That'll Be the Day

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
That'll Be the Day
Singel av The Crickets
frå albumet The "Chirping" Crickets
B-side

«I'm Looking for Someone to Love»

Utgjeve Mai 1957[1]
Innspelt 25. februar 1957, Norman Petty Recording Studio, Clovis i New Mexico
Sjanger
Lengd 2:16
Selskap Brunswick, Coral Records
Komponist Buddy Holly
Låtskrivar(ar) Jerry Allison, Buddy Holly, Norman Petty
Produsent Norman Petty[2]
The Crickets-kronologi 
That'll Be the Day «Oh, Boy!»
(1957)


«That'll Be the Day» er ein song skriven av Buddy Holly og Jerry Allison. Han vart først spelt in av Buddy Holly and The Three Tunes i 1956 og vart så spelt inn på nytt i 1957 av Holly og det nye bandet hans, The Crickets. 1957-innspelinga vart ein stor suksess. Produsenten til Holly, Norman Petty, vart oppført som medlåtskrivar på songen, men medverka ikkje på innspelinga.[3]

Mange andre versjonar av songen er blitt spelt inn. Det var den første songen The Quarrymen, skiffle-gruppa som utvikla seg til The Beatles, spelte inn på ei demoplate.[4]

1957-utgåva av songen selde til gullplate i USA for over ein million selde singlar i 1969. I 1998 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame og er sidan 2005 ein del av arkivet National Recording Registry, ei liste lydinnspelingar som er «kulturelt, historisk eller estetisk viktige , og/eller informerer eller reflekterer livet i USA».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I juni 1956 gjekk Holly, Allison og Sonny Curtis på kino for å sjå filmen The Searchers, med John Wayne, der Wayne stadig brukte uttrykket «that'll be the day». Denne linja inspirerte dei unge musikarane.

Buddy Holly and The Three Tunes-versjonen[endre | endre wikiteksten]

That'll Be the Day
av Buddy Holly and The Three Tunes
frå albumet That'll Be the Day
B-side

«Rock Around with Ollie Vee»

Utgjeve 2. september 1957
Innspelt 22. juli 1956
Bradley's Barn, Nashville i Tennessee
Sjanger Rockabilly, country
Selskap Decca D30434[5]
Komponist Buddy Holly
Låtskrivar(ar) Jerry Allison, Buddy Holly, Norman Petty
Produsent Owen Bradley
Buddy Holly-kronologi 
«Words of Love»
(1957)
That'll Be the Day «Peggy Sue»
(1957)


Songen vart først spelt inn av Buddy Holly and The Three Tunes for Decca Records i Bradley’s Barn i Nashville, den 22. juli 1956. Decca, som var misnøgd med dei to førre singlane til Holly, gav ikkje ut innspelingar frå denne dagen. Etter at songen vart spelt inn på ny med The Crickets i 1957 og vart ein hit, gav Decca ut originalinnspelinga på singel den 2. september 1957, med «Rock Around with Ollie Vee» som B-side. Han var òg tittelsporet på albumet That'll Be the Day frå 1958.[6] Trass i at Holly nyleg var blitt ei stjerne, gjekk ikkje singelen inn på listene.

The Crickets-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Holly sin kontrakt med Decca hindra han å spele inn på ny nokre av songane han spelte inn i Nashville i 1956 dei nete fem åra, sjølv om Decca aldri gav dei ut. For å kome eg rundt problemet, sette produsenten Norman Petty The Crickets som artist på nyinnspelinga av «That'll Be the Day» for Brunswick Records.[1][2] Ironisk nok var Brunswick eit selskap under Decca. Då dette vart kjend, signerte Decca Holly til ein av sine andre etikettar, Coral Records, så han enda opp med to platekontraktar. Innspelingane med The Crickets vart gjevne ut av Brunswick og soloinnspelingane var på Coral.

Den andre innspelinga av songen vart gjort 25. februar 1957, sju månader etter den førte, i studioet til Norman Petty i Clovis i New Mexico, og gjeven ut på singel på Brunswick den 27. mai 1957.[1] Denne versjonen finst på debutalbumet til The Crickets, The "Chirping" Crickets, som kom ut 27. november 1957.

Brunswick-innspelinga av «That'll Be the Day» vert rekna som ein rock and roll-klassikar. Han vart rangert på 39. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[7]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Brunswick-singelen gjekk til topps på Billboard si «Best Sellers in Stores»-liste i 1957. Han nådde andreplassen på R&B-lista.[8] Songen gjekk til topps på UK Singles Chart i november 1957 og låg på toppen i tre veker.[9]

Den 20. desember 1969 hadde singelen selt til gullplate i USA.[10]

Den 20. september 1986 gjekk songen igjen inn på UK Singles Chart på ein 85. plass.[11]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

25. februar 1957, Norman Petty Recording Studio

  • Buddy Holly – sologitar og vokal
  • Larry Welborn – bass
  • Jerry Allison – trommer
  • Niki Sullivan – korvokal
  • June Clark – korvokal
  • Gary Tollett – korvokal
  • Ramona Tollett – korvokal

