Love Me av Buddy Holly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Love Me
Singel av Buddy Holly
B-side

«Blue Days - Black Nights»

Utgjeve 16. april 1956
Innspelt 26. januar 1956
Bradley's Barn, Nashville
Sjanger Rockabilly
Lengd 2:05
Selskap DECCA 9-29854
Låtskrivar(ar) Buddy Holly - Sue Parrish[1]
Produsent Owen Bradley
Buddy Holly-kronologi 
Love Me «Modern Don Juan»
(1956)


Love Me er debutsingelen til Buddy Holly. Det kom ut 16. april 1956 på Decca med B-sida «Blue Days - Black Nights». Songane på singelen vart spelte in under den første innspelinga til Holly i Bradley's Barn i Nashville. På grunn av kunstnarisk usemje, høyrdest songen meir country ut enn Holly likte, og med mangel på marknadsføring, var singelen mislukka.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Decca uttrykte interesse i Buddy Holly etter å ha sett gruppa hans, Buddy and Bob, med Bob Montgomery på gitar og Larry Welborn på bass. Holly fekk kontrakt med håp om å spele rock and roll. Montgomery vart avvist av Decca fordi røysta hans vart rekna som «for country», og Welborn kunne ikkje reise på grunn av skulen. Holly sette saman eit nytt band med Sonny Curtis på gitar og Don Guess på bass for innspelinga i Bradley's Barn.

Gruppa spelte inn «Love Me», skriven av Holly og Sue Parrish frå Lubbock, «Don't Come Back Knockin'», «Blue Days - Black Nights», skriven av Ben Hall, ein annan kar frå Lubbock, og «Midnight Shift». Innspelinga fann stad mellom kl. 19 og 22 den 26. januar 1956. Bandet fekk med seg studiomusikarane Doug Kirkham og Grady Martin.[2]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Singelen vart gjeven ut 16. april 1956. På grunn av ei feilstaving på platekontrakten til Holy vart namnet hans endra frå Holley til Holly. Denne utgjevinga var den første som brukte denne stavinga, som Holly brukte resten av karrieren.[3] Platesjefane var ikkje nøgde med resultatet, men singelen fekk positiv melding i magasinet Billboard, og klarte å selje opp mot 19 000 eksemplar.[4] Singelen vart følgd opp av «Modern Don Juan» med «You Are My One Desire» den 24. desember 1956.

Trass i at Decca skrinla Holly tidleg i karrieren, utnytta selskapet suksessen musikaren fekk med The Crickets og seinare som soloartist i 1957. «Love Me» vart gjeven ut på ny 7. januar 1958, denne gongen med B-sida «You Are My One Desire», men gjekk ikkje inn på salslista no heller. «Love Me» og andre songar frå Nashville-innspelingane var med på albumet That'll Be The Day, som kom ut i april 1958.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.45cat.com/record/29854
  2. «Archived copy». Arkivert frå originalen 12. desember 2015. Henta 11. februar 2018. 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 17. januar 2018, henta 11. februar 2018 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 2. februar 2017, henta 11. februar 2018 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]