Annette Skotvoll
Annette Skotvoll | |
Fødd | 1. september 1968 (53 år) Trondheim |
Yrke | handballspelar |
Annette Skotvoll (fødd 1. september 1968) er ein norsk tidlegare handballlspelar frå Trondheim. I tida 1988-96 vann ho to OL-sølv, EM-sølv, VM-bronse og EM-bronse. Målvakta deltok i 250 landskampar og skåret to mål for Noreg.
Skotvoll debuterte på landslaget i 1987. Frå Sommar-OL 1988 i Seoul til Sommar-OL 1992 i Barcelona var ho jamnt fyrste-målvakt for Noreg, og ho var med å vinne sølvmedaljar i begge OL-turneringane. Etter Cecilie Leganger kom inn på det norske landslaget som målvakt i 1993, fungerte Skotvoll meir eller mindre som andre-målvakt. Gjennom åra 1993 til 1996 vann ho VM-bronse på norsk heimebane i 1993, EM-bronse i 1994 og sølvmedalje under EM 1996 i Danmark, der ho ikkje makta hindre at vertsnasjonen vann finalen med 25 mot 23 mål.
Skotvoll spelte i mange år på Sjetne Idrettslag, men då det laget rykte ned frå toppserien melde ho overgang til byrivalen Byåsen Idrettslag.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Annette Skotvoll» frå Wikipedia på bokmål, den 5. desember 2016.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1968
- Norske handballspelarar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1988
- Norske deltakarar under sommar-OL 1988
- Handballspelarar under sommar-OL 1988
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1992
- Norske deltakarar under sommar-OL 1992
- Handballspelarar under sommar-OL 1992
- Spelarar i Handball-VM 1993 for kvinner
- Norske deltakarar under sommar-OL 1996
- Handballspelarar under sommar-OL 1996
- Folk frå Trondheim