American Beauty av Grateful Dead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
American Beauty
Studioalbum av Grateful Dead
Utgjeve 1. november 1970
Innspelt August–september 1970
Studio Wally Heider Studios i San Francisco
Sjanger
Lengd 42:21
Selskap Warner Bros.
Produsent
Grateful Dead-kronologi
Vintage Dead
(1970)
American Beauty Historic Dead
(1971)


Singlar frå American Beauty
  1. «Truckin'»
    Utgjeve: Januar 1971
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[2]
Christgau's Record GuideA–[3]
Rolling Stone5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]
Sputnikmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[5]

American Beauty er det femte studioalbumet til rockebandet Grateful Dead. Det kom ut 1. november 1970 på Warner Bros. Records og fortsette folkrock- og countrystilen frå det førre albumet deira, Workingman's Dead, som kom ut tidlegare på året. Sjølv om americana-stil pregar songane, er lyden meir fokusert på viseharmoniar og dur-baserte melodiar, som syner inspirasjon frå Bob Dylan og Crosby, Stills, Nash, & Young.

American Beauty kom ut gjekk det inn på Billboard 200-lista og nådde til slutt 30. plassen i januar 1971 i løpet av dei nitten vekene det låg på lista.[6] Den 11. juli 1974 hadde albumet seld til gullplate og det nådde sidan platina og dobbelt platinastatus i 1986 og 2001. I 2003 vart albumet rangert på 258. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

American Beauty var resultatet av ein produktiv periode i låtskrivinga til Jerry Garcia og Robert Hunter – som var nok til to studioalbum på eitt år. Det var den einaste gongen bandet gjekk attende i studio så raskt. Men i motsetnad til det førre albumet, der nesten alle songane vart skrivne av denne duoen, hadde dette albumet meir innsats frå resten av bandet. Her er Phil Lesh sin «Box of Rain» og Bob Weir sin «Sugar Magnolia», begge skrivne med Hunter, og «Operator», Ron «Pigpen» McKernan sin einaste vise-aktige song på eit studioalbum av Grateful Dead.

Albumet vart produsert etter det vart oppdaga at manageren til bandet, Lenny Hart (far til trommeslagaren Mickey Hart), hadde fornya kontrakten deira med Warner Brothers Records utan at dei kjende til det, og så stakk av med ein større del av inntekta til bandet.[7] Innimellom meir eller mindre konstant turnering, byrja innspelinga berre månader etter utgjevinga av Workingman's Dead – utan det faste lydmannskapet deia, som var på turné med Medicine Ball Caravan tour. I staden erstatta lydteknikaren Stephen Barncard Bob Matthews som produsent.[8]

Både Workingman's Dead og American Beauty blanda bluegrass, rock and roll, folk og særskild country. Tekstforfattaren Hunter sa «Me drog attende til amerikansk visetradisjon, men sidan me likte å eksperimentere så måtte me prøve å finne det opp på ny.»[9] Samanlikna med Workingman's Dead hadde American Beauty mindre sologitar av Jerry Garcia, som i aukande grad fylde tomrommet med pedalsteelgitar. Det var òg gjennom innspelinga av dette albumet at Garcia først samarbeidde med mandolinist David Grisman, som spelte på «Friend of the Devil» og særskild «Ripple».[10] Howard Wales, ein annan musikar utafor bandet, spelte klaverinstrument på tre songar.[11] MIT-studenten Ned Lagin, ein jazzpianist, spelte òg piano på «Candyman».[12] Lagin spelte sidan med bandet i periodar frå 1970 til 1975.

