Jimmy Greenspoon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jimmy Greenspoon
Three Dog Night keyboardist Jimmy Greenspoon.jpg
Greenspoon i 2012
Fødd7. februar 1948(1948-02-07)
FødestadBeverly Hills, California i USA
Død11. mars 2015 (67 år)
DødsstadNorth Potomac i Maryland i USA
FødenamnJames Boyd Greenspoon
AliasThe Maestro
OpphavUSA
Aktiv1963–2015
SjangerRock, pop
InstrumentKlaverinstrument, vokal
Tilknytte artistarThree Dog Night
PlateselskapDunhill
Verka somMusikar

James Boyd «Jimmy» Greenspoon (7. februar 194811. mars 2015) var ein USA-amerikansk klaverspelar og komponist, mest kjend som medlem av bandet Three Dog Night.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Greenspoon var fødd i Los Angeles i California, og voks opp i Beverly Hills. Han byrja å ta pianotimar då han var sju år gammal. Mora, Mary O'Brian, hadde vore ei stumfilmskodespelarinne,[1] og hadde mellom anna spelt kona til Buster Keaton i filmen Battling Butler i 1926. Greenspoon gjekk på Beverly Hills High School i lag med Richard Dreyfuss, Bonnie Franklin og barndomsvenen og plateprodusenten Michael Lloyd. Lloyd og Greenspoon fekk suksess i lag med surfegruppa The New Dimensions i 1963. Greenspoon gjekk så på Los Angeles Conservatory of Music og studerte piaano.

Greenspoon har spelt med Linda Ronstadt, Eric Clapton, Jimi Hendrix, America, The Beach Boys, Beck, Bogert & Appice, Nils Lofgren, Lowell George, Kim Fowley, Donovan, Buddy Miles, Stephen Stills, Jeff Beck, Chris Hillman, Steve Cropper, Duck Dunn, James Burton, Hal Blaine, Leon Russell, The Wrecking Crew, Osibisa, Shaun Cassidy, Cheech & Chong og Redbone.[1][2]

Greenspoon arbeidde på Sunset Strip i 1960-åra med gruppene Sound of the Seventh Son og The East Side Kids. Bandet hans spelte fast på The Trip, Stratford on Sunset (i dag The House Of Blues) Brave New World, Bidos Litos, Ciros og The Whiskey.

Seint i 1966 flytta Greenspoon til Denver i Colorado, med medlemmar av The West Coast Pop Art Experimental Band og skipa gruppa Superband. I 1968 flytta Greenspoon attende til Los Angeles, der han møtte Danny Hutton, og dei skipa Three Dog Night.

I 2015 døydde Greenspon av kreft, 67 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «January to June 2015». The Dead Rock Stars Club. Henta 5. juli 2018. 
  2. «Jimmy Greenspoon Credits». AllMusic. All Media Network. Henta 5. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]