Heartbeat av Buddy Holly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Heartbeat
Singel av Buddy Holly
B-side «Well ... All Right»
Utgjeve 5. november 1958
Innspelt August 1958
Sjanger Rock and roll, poprock
Lengd 2:11
Selskap Coral Records
Låtskrivar(ar) Bob Montgomery, Norman Petty
Produsent Norman Petty
Buddy Holly-kronologi
«Early in the Morning»
(1958)
Heartbeat «It Doesn't Matter Anymore»"
(1958)


«Heartbeat» er ein rockabillysong skriven av Bob Montgomery og Norman Petty og opphavleg spelt inn av Buddy Holly i 1958. B-sida til singelen var «Well... All Right».

«Heartbeat» var den siste singelen som kom ut medan Holly levde. Det vart ein mindre hit i USA og nådde 82. plassen på Billboard Hot 100. Singelen vart meir populær i Storbritannia og nådde 30. plassen på lista der i januar 1959 og igjen då han kom ut i april 1960.[1] I tida mellom dei to gongane singelen gjekk inn på den britiske singellista, nådde ein versjon av The England Sisters (katalognummer HMV POP 710) 33. plassen i Storbritannia.[2][3]

«Heartbeat» gjekk sidan inn på topp 10 i Storbritannia to gonger. Den første gongen var i 1975 for Showaddywaddy, med ein sjuandeplass i september det året, og igjen i 1992 då ein versjon Nick Berry spelte inn som kjenningsmelodi til fjernsynsserien Heartbeat (på norsk Med hjartet på rette staden) nådde andreplassen i juni det året.[1]

Tommy Allsup spelte sologitar på denne innspelinga.

Andre versjonar av «Heartbeat»[endre | endre wikiteksten]

Versjonar av «Heartbeat» har vore gjeve ut på album av:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records. s. 255. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records. s. 138. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. «The Dale Sisters Discography – UK». 45cat. Henta 2014-01-30. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]