Kari Solem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kari Solem Aune (fødd 1. desember 1974) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Trondheim som vann medalje i tre internasjonale meisterskap.

Solem var linjespelar i Byåsen IL frå 1990 til 2001. Ho var mellom anna med om å vinne NM-finalen 1991. Skadar prega den siste delen av hennar aktive tid, mellom anna vart det i 1999 ikkje noko av ein overgang til tyske Dortmund.

Solem fekk sin landslagsdebut 31. juli 1994 og aksla landslagsdrakta siste gongen 28.oktober 1998. Ho fekk ein EM-bronse med Noreg då Handball-EM 1994 fann stad i Tyskland. Under Sommar-OL 1996 i Atlanta deltok ho på det norsk laget som tapte bronsefinalen. Både i europameisterskapen 1996 og verdsmeisterskapen 1997 måtte Solem og lagvenninnene tole tap mot Danmark i finalen. Solem deltok i 110 landskampar og skåra 214 mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]