22. juli 1956, låven til Owen Bradley, Nashville[6]

  • Buddy Holly – vokal, gitar
  • Sonny Curtis – gitar
  • Don Guess – bass
  • Jerry Allison – trommer

Linda Ronstadt-versjonen[endre | endre wikiteksten]

That'll Be the Day
Singel av Linda Ronstadt
frå albumet Hasten Down the Wind
B-side

«Crazy»

Innspelt 1976
Sjanger Pop, countryrock
Lengd 2:32
Selskap Asylum
Komponist Buddy Holly
Låtskrivar(ar) Jerry Allison, Buddy Holly, Norman Petty
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi 
«Tracks of My Tears»
(1975)
That'll Be the Day «Someone to Lay Down Beside Me»
(1977)


Linda Ronstadt spelte inn «That'll Be the Day» i 1976 for det storseljande albumet hennar Hasten Down the Wind, produsert av Peter Asher og gjeven ut på Asylum Records. Versjonen hennar nådde 11. plassen på både den amerikanske Billboard Hot 100 og Cash Box Top 100, og 27. plassen på countrylista til Billboard. I Canada nådde versjonen hennar andreplassen på singellista og var den 35. største hitten i 1976. Versjonen gjekk òg inn på adult contemporary-listene i USA og Canada. Innspelinga finst òg på albumet Linda Ronstadt's Greatest Hits (1976) og hyllestalbumet Listen to Me: Buddy Holly frå 2011.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister (1976-77) Plassering
Canadian RPM Top Singles 2
Canadian RPM Adult Contemporary 14
Canadian RPM Country 17
U.S. Billboard Hot 100 11
U.S. Billboard Adult Contemporary 16
U.S. Billboard Country 27
U.S. Cash Box Top 100 11

Årslister (1976) Plass
Canada RPM Top Singles[12] 35
U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)[13] 93
Årsliste (1977) Plass
Canada RPM Top Singles[14] 187

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • The Ravens spelte inn songen i 1957 (ARGO 5276).
  • Bobby Vee spelte inn ein hyllestversjon i 1964 for albumet I Remember Buddy Holly (Liberty LRP-3336/LST-7336). Vee og bandet hans spelte under namnet The Shadows under Winter Dance Party-turneen ddagen etter flystyrten som tok livet av Buddy Holly.
  • The Everly Brothers spelte inn songen og gav han ut på singel i 1965. Innspelinga deira nådde 30. plassen på den britiske singellista og 111. plassen i USA.[15]
  • Skeeter Davis spelte inn songen i 1967 for albumet Skeeter Davis Sings Buddy Holly, i lag med Holly-songen «It's So Easy!».
  • Paul og Barry Ryan tok med songen på debutalbumet sitt, Two of a Kind (Decca LP LK4878, 1967).
  • The Flamin' Groovies spelte i songen i 1972. Utgåva deira finst på nyutgjevinga av albumet deira Teenage Head.
  • Foghat tok med songen i 1974 på albumet Energized.
  • The La's spelte inn songen i 1986.
  • Overboard gav ut ein versjon i 2008 på albumet Castaways.
  • Modest Mouse spelte in songen i 2011 på albumet Rave On Buddy Holly.
  • I 2011 spelte eit stjernelag av musikarar som inkluderte Stevie Nicks, Peter Asher, Chris Isaak, Boz Scaggs og Graham Nash framføre songen for PBS-programmet Listen to Me.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Buddy Holly: Greatest Hits 1995 MCA Records
  2. 2,0 2,1 Norman Petty intervjua på Pop Chronicles (1969)
  3. (DVD) The Real Buddy Holly Story. White Star Studios. 1987. 
  4. Info frå Beatles-samleplata Anthology 1
  5. «Buddy Holly: That'll Be The Day» (PDF). The Great Rock 'n' Roll Heroes. Henta 17 November 2012. 
  6. 6,0 6,1 «BuddY Holly: That'll Be The Day». Henta 17 November 2012. 
  7. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». Rocklistmusic.co.uk. Henta 6. februar 2018. 
  8. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942–2004. Menomonie, Wisconsin: Record Research. s. 259. 
  9. Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits. Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives. s. 33. ISBN 0-85112-250-7. 
  10. «Searchable Database». RIAA's Gold & Platinum Program. RIAA. Henta 17 November 2012. «Search for "Buddy Holly."» 
  11. «ChartArchive – The Chart Archive». Chartstats.com. Henta 6. februar 2018. 
  12. «Top Singles – Volume 26, No. 14 & 15, January 08 1977». RPM. Library and Archives Canada. Henta June 13, 2016. 
  13. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 
  14. «Top 200 Singles of '77 – Volume 28, No. 11, December 31 1977». RPM. Library and Archives Canada. Henta June 25, 2016. 
  15. [Joel Whitburn's Bubbling Under the Billboard Hot 100 1959-2004]