In the Dark av Grateful Dead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
In the Dark
Studioalbum av Grateful Dead
Utgjeve 6. juni 1987
Innspelt 6. til 13. januar 1987
Studio Marin Veterans Memorial Auditorium i San Rafael i California
Sjanger Rock
Lengd 40:37
Selskap Arista
Produsent Jerry Garcia, John Cutler
Grateful Dead-kronologi
Dead Set
(1981)
In the Dark Dead Zone: The Grateful Dead CD Collection (1977–1987)
(1987)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauC+[2]
Rolling StonePositiv[3]

In the Dark er det tolvte studioalbumet til Grateful Dead. Det vart spelt inn i løpet av ei veke i januar 1987 og først gjeve ut 6. juli 1987.

In the Dark var det første albumet til bandet på seks år og det første studioalbumet sidan Go to Heaven i 1980. Det vart uventa populært og selde til dobbel platinaplate i USA. Det nådde sjetteplassen på Billboard 200-lista og vart det einaste albumet deira som nådde topp 10 på albumlista. Songen «Touch of Grey» nådde niandeplassen på Billboard Hot 100, den einaste singelen deira som nådde topp 40.[4] Musikkvideoen til songen vart òg mykje vist på MTV. «Hell in a Bucket» og «Throwing Stones» (som det òg vart laga musikkvideoar for) vart mykje spelt på radio.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste songane var blitt spelt av The Dead sidan 1982 eller 1983, noko som gav dei fem år på å klargjere dei for albumet. Etter at Go to Heaven fekk harsk kritikk vart In the Dark mykje betre teken i mot.

Sidan bandet hadde spelt songane ei stund, valte dei å spele inn grunnspora i eit mørklagt, tomt teater («In the Dark»), på ein scene med dei same lysa som dei brukte på konsertane sine. Ideen var å fange «kjensla» dei hadde for songane då dei spelte dei på scenen. Dette vart gjort i Marin Veterans Memorial Auditorium i San Rafael i California.

Trommeslagaren Bill Kreutzmann fortalte: «Me køyrde alle dei elektriske instrumenta gjennom forsterkarar i kjellaren i isolerte rom, og heldt trommene lyse og høglydte på scenen. Alt vart sendt til innspelingslastebilen som stod parkert utafor. Alle spelte sine parti samstundes, i lag. Når me hadde pause gjekk me bak scenen og sat der og snakka om det me hadde gjort. Me snakka om musikk, og så gjekk me rett ut att og spelte musikk, og så snakka me litt meir om det. Det er noko me burde ha gjort oftare - analysane tente songane og kameraderiet tente bandet. Det tok oss verkeleg til ein bra stad.»[5]

Dei tok så desse spora inn i studio og om naudsynt «reinska» dei, la til ekstra lydspor eller gjorde enkelte ting om att.

In the Dark kom ut på CD i 1987 på Arista Records og igjen i 2000 på BMG International. Det vart ommastra med bousspor og nytt omslag for plateboksen Beyond Description (1973–1989) i oktober 2004. Denne utgåva kom ut som eige album i 2006.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Solosongar Lengd
1. «Touch of Grey»  Jerry Garcia 5:47
2. «Hell in a Bucket»  Bob Weir 5:35
3. «When Push Comes to Shove»  
  • Garcia
  • Hunter
Jerry Garcia 4:05
4. «West L.A. Fadeaway»  
  • Garcia
  • Hunter
Jerry Garcia 6:39
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Solosongar Lengd
5. «Tons of Steel»  MydlandBrent Mydland 5:15
6. «Throwing Stones»  
  • Barlow
  • Weir
Bob Weir 7:18
7. «Black Muddy River»  
  • Garcia
  • Hunter
Jerry Garcia 5:58
8. «My Brother Esau»  
  • Barlow
  • Weir
Bob Weir 4:20

Merk: «My Brother Esau» var ikkje med på LP- og CD-utgåva av In the Dark, men var med på kassettutgåva og internasjonale utgåver av albumet, i tillegg til utgåva frå 2004.

Bonuspor på 2004-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelingsdato Lengd
9. «West L.A. Fadeaway» (alterantiv versjon) Mars 1984 Fantasy Studios, Berkeley, CA 7:09
10. «Black Muddy River» (unytta studioopptak) 5. desember 1986 Club Front, San Rafael, CA 5:41
11. «When Push Comes to Shove» (unytta studioopptak) 5. desember 1986 Club Front, San Rafael, CA 4:22
12. «Touch of Grey» (unytta studioopptak) August 1982 Club Front, San Rafael, CA 5:47
13. «Throwing Stones» (konsertopptak) 4. juli 1987 Sullivan Stadium, Foxboro, MA 9:36

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Grateful Dead[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Bob Bralove – programmering, spesialeffektar
  • Guy Charbonneau – lydteknikar
  • Dan Healy – lydteknikar
  • Jeffrey Norman – lydteknikar
  • David Roberts – lydteknikar
  • Jeff Sterling – lydteknikar
  • John Cutler – produsent, lydteknikar
  • Gail Grant – design
  • Herb Greene – kunstnarisk leiar, fotografi
  • Randy Tuten – plateomslag

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard

År Liste Plassering
1987 The Billboard 200 6[7]

Singlar - Billboard

År Singel Liste Plassering
1987 «Touch of Grey» Mainstream Rock Tracks 1[8]
The Billboard Hot 100 9[8]
Adult Contemporary 15[8]
«Hell in a Bucket» Mainstream Rock Tracks 3[8]
«West L.A. Fadeaway» Mainstream Rock Tracks 40[8]
«Throwing Stones» Mainstream Rock Tracks 15[8]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Sertifiering Date
Gull[9] 4. september 1987
Platina[9] 18. september 1987
Dobbel platina[9] 10. august 1995

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Connolly, Dave. «In the Dark». AllMusic. Henta 30. september 2018. 
  2. Robert Christgau review
  3. Rolling Stone review
  4. Albano, Ric (7. september 2012). «In the Dark by Grateful Dead», Classic Rock Review. Henta 22. mars 2014.
  5. Kreutzmann, Bill (2015). Deal. St. Martin's Press, New York. Chapter 18. ISBN 978-1-250-03380-2. 
  6. «Hell in a Bucket», dead.net. henta 29. mars 2013.
  7. «Billboard album chart history-Grateful Dead». Henta 1. mars 2009. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 «Billboard singles chart history-Grateful Dead». Henta 1. mars 2009. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «RIAA Gold & Platinum database-In the Dark». Henta 28. februar 2009.