar)
  • 2003 - BJS Duo - Hayley's Eyes
  • 2003 - Big Jim Sullivan - Rockin' Rebels
  • 2004 - The Big Jim Sullivan Trio - Jazz Cafe
  • 2005 - The Big Jim Sullivan Band - Live At Coolham
  • 2006 - Big Jim Sullivan - Guitar Maestros

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Prolific Session gitarist Big Jim Sullivan Dies». www.sonicstate.com. Henta 5. juni 2014. 
  2. Big Jim Sullivan obituary, London Daily Telelgraph, 5. juni 2014
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 BBC News, gitarist Big Jim Sullivan dies, 5. juni 2014. Henta 5. juni 2014
  4. 4,0 4,1 Dave Laing (5. juni 2014). «Big Jim Sullivan obituary | Music». London: The Guardian. Henta 5. juni 2014. 
  5. Jim Marshall Interview
  6. Ultimategitar.com, Session Guru Big Jim Sullivan Dead At 71. Henta 5. juni 2014
  7. Engelbert. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]