Kenny Passarelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kenny Passarelli
Fil:Bass gitarist Kenny Passarelli.jpg
Passarelli spelar bass med Joe Walsh i 1973
Fødd28. oktober 1949 (70 år)
FødestadDenver i Colorado i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1971
SjangerRock and roll, bluesrock
InstrumentBass, piano, trompet
Tilknytte artistarBarnstorm, Joe Walsh, Elton John, Dan Fogelberg, Stephen Stills, Hall and Oates
Verka somMusikar, låtskrivar

Kenny Passarelli (fødd 28. oktober 1949) er ein USA-amerikansk bassist. Passarelli var opphavleg medlem av Barnstorm, og var medlåtskrivar på hitten deira «Rocky Mountain Way».

Passarelli har spelt med mange forskjellige rockeartistar, som Joe Walsh, Elton John,[1] Dan Fogelberg, Stephen Stills og Hall and Oates.[2] Han erstatta Dee Murray i Elton John Band frå 1975-1976 og spelte på albuma Rock of the Westies og Blue Moves. Etter han slutta i bandet til John vart han med i bandet til Hall and Oates i juni 1977 og spelte på albumet deira Livetime og Along the Red Ledge.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «That Time Elton John Tapered His Ambitions on 'Rock of the Westies'». Ultimate Classic Rock (på engelsk). Henta 21. januar 2019. 
  2. «Life According To... Kenny Passarelli». 5280, Denver's Mile High Magazine (på engelsk). 28. august 2010. Henta 21. januar 2019.