Ivar Tveiten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ivar P. Tveiten)
Ivar Tveiten

Fødd18. desember 1850
Fyresdal
Død17. april 1934 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Ivar Pettersson Tveiten (8. desember 185017. april 1934) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Fyresdal i Telemark. Han representerte Venstre for Bratsberg amt, seinare Vest-Telemarken og Telemark. Den kjende felespelaren Petter Sveinungsson Veum var far hans.

Tveiten gjekk lærarskule i Kviteseid 1869, og var lærar i ein krins i heimbygda fram til 1883. Han overtok farsgarden Vestre Tveiten i 1879?, i 1889 overtok han garden Brokke i grannelaget, der han budde sidan.

Tveiten var formann og forretningsførar for Fyresdals forbruksforening 1871-99, og heldt fram i same posisjonar for den utskilde Veums forbruksforening 1899-1902. Heradskasserar eit par år, og kasserar 1884-99 for dampskipet Fyresdal. Skulestyreformann 1893-1902. Direktør 1895-1910 for den fyrste sparebanken i heradet. Medlem av heradsstyret i fleire år.

Tveiten var stortingsmann 1902-24. 1902-03 møtte han som varamann frå Bratsberg, medlem av jarnbanekomiteen. Han fekk fast plass på Stortinget etter valet i 1903, var medlem av budsjettkomiteen 1903-09, sekretær i same komite 1910-15. I 1905 var han mellom dei som gjekk inn for republikk som nytt styresett for Noreg. Åra 1906-18 representerte han einmannskrinsen Vest-Telemarken. Han var president i Stortinget i perioden 1917-20 og 1922-24. Frå 1917 til -23 var han medlem av utanriksnemnda, formann frå 1919. I 1919 og -20 var han parlamentarisk leiar i Venstre.

Frå 1924 til 1926 var Tveiten kyrkje- og undervisningsminister i Johan Ludwig Mowinckel si fyrste regjering. Han var ein iherdig talsmann for landsmålet, og i hans statsrådstid vart det krav om at det offentlege skulle svare på adressaten si målform. Nynorsk salmebok vart godkjend under Tveiten.

Tveiten vart tildelt 7. juni-medaljen.

Han døydde 1934 på Brokke i Fyresdal.

Ei byste av Tveiten, laga av Dyre Vaa, er utstilt på Nasjonalgalleriet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]