Bo Diddley av Bo Diddley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bo Diddley
Singel av Bo Diddley
B-side «I'm a Man»
Utgjeve April 1955[1]
Innspelt 2. mars 1955 i Universal Recording Studios i Chicago i Illinois[2]
Sjanger Rhythm and blues, rock and roll
Lengd 2:27
Selskap Checker 814
Låtskrivar(ar) Ellas McDaniel (Bo Diddley)
Produsent Leonard Chess, Phil Chess, Bo Diddley[2]
Bo Diddley-kronologi
Bo Diddley «Diddley Daddy»
(1955)


«Bo Diddley» er ein rhythm and blues-song av Bo Diddley gjeve ut på Checker Records i 1955. Han vart ein stor hitsingel og låg på R&B-lista i USA i totalt 18 veker, sju veker lenger enn B-sida «I'm a Man». Han var den første plateinnspelinga som nytta afrikanske rytmar i rock and roll, og det var òg den første innspelinga og den første hitten til Bo Diddley.[3] Musikkmagasinet Rolling Stone hadde songen på 62. plass på liste over dei 500 største songane gjennom tidene.[4]

Songen er rytmisk liknande hambone, ein teknikk der ein dansar og klappar på forskjellige stader på kroppen for å danne rytme og song. Bo Diddley spelte songen med elektrisk gitar med musikarar på maracas og trommer. Denne kombinasjonen av rock and roll, afrikanske rytmar og og gitarteknikken var noko heilt nytt.[5]

Han kalla først songen «Uncle John», men før han spelte han inn endra han tittelen til sitt eige kallenamn, Bo Diddly, med ein ekstra «e».[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Buddy Holly-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Bo Diddley
Singel av Buddy Holly
frå albumet Reminiscing
B-side «It's Not My Fault»
Utgjeve 1963
Innspelt 1956 og 1962 (overdub) i Norman Petty Recording Studios i Clovis, New Mexico
Sjanger Rock and roll, rockabilly
Lengd 2:23
Selskap Coral
Låtskrivar(ar) Ellas McDaniel a.k.a. Bo Diddley
Produsent Norman Petty
Buddy Holly-kronologi
«Brown Eyed Handsome Man»
(1963)
Bo Diddley «Wishing»
(1963)


Buddy Holly spelte inn songen i 1956, men han kom ikkje ut før på albumet Reminiscing i 1963 og seinare på singel.

Buddy Holly song og spelte gitar på innspelinga, medan Jerry Allison spelte tromer. Dei spelte inn «Bo Diddley» på ein av dei første innspelingane med produsenten og lydteknikaren Norman Petty i studioet hans i Clovis i New Mexico, ein gong i 1956. I 1962 la Norman Petty på fleire instrumentspor på innspelinga med The Fireballs.[6]

Singelen vart ein av dei mest populære singlane til Holly på UK Singles Chart, og nådde fjerdeplassen 10. juli 1963, og låg i alt 12 veker på lista.[7] I USA nådde songen 116. plassen på Billboard si Bubbling Under Hot 100 Singles-lista.[8]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • The Shadows spelte inn ein versjon av songen på albumet Out of the Shadows (1962).
  • Han vart òg spelt av The Animals i 1964 på det første britiske albumet deira, The Animals, som kom ut i 1964. Eit tidlegare konsertopptak av songen, frå 1963, har sidan blitt gjeven ut på fleire album til dømes In The Beginning (1965) og Live At Club A Go-Go (Hallmark, 2008).
  • Bob Seger framførte songen i ein medley med «Who Do You Love?», ein annan Bo Diddley-song, under tittelen «Bo Diddley.» Den originale studioinnspelinga opnar albumet Smokin' O.P.'s frå 1972, medan eit konsertopptak med Silver Bullet Band finst på konsertalbumet Live Bullet frå 1976.
  • Ein versjon av Janis Joplin finst i plateboksen Box of Pearls frå 1999.
  • Steelgitaristen Robert Randolph har spelt songen på somme av konsertane sine.
  • Songen vart framført av ei supergruppe som bestod av Diddley, Muddy Waters og Little WalterSuper Blues i 1967.
  • The Grateful Dead akkompagnerte Diddley sjølv på songen ved Academy of Music i New York City, 25. mars 1972
  • Songen er nytta i Fritz the Cat i ein scene frå Harlem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Reviews of New R&B Records». Billboard: 46. April 9, 1955. Henta 10. juli 2017. 
  2. 2,0 2,1 His Best (CD liner). Bo Diddley. United States: Chess Records/MCA Records. 1997. CHD-9373 http://aln3.albumlinernotes.com/Bo_Diddley_His_Best.html |url= missing title (hjelp). 
  3. 3,0 3,1 Dawson, Jim og Propes, Steve (1992) What Was the First Rock'n'Roll Record, s. 177-181 – Faber & Faber, Boston & London. ISBN 0-571-12939-0.
  4. The RS 500 Greatest Songs of All Time. RollingStone.com. Vitja 20. september 2008.
  5. Erlewine, Bogdanov, Woodstra (Eds) (2002) All Music Guide to Rock, s. 244 – Miller Freeman Books. ISBN 0-87939-736-x.
  6. «Album Reviews». Billboard: 25. February 16, 1963. Henta 10. juli 2017. 
  7. «Buddy Holly - Bo Diddley». Chart Stats. 1963-08-24. http://www.chartstats.com/songinfo.php?id=3443. Henta 10. juli 2017. 
  8. «Bubbling Under the Hot 100». Billboard: 24. May 11, 1963. Henta 10. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


63:
 «For What It's Worth» 
Buffalo Springfield
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
62


Bo Diddley – «Bo Diddley»

61:
 «Whole Lotta Shakin' Goin On» 
Jerry Lee Lewis