Shakedown Street

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shakedown Street
Studioalbum av Grateful Dead
Språk engelsk
Utgjeve 15. november 1978
Innspelt 31. juli til 18. august 1978
Studio Club Le Front, utanom «Serengetti» i Meta Tantay i Carlin i Nevada
Sjanger
Lengd 39:04
Selskap Arista
Produsent Lowell George
Grateful Dead-kronologi 
What a Long Strange Trip It's Been
(1977)
Shakedown Street Go to Heaven
(1980)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
Christgau's Record GuideC[2]
Rolling StoneMiddels[3]

Shakedown Street er det tiande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Grateful Dead, gjeve ut 15. november 1978 på Arista Records.[4] Albumet kom ut litt over eit år etter det førre albumet, Terrapin Station. Det var det siste albumet med Keith og Donna Jean Godchaux, som slutta i bandet nokre få månader etter albumet kom ut. Plata vart produsert av Lowell George (frå Little Feat) og John Kahn.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av pausen sin mellom 1974 og 1976 leigde Grateful Dead eit lager i San Rafael. I 1977, då sologitaristen Jerry Garcia øvde med Jerry Garcia Band for innspelinga av Cats Under the Stars, valde dei å fange lyden av rommet, og sette opp opptaksutstyr. Dette øvingslokalet vart så nytta til innspelinga av Shakedown Street, etter ønskje frå Garcia.[5] The Dead arbeidde igjen med ein ekstern produsent, men denne gongen henta dei inn ein ven og musikar dei respekterte. Trommeslagaren Bill Kreutzmann sa «Me ville ikkje arbeide med Keith Olsen igjen, men me måtte halde lovnaden vår til Clive Davis og bruke nokon utafor bandet i produsentstolen, så me henta inn Lowell George frå Little Feat.»[6]

Som på det førre albumet med sporet «Terrapin Flyer», skreiv Hart og Kreutzmann ein perkusjonsbasert instrumental («Serengetti»), og spelte han inn på området til medisinmannen Rolling Thunder i Nevada. «Stagger Lee» er ein original song av Garcia og Hunter basert på ei mykje spelt folkevise.[7]

Fleire av songane vart spelt inn som disco, softrock og balladar, og i kontrast til desse stod dei meir rocka songane som Weir tok med seg til innspelingane.

Før innspelingane var ferdige, heldt Grateful Dead tre konsertar. Dette var både for å teste dei nye songane føre publikum og for å skaffe inntekter til tre konsertar dei ønskte å spele føre Sfinksen ved Giza, som kravde å flytte eit stort mannskap over til Egypt. Då dei kom tilbake var Lowell George oppteken og albumet vart fullført med Jerry Garcia Band-bassisten John Kahn som produsent, og som òg tok over på orgel for Godchaux-paret som var på veg ut.[8][9] George døydde berre månader etter albumet kom ut.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget vart laga av undergrunnskunstnaren Gilbert Shelton.

Albumet kom ut då den andre bølgja i punkrocken nådde eit høgdepunkt i California og Grateful Dead vart av kritikarane rekna som utdatert og dei fekk kritikk for å gå bort frå den eksperimentelle stilen sin og spele disco og softrock i staden.[10] I følgje Kreutzmann: «Deadheads [fansen til the Dead] kalla dette albumet og denne tida for Disco Dead. Eg kan forstå kvifor. Med det materiale og produsenten me hadde, så vart ikkje Shakedown Street like bra som det burde vore.»[6] Albumet selde til slutt til gullplate i 1987, men vart den første studioplata deira sidan Aoxomoxoa som ikkje nådde topp 40 på Billboard-lista, då det berre nådde 41. plassen. Det låg i alt nitten veker inne på lista.[11][12]

Same veka som albumet kom ut, spelte Grateful Dead på Saturday Night Live. Her framførte dei «Casey Jones» og «I Need a Miracle>Good Lovin'».[13]

Det kom ut to singlar frå albumet. «Good Lovin» (med «Stagger Lee») er ei redigert utgåve. Denne vart følgd opp av «Shakedown Street» (med «France»), òg i ei redigert utgåve.

Shakedown Street kom ut på CD i 1987.[4] Albumet vart ommastra og utvida med bonusspor for plateboksen Beyond Description i oktober 2004. Denne versjoen kom ut separat i 2006 på Rhino Records.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Solosongar(ar)Lengd
1.«Good Lovin'»
Bob Weir4:51
2.«France»
  • Bob Weir
  • Donna Godchaux
4:03
3.«Shakedown Street»
Jerry Garcia4:59
4.«Serengetti» 1:59
5.«Fire on the Mountain»
  • Hart
  • Hunter
Jerry Garcia3:46
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Solosongar(ar)Lengd
6.«I Need a Miracle»Bob Weir3:36
7.«From the Heart of Me»Donna GodchauxDonna Godchaux3:23
8.«Stagger Lee»
  • Garcia
  • Hunter
Jerry Garcia3:25
9.«All New Minglewood Blues»Noah LewisBob Weir4:12
10.«If I Had the World to Give»
  • Garcia
  • Hunter
Jerry Garcia4:50
Bonusspor på 2004/2006-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Solosongar(ar)Lengd
11.«Good Lovin'» (unytta opptak)
  • Clark
  • Resnick
Lowell George4:56
12.«Ollin Arageed» (live frå Giza i Egypt, 16. september 1978)Hamza El Din 6:30
13.«Fire on the Mountain» (live frå Giza i Egypt, 16. september 1978)
  • Hart
  • Hunter
 13:43
14.«Stagger Lee» (live frå Giza i Egypt, 15. september 1978)
  • Garcia
  • Hunter
 6:39
15.«All New Minglewood Blues» (live frå Capitol Theatre i Passaic i New Jersey, 24. november 1978)Lewis 4:34

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Grateful Dead

Andre medverkande

Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1979 Billboard Pop Albums 41[14]

Salstrofé

Sertifisering Dato
Gull[15] 4. september 1987

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erelwine, Stephen Thomas. «Shakedown Street». AllMusic. Henta 30. september 2018. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: G». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 2. juni 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Von Tersch, Gary (8. mars 1979). Shakedown Street, Rolling Stone
  4. 4,0 4,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Shakedown Street review». Allmusic. All Media Guide, LLC. Henta 3. februar 2007. 
  5. Jackson, Blair (1999). Garcia: An American Life. Penguin Books; New York, NY. s. 294. ISBN 0140291997. 
  6. 6,0 6,1 Kreutzmann, Bill (2015). Deal. St. Martin's Press, New York, NY. Chapter 16. ISBN 978-1-250-03380-2. 
  7. «Stagger Lee». Dead disc. Henta 15. februar 2017. 
  8. «Shakedown Street». Dead Disc. Henta 16. februar 2017. 
  9. Jackson, Blair (1999). Garcia: An American Life. Penguin Books; New York, NY. Chap. 15. ISBN 0140291997. 
  10. Jackson, Blair (1999). Garcia: An American Life. Penguin Books; New York, NY. s. 289. ISBN 0140291997. 
  11. «Grateful Dead - Chart history - Billboard». www.billboard.com. 
  12. «Gold & Platinum - RIAA». riaa.com. 
  13. «Various- SNL25». Discogs. Henta 18. februar 2017. 
  14. «The Grateful Dead: A Chart History». Billboard. Henta 10. februar 2017. 
  15. «RIAA Gold & Platinum database-Shakedown Street». Henta 5. juni 2019.