Ilford
| Ilford | |||
| by | |||
Redbridge Town Hall på Ilford High Road. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Stor-London | ||
| Distrikt | Redbridge | ||
| Postnummer | IG1 | ||
| Retningsnummer | 0 20 | ||
![]() Ilford 51°33′27″N 0°05′09″E / 51.5575°N 0.085833333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Ilford | |||
Ilford er ein stor by i den nordaustlege bydelen Redbridge i London,[1] kring 15 km nordaust for Charing Cross.[2] Ilford var opphavleg ein eigen by, men har vorte absorbert av London.
Historisk var Ilford ein liten landsby i Barking i Becontree hundred i det historiske fylket Essex. Plasseringa hans ved elva Roding og vegen mellom London og Colchester gjorde han til ein nyttig stoppestad for vogntransport.[3] Då han fekk jernbanesamband med London og Aust-England i 1839 byrja ein kraftig vekst. Staden er i dag i all hovudsak eit bustadområde, der dei fleste pendlar inn til det sentrale London. Drosjesjåførane i byen skal vere overrepresentert i området.
Fleire større selskap har vorte oppretta i Ilford, med film- og kjemikalieprodusenten Ilford som den mest kjende. Det vart oppretta i 1879 under namnet Britannia Works, og produserte opphavleg fotoplater. Seinare har dei vorte kjent for sine svart/kvit-filmar og fotopapir, som blir rekna for å vere av særs høg kvalitet. I 1989 vart selskapet kjøpt opp av eit amerikansk selskap, og hovudkvarteret er flytta til Knutsford i Cheshire.
Eit anna viktig firma var Plessey, som produserte radio-, elektronikk- og telekommunikasjonsutstyr. Det vart grunnlagt i Marylebone i 1917, men flytta til Ilford i 1919. I 1998 vart firmaet kjøpt opp, og fabrikken i Ilford vart nedlagt.
Kollektivtransport
[endre | endre wikiteksten]Dei næraste stasjonane er:
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Redbridge - Ilford». redbridge.gov.uk.
- ↑ «Distance Charing-Cross-London → Ilford - Air line, driving route, midpoint». distance.to. Henta 10. januar 2026.
- ↑ Powell, W.R., red. (1966). «The borough of Ilford». A History of the County of Essex 5. Victoria County History. s. 249–266. Henta 28. august 2009 – via British History Online.
- Denne artikkelen bygger på «Ilford» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juli 2011.
