I'm Gonna Love You Too

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I'm Gonna Love You Too
Singel av Buddy Holly
B-side «Listen to Me»
Utgjeve 12. september 1957
Innspelt 1. juli 1957
Sjanger Rockabilly
Lengd 2:17
Selskap Coral
Låtskrivar(ar) Joe B. Mauldin, Niki Sullivan, Norman Petty
Produsent Norman Petty
Buddy Holly-kronologi
«Love Me»
(1958)
I'm Gonna Love You Too «Rave On»
(1958)


I'm Gonna Love You Too
Singel av Blondie
frå albumet Parallel Lines
B-side Just Go Away (US)
Fan Mail (Holland)
Utgjeve September 1978
Innspelt 1978
Sjanger Powerpop, new wave
Lengd 2:03
Selskap Chrysalis (US)
Låtskrivar(ar) Joe B. Mauldin
Niki Sullivan
Norman Petty
Produsent Mike Chapman
Blondie-kronologi
«Picture This»
(1978)
I'm Gonna Love You Too «Hanging on the Telephone»
(1978)


«I'm Gonna Love You Too» er ein song skriven av Joe B. Mauldin, Niki Sullivan og Norman Petty, og opphavleg spelt inn av Buddy Holly i 1957.[1] Han vart spelt inn 20 år seinare av det amerikanske new wave-bandet Blondie og gjeven ut som den første singelen deira i USA frå albumet Parallel Lines i 1978.[2]

Songhistorie[endre | endre wikiteksten]

Kven som skreiv songen er noko omstridd. Jerry Allison har sagt at det i røynda var Buddy Holly som skreiv songen. William Ruhlmann[3] skreiv:

Songen er goskriven Joe B. Mauldin, bassisten til Holly; Norman Petty, produsenten hans; og Nikki Sullivan, som stundom spelte rytmegitarist (og som ikkje er med på innspelinga). Det har lenge vore spørsmål om kven som skreiv dei originale songane Holly spelte inn, og Jerry Allison, trommeslagaren hans, har fortalt at «I'm Gonna Love You Too» i røynda hovudsakleg vart skriven av Holly, medan Allison skreiv mellomspelet. Songen har dei same karakteristikkane som «That'll Be the Day», som òg er skriven av Holly. Det er ein annan livleg song med ein fengande melodi og skrytande tekst som berre er tynt dekkjer til hjartesorg.

Av dei tre som er blitt godskrivne som låtskrivarar spelte Mauldin og Sullivan i bandet til Holly, The Crickets, medan Petty var den første manageren og produsenten til Holly.

Holly tok med songen på det andre albumet hans, Buddy Holly.[4] Han vart gjeven ut på singel på Coral Records, men gjekk ikkje inn på Billboard Hot 100.

Blondie-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Den største hitten frå det førre albumet til Blondie, Plastic Letters, var «Denis», ein cover av Randy & the Rainbows sin «Denise» frå 1963, så Chrysalis Records valte «I'm Gonna Love You Too» som den første singelen frå Parallel Lines i USA. Dette viste seg å vere eit dårleg val, sidan singelen ikkje gjekk inn på salslista i USA, i motsetnad til dei neste singlane frå albumet, nemleg «Hanging on the Telephone», «Heart of Glass» og «One Way or Another». I Nederland nådde singelen derimot sjetteplassen.[5] Songen vart sidan gjeven ut på singel i nokre andre land seint i 1979 som den femte eller sjette singelen frå Parallel Lines, etter andre songar var ferdig på salslistene.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

US 7" (CHS 2251)
  1. «I'm Gonna Love You Too» (Joe B. Mauldin, Norman Petty, Niki Sullivan) – 2:03
  2. «Just Go Away» (Debbie Harry) – 3:21
Nederland 7" (15729)
  1. «I'm Gonna Love You Too» (Joe B. Mauldin, Norman Petty, Niki Sullivan) – 2:03
  2. «Fan Mail» (Jimmy Destri) – 2:35

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Belgia[6] 3
Nederland 6
Finland 20

Andre versjon[endre | endre wikiteksten]

Adam Faith inkluderte songen på eit album med sitt eige namn i 1961.[7]

Songen vart spelt av The Hullaballoos i 1964 i ein versjon som nådde 56. plassen på salslista i USA.[8]

Jimmy Gilmer frå The Fireballs spelte songen i 1965 på albumet Buddy's Buddy: Buddy Holly Songs by Jimmy Gilmer.[9]

Eit konsertopptak av 13th Floor Elevators vart gjeve ut som bonusspor i 2005 på The Psychedelic Sounds of the 13th Floor Elevators frå 1966.[10]

Terry Jacks spelte òg songen i 1974 på albumet Seasons in the Sun,[11] og gav han ut på singel. Singelen gjekk ikkje inn på lista i USA, men nådde sjuandeplassen i Canada.

I 2007 vart ein heimevideo av Paul McCartney som syng ein akustisk versjon av songen sett inn på kronologimenyen til den første plata av DVD-en The McCartney Years.

Denny Laine, gitarist i Wings og The Moody Blues, spelte songen på hyllestalbumet sitt Holly Days (1977), produsert av Paul McCartney.[12][13]

I 2012 spelte Jenny O. songen på hyllestalbumet Rave on Buddy Holly.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Buddy Holly - The Complete Works - 1957-2». Buddyholly.pagesperso-orange.fr. Henta 10. februar 2018. 
  2. William Ruhlmann. «Parallel Lines - Blondie | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 10. februar 2018. 
  3. «I'm Gonna Love You Too - Buddy Holly | Song Info». AllMusic. Henta 10. februar 2018. 
  4. William Ruhlmann (20. februar 1958). «Buddy Holly - Buddy Holly | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 10. februar 2018. 
  5. «Dutch Charts > Blondie». Stichting Nederlandse Top 40. Henta 11. februar 2018. 
  6. «Discografie Blondie». ultratop.be. Hung Medien. Henta 11. februar 2018. 
  7. «Adam Faith - Adam Faith (Vinyl, LP) at Discogs». Discogs. Henta 11. februar 2018. 
  8. Richie Unterberger. «The Hullaballoos | Awards». AllMusic. Henta 10. februar 2018. 
  9. «Jimmy Gilmer - Buddy's Buddy (Buddy Holly Songs By Jimmy Gilmer) (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs. Henta 11. februar 2018. 
  10. «The Psychedelic Sounds of the 13th Floor Elevators [UK Bonus Tracks] - The 13th Floor Elevators | Release Info». AllMusic. 25. januar 2005. Henta 10. februar 2018. 
  11. «Seasons in the Sun - Terry Jacks | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 10. februar 2018. 
  12. Dave Thompson. «Holly Days - Denny Laine | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 10. februar 2018. 
  13. «Holly Days - Denny Laine | Credits». AllMusic. Henta 10. februar 2018. 
  14. Stephen Thomas Erlewine (28. juni 2011). «Rave on Buddy Holly - Various Artists | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 10. februar 2018.