Sjølv om begge albuma fokuserte på americana-songar, blanda Workingman's Dead den grovare Bakersfield sounden med dei psykedeliske røtene til bandet, medan det mest akustiske American Beauty fokuserte meir på dur-prega melodiar og viseharmoniar, noko som synte at dei var inspirerte av Dylan og venene Crosby, Stills, Nash, & Young. Kreutzmann sa seinare «Songarane i bandet vårt lærte verkeleg mykje om harmonisong frå Crosby, Stills, Nash & Young, som nettopp hadde gjeve ut Déjà Vu. Jerry spelte pedalsteel på den plata. Stephen Stills budde på ranchen til Mickey... og David Crosby likte å feste like mykje som oss. Så krinsane våre overlappa.»[13]

Crosby har sidan vore tvilande til dette: «Stundom har dei gjeve oss anerkjenning for å ha lært dei å syngje, og det er ikkje sant. Dei kunne alt syngje. Dei hadde sin eigen stil og dei hadde den viktigaste kvaliteten allereie, som er forteljarkunsten.» Men han sa òg «Ideen er  – når du er i lag med andre musikarar – å på eit vis krysspollinere idéstraumane dine, og det skjedde naturleg mellom oss på eit nivå som er sjeldan å sjå. Me lytta til det dei gjorde med taktartar og det å bryte reglane, som appellerte mykje til oss.»[9]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

American Beauty kom ut berre fire månader etter Workingman's Dead. Tittelen på albumet har ei dobbeltyding og refererer både til det musikalske fokuset på amerikansk musikk og til rosa på omslaget som er ein framdyrka variant kalla «American Beauty».

«Truckin'», ein blues/boogie-basert rockesong med ein shuffle-rytme, vart gjeven ut på singel (med «Ripple»), og songane «Box of Rain», «Sugar Magnolia», og «Friend of the Devil» vart spelt ein del på radio.[14]

American Beauty nådde 30. plassen på Billboard's Pop Albums-lista og singelen «Truckin'» nådde 64. plassen på Pop Singles-lista. Det var det siste albumet deira med Mickey Hart før han kom attende i bandet fire år seinare. Åtte av ti songar på albumet vart mykje spelt på konsertane til bandet gjennom heile historia deira.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Andy Zwerling frå Rolling Stone meinte at albumet var eit framhald av Workingman's Dead, men at det vart gjort meir flid med synginga her, i tillegg til at instrumenteringa var rikare.[15] Robert Christgau samanlikna òg albumet med Workingman's Dead og meinte det var «vokalt meir melodisk og instrumentalt meir direkte».[16] Washington Post skreiv at albumet synte «aldersvisdom» samanlikna med dei tidlegare albuma deira, men hadde samstundes «overflod av ungdom.»[17] Jason Ankeny i AllMusic meinte at albumet var eit «meisterverk».[18]

I 2012 vart albumet rangert på 261. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Amerikanske National Association of Recording Merchandisers sette albumet på 20. plassen på lista si over dei 200 beste albuma gjennom tidene i 2007.[19] Albumet er inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die[20] og i 1991 rangerte Rolling Stone plateomslaget til American Beauty som det 57. beste gjennom tidene.[21]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Jerry Garcia og Robert Hunter, bortsett frå der anna er nemnt.

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Box of Rain»  Phil Lesh, Robert Hunter 5:18
2. «Friend of the Devil»  Garcia, John Dawson, Hunter 3:24
3. «Sugar Magnolia»  Bob Weir, Hunter 3:19
4. «Operator»  Ron McKerna 2:25
5. «Candyman»    6:14
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «Ripple»    4:09
7. «Brokedown Palace»    4:09
8. «Till the Morning Comes»    3:08
9. «Attics of My Life»    5:12
10. «Truckin'»  Garcia, Lesh, Weir, Hunter 5:03
Bonusspor på 2001-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
11. «Truckin'»    3:17
12. «Friend of the Devil» (konsertopptak frå 15. mai 1970 i Fillmore East i New York City)Garcia, Dawson, Hunter 4:21
13. «Candyman» (konsertopptak frå 15. april 1970 i Winterland Ballroom i San Francisco)  5:18
14. «Till the Morning Comes» (konsertopptak frå 4. oktober 1970 i Winterland Ballroom i San Francisco)  3:20
15. «Attics of My Life» (konsertopptak frå 6. juni 1970 i Fillmore West i San Francisco)  6:31
16. «Truckin'» (konsertopptak frå 26. desember 1970 i Legion Stadium i El Monte i California)Garcia, Lesh, Weir, Hunter 10:10
17. «Ripple» (singelutgåva)  3:02
18. «American Beauty radio promo»    1:11

