KLM Royal Dutch Airlines

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå KLM)
KLM Royal Dutch Airlines


Org.formAksjeselskap, naamloze vennootschap
BransjeLufttransport
Skipa7. oktober 1919
MorselskapAir France–KLM
HovudkontorAmstelveen[1]
LandNederland[1]
TenesterBoeing 737 Next Generation, Convair CV-240-familien
Grunnleggjar(ar)Albert Plesman
Resultat449 000 000 euro (2019)[2]
Nettstadhttp://www.klm.com

KLM Royal Dutch Airlines (òg berre KLM, eller Koninklijke Luchtvaart Maatschappij) er eit nederlandsk flyselskap. Selskapet vart grunnlagt i 1919. I 2004 fusjonerte KLM med Air France til Air France-KLM. Begge selskapa driv enno under eigne namn, men samarbeider tett.

KLM har eit utstrekt rutenettverk i Noreg, og opererer flygingar frå basen sin på Schiphol lufthamn utanfor Amsterdam til Bergen, Oslo, Ålesund, Kristiansand, Sandefjord, Stavanger og Trondheim.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein reklameplakat for KLM frå 1919.
Hovudkvarteret til KLM

KLM vart etablert den 7. oktober 1919, noko som gjer det til det eldste flyselskapet i verda som framleis opererer under det opphavlege namnet sitt. Selskapet starta operasjonar året etter, med ei flyging frå London til Amsterdam. Det gjekk eit år til før selskapet byrja å operera ruteflygingar.

Innan 1926 hadde KLM faste flygingar til Amsterdam, Rotterdam, Brussel, Paris, London, Bremen, København og Malmö. Selskapet starta òg tidleg med interkontinentale operasjonar, og hadde allereie i 1929 ei flyrute til Nederlandsk Austindia (noverande Indonesia). Selskapet opna noke år seinare nok ei interkontinental rute mellom Amsterdam og Curaçao.

Flåten og talet på destinasjonar voks i takt med den aukande passasjermengda. Drifta til selskapet opphøyrde under andre verdskrigen, men vart raskt reetablert etter slutten av krigen. Selskapet gjekk til innkjøp av endå større fly gjennom 1960-, 70- og 80-talet, og danna i 1989 ein allianse med det amerikanske flyselskapet Northwest Airlines. I 2008 vart Northwest Airlines slått saman med Delta Airlines, og KLM heldt fram dette samarbeidet. Det norske flyselskapet Braathens var òg medlem av denne alliansen fram til det fusjonerte med SAS i 2004. KLM er i dag medlem av flyalliansen SkyTeam.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: KLM Royal Dutch Airlines