History of the Grateful Dead, Volume One (Bear's Choice)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
History of the Grateful Dead,
Volume One (Bear's Choice)

Konsertalbum av Grateful Dead
Språk engelsk
Utgjeve 13. juli 1973
Innspelt 13. og 14. februar 1970
Sjanger Jam, rock, folkrock, blues
Lengd 47:28
Selskap Warner Bros.
Produsent Owsley Stanley
Grateful Dead-kronologi 
Europe '72
(1972)
History of the Grateful Dead,
Volume One (Bear's Choice)
Wake of the Flood
(1973)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
Christgau's Record GuideC+[2]
Rolling StoneMiddels[3]

History of the Grateful Dead, Volume One (Bear's Choice) er eit konsertalbum av Grateful Dead. Det kom ut i juli 1973 på Warner Bros. Records og består av høgdepunkt frå to konsertar spelte inn 13. og 14. februar 1970 i Fillmore East in New York City. Ofte vert det berre kalla Bear's Choice, som syner til lydmannen deira Owsley «Bear» Stanley. Det var opphavleg meint å vere det første volumet i ein serie.

Albumet nådde 60. plassen på Billboard 200.[4]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn i ein periode då konsertane til Grateful Dead bestod av elektriske sett og eit akustisk sett, der dei framførte songar frå tida deira som vise- og jugband. Plata har derfor ei akustisk side og tre elektriske. Det var vanleg på denne tida på Fillmore East at band spelte på ein tidleg og ein sein konsert same dagen. Innspelingane for dette albumet var henta frå dei seine konsertane den 13. og 14 februar 1970. Dick's Picks Volume 4 kom ut i 1996 og inneheld fleire songar frå desse konsertane.

Det originale albumet vart spelt inn og produsert av Owsley «Bear» Stanley, den dåverande lydmannen til The Dead, som valde ut dei songane han likte best. Han sette det saman som ei slags hyllest til Ron «Pigpen» McKernan, den originale klaverspelaren til bandet, som døydde under produksjonen av plata. Det er derfor med tre songar der Pigpen syng solo, inkludert alle på side to.[5]

Bandmanageren Rock Scully sa «Pigpen gjekk ut på scenen og sette seg ned i ein stol... det var den einaste gongen han gjorde det. Han sette seg ned og spelte flaskehalsgitar. Me hadde pressa han i årevis om å gjere det, og endeleg vart han komfortabel nok med publikummet der i Fillmore til å gå ut og gjere det. Han gjekk ut og sette seg ned på scenen. Det var valentinsdagen og han hadde ein kjærast i publikum. Han gjekk ut og spelte ‘Katie Mae’ for henne. Like etter gjekk Bobby (Weir) og Garcia ut og gjorde det same. Dei sette seg ned og spelte akustiske gitarar. Dei gjer ikkje det lenger.»[6]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Side ein består av akustiske songar av McKernan, Jerry Garcia og Bob Weircountryblues- og visecoverversjonar, med ein original frå Workingman's Dead. Den andre sida består av heile det elektriske bandet på bluessongane «Smokestack Lightning» av Howlin' Wolf og «Hard to Handle» av Otis Redding.

Albumet vart ommastra for CD i 2001 som ein del av plateboksen The Golden Road (1965–1973). Denne versjonen, med fire bonusspor, kom ut som ei separat utgjeving i 2003.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Katie Mae»Lightnin' Hopkins4:46
2.«Dark Hollow»Bill Browning3:30
3.«I've Been All Around This World»tradisjonell4:40
4.«Wake Up Little Susie»Felice og Boudleaux Bryant2:40
5.«Black Peter»7:20
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Smokestack Lightning»Howlin' Wolf18:00
7.«Hard to Handle»6:14
Bonusspor på 2001/2003-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«Good Lovin'»
8:56
9.«Big Boss Man»
4:53
10.«Smokestack Lightning»Howlin' Wolf15:11
11.«Sitting on Top of the World»3:20

Merknad

  • «Katie Mae,» «Wake Up Little Susie,» «Black Peter» og «Smokestack Lightning» spelte inn 13. februar 1970 i Fillmore East i New York.
  • «Dark Hollow», «I've Been All Around This World» og «Hard to Handle» spelte inn 14. februar 1970 i Fillmore East.

Bonusspor:

  • «Good Lovin'» spelt inn 13. februar 1970 i Fillmore East i New York.
  • «Big Boss Man» spelt inn 5. februar 1970 i Fillmore West i San Francisco.
  • «Smokestack Lightning» og «Sitting on Top of the World» spelt inn 8. februar 1970 i Fillmore West.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Jerry Garcia – akustisk og sologitar, vokal på «Dark Hollow», «I've Been All Around This World», «Wake Up Little Susie» og «Black Peter»; elektrisk gitar and vokal på «Smokestack Lightning» (begge versjonar), «Hard to Handle», «Good Lovin'», «Big Boss Man» og «Sitting on Top of the World»
  • Mickey Hart – trommer og perkusjon på «Smokestack Lightning» (begge versjonar), «Hard to Handle», «Good Lovin'», «Big Boss Man» og «Sitting on Top of the World»
  • Bill Kreutzmann – trommer og perkusjon på «Smokestack Lightning» (begge versjonar), «Hard to Handle», «Good Lovin'», «Big Boss Man» og «Sitting on Top of the World»
  • Phil Lesh – bassgitar og vokal på «Smokestack Lightning» (begge versjonar), «Hard to Handle», «Good Lovin'», «Big Boss Man» og «Sitting on Top of the World»
  • Ron «Pigpen» McKernan – akustisk gitar og vokal på «Katie Mae»; orgel, perkusjon, munnspel og vokal på «Smokestack Lightning» (begge versjonar), «Hard to Handle», «Good Lovin'», «Big Boss Man» og «Sitting on Top of the World»
  • Bob Weir – akustisk rytmegitar og vokal på «Dark Hollow», «I've Been All Around This World», «Wake Up Little Susie» og «Black Peter»; elektrisk gitar og vokal på «Smokestack Lightning» (begge versjonar), «Hard to Handle», «Good Lovin'», «Big Boss Man» og «Sitting on Top of the World»
Teknisk
  • James Austin – produsent (nyutgjeving)
  • Joe Gastwirt – mastering consultancy (nyutgjeving)
  • David Lemieux – produsent (nyutgjeving)
  • Peter McQuaid – leiande produsent for Grateful Dead Productions
  • Owsley Stanley – produsent

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album – Billboard

År Liste Plassering
1973 Pop Albums 60[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Planer, Lindsay. «History of the Grateful Dead, Vol. 1 (Bear's Choice)». AllMusic. Henta 2. juni 2019. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: G». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 2. juni 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Davis, Stephen (27. september 1973). History of the Grateful Dead, Volume One (Bear's Choice) Arkivert 2017-07-26 ved Wayback Machine., Rolling Stone
  4. 4,0 4,1 «Artist Search for «grateful dead»». 
  5. Bear's Choice Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine. on The Best of Web Site
  6. Crowe, Cameron (October 1973). «The Grateful Dead Flee Big Business». Circus magazine (New York, NY).