Grateful Dead av Grateful Dead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grateful Dead
Konsertalbum av Grateful Dead
Utgjeve 24. oktober 1971
Innspelt 24. mars – 29. april 1971
Sjanger Folkrock, jamrock, bluesrock, psykedelisk rock
Lengd 1:10:12
Selskap Warner Bros. (#2WS-1935)
Produsent Grateful Dead med Betty Cantor og Bob Matthews
Grateful Dead-kronologi
Historic Dead
(1971)
Grateful Dead Europe '72
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
The Village VoiceA–[2]

Grateful Dead er eit konsertalbum av rockebandet Grateful Dead. Det kom ut i oktober 1971 på Warner Bros. Records og var det andre konsertalbumet deira. Sjølv om det kom ut utan tittel, vert det ofte kalla Skull and Roses (på grunn av omslaget) og Skull Fuck (namnet bandet ønskte å gje albumet, men som vart avvist av plateselskapet). Det var det første albumet deira som selde til gullplate i USA[3] og var det bestseljande albumet deira før det vart forbigått av Skeletons from the Closet.

Innspeling og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til Live/Dead inneheld albumet fleire solo- og korvokal spor spelte inn i stuio. For dei tre nye songane på albumet («Bertha», «Playing in the Band» og «Wharf Rat»), inviterte bandet Jerry Garcia-venen Merl Saunders til å leggje på orgel. Dette gjorde at orgelet til Saunders er meir tydeleg enn orgelet til Pigpen, som er meir gravlagd i miksen.

«Playing in the Band» vart ein del spelt på radio, og vart ein av dei mest spelte songane til Grateful Dead på konsertane deira. Ein studioversjon av songen kom ut året etter på rytmegitaristen Bob Weir sitt soloalbum Ace).[4] Avslutningssporet der «Not Fade Away» glir over i «Goin' Down The Road Feeling Bad» vart òg ein del spelt på radio og vart ein fan-favoritt.

Plateomslaget, laga av Alton Kelly og Stanley Mouse, er basert på ein illustrasjon av Edmund Joseph Sullivan for ei gammal utgåve av Rubaiyat of Omar Khayyam.[3] Sjølv om albumet stort sett vert kalla «Skull & Roses», kunne det originale omslaget brettast ut slik at heile skjelettet vart synleg. Biletetet vart eit av dei som er nærast knytt til bandet.

Opningssporet «Bertha» vart opphavleg tona inn på originalutgåva av albumet, men heile songen er nytta på CD-utgåva og digitale utgåver av albumet. Fleire songar frå dei same konsertane vart sidan gjevne ut på Ladies and Gentlemen... the Grateful Dead.

Singelen «Johnny B. Goode» (ein delt singel med Elvin Bishop) var i røynda versjonen frå albumet Fillmore: The Last Days. Versjonen på albumet vart sidan nytta som B-sida til nyutgjevinga av singelen «Truckin'».

Albumet vart ommastra og utvida med bonusspor for plateboksen The Golden Road i 2001.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Innspeling Lengd
1. «Bertha»  Jerry Garcia, Robert Hunter27. april 1971, Fillmore East, New York City 5:27
2. «Mama Tried»  Merle Haggard26. april 1971, Fillmore East, New York City 2:42
3. «Big Railroad Blues»  Noah Lewis5. april 1971, Hammerstein Ballroom, Manhattan Center, New York City 3:34
4. «Playing in the Band»  Bob Weir, Hunter6. april 1971, Hammerstein Ballroom, Manhattan Center, New York City 4:39
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Innspeling Lengd
5. «The Other One»  Weir, Bill Kreutzmann28. april 1971, Fillmore East, New York City 18:05
Side tre
# TittelLåtskrivar(ar)Innspeling Lengd
6. «Me and My Uncle»  John Phillips29. april 1971, Fillmore East, New York City 3:06
7. «Big Boss Man»  Luther Dixon, Al Smith26. april 1971, Fillmore East, New York City 5:12
8. «Me and Bobby McGee»  Fred Foster, Kris Kristofferson27. april 1971, Fillmore East, New York City 5:43
9. «Johnny B. Goode»  Chuck Berry24. mars 1971, Winterland Ballroom, San Francisco 3:42
Side fire
# TittelLåtskrivar(ar)Innspeling Lengd
10. «Wharf Rat»  Garcia, Hunter26. april 1971, Fillmore East, New York City 8:31
11. «Not Fade Away/Goin' Down the Road Feeling Bad»  Buddy Holly, Norman Petty/tradisjonell5. april 1971, Hammerstein Ballroom, Manhattan Center, New York City 9:14
Bonusspor på 2001/2003-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar)Innspeling Lengd
12. «Oh, Boy!»  Petty, Bill Tilghman, Sonny West6. april 1971, Hammerstein Ballroom, Manhattan Center, New York City 2:50
13. «I'm a Hog for You»  Jerry Leiber og Mike Stoller6. april 1971, Hammerstein Ballroom, Manhattan Center, New York City 4:08
14. «Grateful Dead radio spot»     1:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Grateful Dead

Andre medverkande

  • Merl Saunders – orgel på «Bertha», «Playing in the Band» og «Wharf Rat»

Teknisk

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Billboard

År Liste Plassering
1971 Pop Albums 25[5]

RIAA i USA

Sertifisering Dato
Gull 15. november 1971[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Planer, Lindsay. «Grateful Dead (Skull & Roses)». AllMusic. Henta 26. september 2018. 
  2. Christgau, Robert (14. oktober 1971). «Consumer Guide (19)». The Village Voice (New York). Henta 14. april 2013. 
  3. 3,0 3,1 Grateful Dead (Skull and Roses) at the Grateful Dead Family Discography
  4. Scott, John W.; Dolgushkin, Mike; Nixon, Stu. (1999). DeadBase XI: The Complete Guide to Grateful Dead Song Lists. Cornish, NH: DeadBase. ISBN 1-877657-22-0. 
  5. http://www.allmusic.com/artist/grateful-dead-mn0000988440/awards
  6. «RIAA Gold & Platinum database-The Grateful Dead». Henta 1. mars 2017.