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Grateful Dead

Andre medverkande

Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
År Liste Plassering
1971 Billboard 200 30[22]
Singlar
År Singel Liste Plassering
1971 «Truckin'» Billboard Hot 100 64[23]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Sertifisering Dato
Gull[24] 11. juli 1974
Platina[24] 13. oktober 1986
Dobbel platina[24] 24. august 2001

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rosner, Ben (4. juli 2016). «The 10 Most Patriotic Albums». Paste. Henta 1. juni 2019. 
  2. Thomas, Fred. «American Beauty». AllMusic. Henta 2. juni 2019. 
  3. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: G». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  4. «Grateful Dead album ratings». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 28. desember 2013. 
  5. «Grateful Dead – American Beauty (album review 4) – Sputnikmusic». www.sputnikmusic.com. Henta 2. juni 2019. 
  6. http://www.billboard.com/artist/303090/grateful-dead/chart?page=1&f=305
  7. Lesh, Phil (2005). Searching for the Sound. Little, Brown & Co., New York, NY. Chapter 11. ISBN 978-0-316-00998-0. 
  8. Jackson, Blair (1999). Garcia: An American Life. Penguin Books, New York, NY. p. 196. 
  9. 9,0 9,1 Classic Albums – The Grateful Dead: Anthem to Beauty (DVD). Rhino/WEA. 1999. 
  10. Jackson, Blair (1999). Garcia: An American Life. Penguin Books, New York, NY. p. 202. 
  11. Kreutzmann, Bill (2015). Deal. St. Martin's Press, New York. Chapter 10. ISBN 978-1-250-03380-2. 
  12. Gans, David (3. februar 2001). «Ned Lagin Interview», The Grateful Dead Hour. Henta 1. januar 2017.
  13. Kreutzmann, Bill (2015). Deal. St. Martin's Press, New York. Chapter 9. ISBN 978-1-250-03380-2. 
  14. «Grateful Dead Family Discography: The Grateful Dead Discography». www.deaddisc.com. Henta 2. juni 2019. 
  15. Zwerling, Andy (24. desember 1970). «American Beauty». Album Reviews. Rolling Stone. Henta 2. juni 2019. 
  16. Christgau, Robert. «Grateful Dead». robertchristgau.com. Henta 2. juni 2019. 
  17. Tom Zito (28. november 1970). «The Grateful Dead: Settling Down». The Washington Post. s. B6. Henta 6. februar 2016. 
  18. Ankeny, Jason. «American Beauty – Grateful Dead». AllMusic. Arkivert frå originalen 2011-09-30. Henta 2. juni 2019. 
  19. «The Definitive 200 as chosen by a committee of music retailers within the National Association of Recording Merchandisers (NARM)». TimePieces in history of music recording. National Association of Recording Merchandisers (NARM). 6. mars 2007. Arkivert frå originalen 10. februar 2010. Henta 2. juni 2019. 
  20. Robert Dimery; Michael Lydon (7. februar 2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 0-7893-1371-5. 
  21. «Rolling Stone's 100 Greatest Album Covers». Rate Your Music. 14. november 1991. Henta 2. juni 2019. 
  22. «Billboard 200 album chart position». Rovi Corporation/Billboard. Henta 22. november 2010. 
  23. «Billboard Hot 100 singles chart position». Rovi Corporation/Billboard. Henta 22. november 2010. 
  24. 24,0 24,1 24,2 «RIAA Gold & Platinum database-American Beauty». Henta 28. februar 2009. [daud lenkje]