Go to Heaven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Go to Heaven
Studioalbum av Grateful Dead
Utgjeve 28. april 1980
Innspelt Juli 1979-januar 1980
Studio Club Front i San Rafael
Sjanger Rock
Lengd 38:19
Selskap Arista
Produsent Gary Lyons
Grateful Dead-kronologi
Shakedown Street
(1978)
Go to Heaven Reckoning
(1981)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Rolling StoneNegativ[3]

Go to Heaven er det ellevte studioalbumet til det amerikanske rockebandet Grateful Dead, gjeve ut 28. april 1980 på Arista Records. Det er òg det første albumet deira med klaverspelaren Brent Mydland. Go to Heaven var det siste studioalbumet deira på sju år og for tredje gongen på rad brukte dei ein ekstern produsent, Gary Lyons.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Klaverspelaren Keith Godchaux og vokalisten Donna Godchaux slutta i Grateful Dead i februar 1979 og vart erstatta i begge stillingar av Brent Mydland. I følgje platekontrakten til bandet måtte dei gje ut eit studioalbum til før dei fekk gje ut eit konsertalbum.[4] Som på dei to førre albuma brukte dei ein ekstern produsent, som var avtalen deira med Clive Davis. Davis sende den britiske produsenten Gary Lyons, som hadde hatt suksess med debutalbumet til Foreigner.[5]

Albumet vart spelt inn i studioet til bandet, men dei spelte inn ekstra lydspor i New York City (Media Sound) medan dei turnerte i området.

Weir skreiv tre av songane på albumet, som var meir enn han pleidde. Sologitaristen Jerry Garcia brakte berre med seg to songar til albumet, som han skreiv i lag med den faste låtskrivapartnaren sin, Robert Hunter. Mydland vart òg oppfordra til å skrive songar for albumet. Han skreiv meir poporienterte songar og tok òg med seg ein synthesizer til the Dead, og spelte ein Minimoog-solo på «Alabama Getaway» og ein Prophet-5 på Weir sin funk-aktige «Feel Like a Stranger».[6]

Garcia fekk lydmannen i bandet, Dan Healy, til å setje opp ein svak radiosendar i studio, slik at han kunne køyre rundt i nabolaget og høyre korleis musikken høyrdest ut på ein bilradio.[7]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Go to Heaven gjorde det betre på listene enn dei to førre albuma, selde det likevel skuffande, dels på grunn av plateomslaget. I ei tid då platecoveret kunne påverke salstala skal bandet i følgje ein biografiforfattar ha sett ut som «hippie-versjonar av John Travolta i Saturday Night Fever[5] Grateful Dead hadde til no aldri nytta eit bandfoto på framsida.

Det vart gjevne ut to singlar frå albumet: «Alabama Getaway» og «Don't Ease Me In». Begge hadde «Far From Me» som B-side. Den første vart ein liten hit og vart spelt ein del på radio. For å marknadsføre albumet spelte Grateful Dead igjen på Saturday Night Live, der dei framførte «Alabama Getaway» og «Saint of Circumstance».

Go to Heaven kom ut på CD i 1987. I 2004 vart det utvida og ommastra for plateboksen Beyond DescriptionRhino Records. Denne utgåva kom ut som eiga plate i 2006.

Då albumet kom ut fekk det generelt middels til negativ kritikk. Det hadde likevel ein meir rockeprega stil enn det førre albumet.[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Solosongar Lengd
1. «Alabama Getaway»  Jerry Garcia 3:36
2. «Far From Me»  MydlandBrent Mydland 3:40
3. «Althea»  
  • Garcia
  • Hunter
Jerry Garcia 6:51
4. «Feel Like a Stranger»  Bob Weir 5:07
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Solosongar Lengd
5. «Lost Sailor»  
  • Weir
  • Barlow
Bob Weir 5:54
6. «Saint of Circumstance»  
  • Weir
  • Barlow
Bob Weir 5:40
7. «Antwerp's Placebo (The Plumber)»    0:38
8. «Easy to Love You»  
  • Mydland
  • Barlow
Brent Mydland 3:40
9. «Don't Ease Me In»  trad.; arr. av Grateful DeadJerry Garcia 3:13
38:19
Bonusspor på 2004/2006-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar)Merknader Lengd
10. «Peggy-O»  trad.; arr. by Grateful Deadunytta spor, spelt inn 16. juli 1979 5:51
11. «What'll You Raise»  
  • Garcia
  • Hunter
unytta spor, spelt inn 16. juli 1979 4:10
12. «Jack-A-Roe»  trad.; arr. by Grateful Deadunytta spor, spelt inn 14. juli 1979 4:55
13. «Althea»  
  • Garcia
  • Hunter
live frå Radio City Music Hall, New York City, 23. oktober 1980 8:17
14. «Lost Sailor»  
  • Weir
  • Barlow
live frå Radio City, 25. oktober 1980 6:41
15. «Saint of Circumstance»  
  • Weir
  • Barlow
live frå Radio City, 25. oktober 1980 6:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Grateful Dead

Teknisk

  • Betty Cantor-Jackson – lydteknikar
  • John Cutler - ekstra lydteknikar
  • Bob Matthews - ekstra lydteknikar
  • Peter Thea - ekstra lydteknikar

|}

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1980 Billboard Pop Albums 23[9]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1980 «Alabama Getaway» Billboard Singles 68[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Planer, Lindsay. «Go to Heaven». AllMusic. Henta 30. september 2018. 
  2. Grateful Dead album ratings at RobertChristgau.com
  3. De Matteis, J.M. (7. august 1980). Go to Heaven, Rolling Stone
  4. Scully, Rock; Dalton, David (2001). Living with the Dead. Cooper Square Press. New York, NY. s. 310. 
  5. 5,0 5,1 Jackson, Blair (1999). Garcia: An American Life. Penguin Books; New York, NY. s. 307. ISBN 0140291997. 
  6. Jackson, Blair (2006). Grateful Dead Gear. Backbeat Books; San Francisco, CA. s. 207. ISBN 0879308931. 
  7. Scully, Rock; Dalton, David (2001). Living with the Dead. Cooper Square Press. New York, NY. s. 307. 
  8. Sclafani, Tony (2013). The Grateful Dead FAQ. Backbeat Books. Milwaukee, WI. Chapter 12. ISBN 1617130869. 
  9. 9,0 9,1 Strong, Martin Charles (2002). The Great Rock Discography. Canongate. s. 445. ISBN 9781841953120. Henta 19. januar 2015.