Everyday av Buddy Holly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Everyday
Singel av Buddy Holly
frå albumet Buddy Holly
Utgjeve 20. september 1957[1]
Innspelt 29. mai 1957
Sjanger Pop
Lengd 2:09
Selskap Coral[1]
Låtskrivar(ar) Buddy Holly, Norman Petty
Produsent Norman Petty, Bob Thiele
Everyday
Singel av John Denver
frå albumet Aerie
B-side «City of New Orleans»
Utgjeve 1972
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) Buddy Holly, Norman Petty
Produsent Milton Okun
John Denver-kronologi
«Friends With You»
(1971)
Everyday «Goodbye Again»
(1972)


«Everyday» er ein song skriven av Buddy Holly og Norman Petty, spelt inn av Buddy Holly and The Crickets den 29. mai 1957, og gjeven ut den 20. september 1957, som B-sida til «Peggy Sue». På den originale singelen er ikkje The Crickets nemnt, men det er kjend at Holly spelar akutisk gitar; trommeslagaren Jerry Allison slår på knea sine for perkusjon; Joe B. Mauldin spelar kontrabass;[2] og kona til produsenten Norman Petty, Vi Petty spelar celesta (eit tangentinstrument med ein klokkespel-liknande tone). Songen er berre så vidt over to minuttar lang. Han er rangert på 238. plassen på lista til Rolling Stone over ei 500 beste songane gjennom tidene.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1960 gav Bobby Vee ut ein versjon som B-sida av hitten «Rubber Ball».

John Denver spelte inn songen i 1971 for albumet Aerie og gav han ut på singel. Singelen nådde 81. plassen på poplista i USA og 21. plassen på Adult Contemporary-lista i 1972.[4]

Don McLean spelte inn songen i 1973 for albumet Playin' Favorites og gav han ut på singel. Denne nådde 38. plassen på singellista i Storbritannia.

Det engelske tenåringsidolet Nikki Richards spelte inn songen som B-sida til den første singelen sin i 1978.

Ein versjon av James Taylor kom ut i 1985. Denne klatra heilt til tredjeplassen på Billboard si Adult Contemporary-lista i USA og til topps på tilsvarande liste i Canada. Han nådde òg 61. palssen på poplista og 26. plassen på countrylista i USA. Songen kom med på albumet That's Why I'm Here frå 1985.

Erasure spelte inn songen i 2002 på albumet Other People's Songs. The Trashmen og indierockbandet Rogue Wave spelte òg inn songen. Rockebandet Pearl Jam spelte songen på ein konsert i Lubbock i Texas, fødestaden til Holly. Han er òg blitt spelt på konsert av Deep Purple. Ein versjon innspelt av hellogoodbye kom ut på EP-en deira Ukulele Recordings i 2008. Phil Ochs brukte ein del av songen som ein del av hans «Buddy Holly Medley», som kom med på albumet hans Gunfight at Carnegie Hall i 1974.

Elliott Murphy spelte inn songen for ei fransk hyllestplate, Every Day Is a Holly Day, i 1989.

I 1990 spelte den britiske gitaristen Peter White inn albumet Reveillez-Vous.[5][6]

Fiona Apple spelte inn in versjon for hyllestalbumet til Buddy Holly, Rave On Buddy Holly i 2011.

Patrick Stump spelte ein versjon av songen for hyllestalbumet Listen to Me: Buddy Holly i 2011.

Songen finst òg på den japanske utgåva av Levi Dexter & Gretsch Brothers i 2012 me Levi Dexter.

I film og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart nytta i filmen Stand by Me frå 1986, Big Fish frå 2003, We Need to Talk About Kevin, frå 2004[7] Mr. Nobody frå 2009 og i kunstfilmen Gummo.

Songen vert spelt i byrjinga av den 11. episoden av den fjerde sesongen av Lost («Cabin Fever»), i tillegg til under rulleteksten av den nest siste episoden av Mad Men («The Milk and Honey Route»)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]