It's So Easy av Buddy Holly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
It's So Easy!
Singel av The Crickets
B-side «Lonesome Tears»
Utgjeve 1958
Innspelt Juni-august 1958, Clovis i New Mexico
Sjanger Rock and roll
Selskap Brunswick
Låtskrivar(ar) Buddy Holly, Norman Petty
Produsent Norman Petty
The Crickets-kronologi
«Think It Over»
(1958)
It's So Easy! «Love's Made a Fool of You»
(1959)


«It's So Easy!» er ein rock-and-roll-song skriven av Buddy Holly og Norman Petty. Han vart gjeven ut på singel i 1958 av The Crickets, men han selde dårleg. Det var den siste utgjevinga til The Crickets, medan Holly framleis var i bandet.

Ein versjon av songen av Linda Ronstadt i 1977 gjekk inn på topp 5 på Billboard Hot 100-lista.

The Crickets-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn av Holly og The Crickets mellom juni og august 1959 i studioet til Norman Petty i Clovis i New Mexico.

Holly mima til innspelinga av «It's So Easy!» og songen «Heartbeat» på fjernsynsprogrammet American Bandstand den 28. oktober 1958.

The Crickets spelte inn «It's So Easy!» for Brunswick Records, som gav han ut på singel i 1958. Singelen selde dårleg. B-sida var «Lonesome Tears». Tommy Allsup spelte sologitar på begge songane.

Linda Ronstadt-versjonen[endre | endre wikiteksten]

It's So Easy
Singel av Linda Ronstadt
frå albumet Simple Dreams
B-side «Lo Siento Mi Vida»
Utgjeve 20. september 1977
Sjanger Rock
Lengd 2:27
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar)
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi
«Blue Bayou»
(1977)
It's So Easy «Poor Poor Pitiful Me»
(1978)


Linda Ronstadt spelte inn «It's So Easy» i 1977 for albumet Simple Dreams, produsert av Peter Asher. Innspelinga hennar vart gjeven ut på singel av Asylum Records på hausten det året. Singelen gjekk heilt til topp 5 på Billboard-lista, samstundes med innspelinga hennar av «Blue Bayou». Singelen nådde òg niandeplassen i Canada og 11. plassen i Storbritannia.[1][2] Ronstadt sin versjon vart nytta i filmen Brokeback Mountain frå 2005.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekelister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977–78) Plassering
Belgia[3] 4
Canada 9
Danmark[4] 6
Tyskland[5] 47
Nederland 13
New Zealand[6] 11
Sveits [7] 6
UK 11
U.S. Billboard Hot 100[8] 5
U.S. Billboard Adult Contemporary 37
U.S. Billboard Country 81

Årsliste[endre | endre wikiteksten]

Chart (1977) Rank
Canada [9] 107
Liste (1978) Plassering
Canada [10] 178
Sveits [11] 26
U.S. Billboard Hot 100[12] 90

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Ein norsk versjon vart skriven av Eldar Vågan og spelt inn av Vazelina Bilopphøggers i 1987. Den norske tittelen var «Drink med is i (på Fornebu)».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]