Wake of the Flood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wake of the Flood
Studioalbum av Grateful Dead
Utgjeve 15. oktober 1973
Innspelt 4. til 15. august 1973
Studio The Record Plant i Sausalito[1]
Sjanger
Lengd 45:34
Selskap Grateful Dead
Produsent Grateful Dead
Grateful Dead-kronologi
History of the Grateful Dead, Volume One (Bear's Choice)
(1973)
Wake of the Flood Skeletons from the Closet: The Best of Grateful Dead
(1974)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
Christgau's Record GuideB–[3]
Rolling Stone[4]

Wake of the Flood er det sjette studioalbumet av rockebandet Grateful Dead. Det kom ut 15. oktober 1973 og var det første albumet på deira eige plateselskap, Grateful Dead Records. Det var det første studioalbumet deira på nesten tre år og det første utan det grunnleggjande medlemmet Ron «Pigpen» McKernan, som nettopp var død. At han forsvann og klaverspelaren Keith Godchaux sin hang for bebop og modal jazz (i staden for McKernan sine tendensar mot blues og soul) bidrog til den musikalske utviklinga til bandet. Kona til Godchaux, korvokalisten Donna Jean Godchaux, vart òg med i gruppa og syng på dette albumet.[5]

Albumet gjorde det betre på albumlista i USA enn det førre studioalbumet deira (American Beauty i 1970), og nådde 18. plassen.[6]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Etter tre konsertalbum på rad ønskte Grateful Dead å spele inn studioverjonar av songar dei hadde skrive etter Keith Godchaux hadde blitt med i bandet. Då innspelinga vart gjort hadde fem av songane på albumet (og delar av ein sjette) blitt spelt på konsertane deira i opp til eitt og eit halvt år før, så arrangementa var testa ut og endelege. Phil Lesh forklarte «Me lærte oss å spele songane på konsertane våre, i staden for å øve på dei eller spele dei i studio for store summar.»[7]

Dei nye komposisjonane henta trekk frå mange av inspirasjonskjeldene til bandet og blanda sjangrar frå country folk og R&B til ragtime og jazzrock, og sistnemnde var meir markant enn tidlegare.[8][2] Som vanleg var det Robert Hunter og Jerry Garcia som skreiv dei fleste songane, medan Bob Weir bidrog med den episke «Weather Report Suite». «Prelude»-delen av dette stykket var blitt utvikla på scenen, men «Part 1» og «Part 2 (Let it Grow)» vart først spelt etter albumet kom ut. «Let Me Sing Your Blues Away» er den einaste singer-songwriter-songen frå Keith Godchaux. Han vart berre framført på konsertane deira seks gonger, i september 1973 mellom innspelinga og utgjevinga av albumet.

Bandet valte å spele inn plata i det nybygde Record Plant mellom 4. og 15. august 1973. Det var i Sausalito, nær heimen deira i San Rafael, og hadde blitt brukt av kollegaene New Riders of the Purple Sage for det suksessrike albumet deira The Adventures of Panama Red (som hadde bidrag frå Hunter og Donna Godchaux).[1] Den faste lydteknikaren der, Tom Flye, assisterande lydteknikar Tom Anderson og den faste lydmannen til Dead, Dan Healy gjorde opptaka og miksa plata på 24-spor.[9]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha fullført kontrakten deira med Warner Bros., var the Dead no utan plateselskap. Dei valte då å skipe sitt eige sjølvstendige plateselskap for å ha full kontroll over innspelingane sine og slik at dei kunne gjere sideprosjekt. Lesh forklarte «Me eigde alt vårt eige lydsystem. Me hadde eigne folk som tok seg av booking og reiseplanlegginga. Det verka som å ha sitt eige plateselskap var verdt å prøve. Ingen kunne sjå nokre bakdelar med det.»[7] Medan trykkinga av eigne plater gjekk greitt, var det å setje opp eit distribusjonsnettverk og konkurrere med eksisterande kanalar nær umogeleg og det varte ikkje lenge. Til slutt enda dei opp med ein meir tradisjonell modell der dei finansierte og produserte innspelingane sine sjølv, og United Artists Records trykte og distribuerte dei.[7]

Det vart gjeve ut to singlar frå albumet: «Let Me Sing Your Blues Away» (med «Here Comes Sunshine») etterfølgd av «Eyes of the World» (med «Weather Report Part I»). Ingen av dei gjekk inn på listene. Det tidlegare selskapet til bandet svarte med å gje ut samleplater og arkivplater og byrja med Skeletons from the Closet, berre månader etter utgjevinga av Wake of the Flood.

Alle songane utanom «Let Me Sing Your Blues Away» og dei første delane av «Weather Report Suite» vart verande på setlista så lenge bandet eksisterte (men «Here Comes Sunshine» vart ikkje spelt frå 1975 til 1991).

Då selskapet til bandet kollapsa i 1976, var det ikkje mogeleg å få tak i Wake of the Flood i mange år. United Artists gav ut eit mindre opplag av plata på etiketten Liberty i 1979. Albumet vart tilgjengeleg att då det kom på CD i 1988. I 2004 vart det ommastra og utvida med bonusspor for plateboksen Beyond Description i oktober 2004. Den utvida versjonen vart gjeven ut som ei separat plate i 2006.[10]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Jerry Garcia og Robert Hunter og all solovokal av Jerry Garcia, utanom der andre er nemnde.

Side ein
# TittelSolosongar Lengd
1. «Mississippi Half-Step Uptown Toodeloo»    5:42
2. «Let Me Sing Your Blues Away» (Keith Godchaux og Hunter)Keith Godchaux 3:15
3. «Row Jimmy»    7:11
4. «Stella Blue»    6:22
Side to
# TittelSolosongar Lengd
5. «Here Comes Sunshine»    4:37
6. «Eyes of the World»    5:16
7. «Weather Report Suite» Bob Weir 12:41
Bonusspor på 2004- og 2006-utgåva
# Tittel Lengd
8. «Eyes of the World» (konsertopptak frå 7. september 1973 i Nassau Coliseum i Uniondale) 17:02
9. «Weather Report Suite» (akustisk demo) 12:36
10. «China Doll» (unytta opptak) 4:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Grateful Dead

Andre medverkande

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Billboard

År Liste Plassering
1973 Pop Albums 18[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Grateful Dead Family Discography». DeadDisc.com. 
  2. 2,0 2,1 Planer, Lindsay. «Wake of the Flood». AllMusic. Henta 3. juni 2019. 
  3. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: G». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 2. juni 2019 – via robertchristgau.com. 
  4. Miller, Jim (3. januar 1974). Wake of the Flood, Rolling Stone
  5. «Wake of the Flood – Product Information». cduniverse.com. 
  6. «Billboard Charts». billboard.com. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Lesh, Phil (2005). Searching for the Sound. Little, Brown & Co., New York, NY. Chapter 16. ISBN 978-0-316-00998-0. 
  8. Jim Miller. «Rolling Stones Review». rollingstones.com. 
  9. Wake of the Flood; Rhino/GDR, 2004. Liner Notes: Tom Anderson
  10. «Discography – Wake of the Flood». discogs.com. 
  11. Strong, Martin Charles (2002). The Great Rock Discography. Canongate. s. 445. ISBN 9781841953120. Henta 2. desember 2014.