Melodi Grand Prix 1974

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 1974
Dato
Finale 16. februar 1974
Vertskap
Finale Studio 1, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Vidar Lønn-Arnesen
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 5
Vinnar
Song «Hvor er du»
Artist Jahn Teigen/Anne-Karine Strøm
Resultat i Eurovision Song Contest 1974
Finalepoeng 3
Finaleplass 14.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1973 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1975

Melodi Grand Prix 1974 var den 14. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK plukka ut fem finalistar ut frå 272 innsendte bidrag til finalen 16. februar 1974. Vinnarlåten blei «Hvor er du», komponert av Frode Thingnæs med tekst av Philip A. Kruse. Vinnarlåten blei sungen av Jahn Teigen med lite orkester og Anne-Karine Strøm med med stort orkester. Strøm representerte Noreg i den internasjonale finalen i Brighton, og framførte låten på engelsk med tittelen «The First Day of Love». Der enda songen på delt 14. og siste plass med 3 røyster.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

NRK flytta dette året finalen attende til NRK Marienlyst og til Studio 1. Sendinga gjekk av stabelen laurdag 16. februar, og Vidar Lønn-Arnesen var programleiar for tredje år på rad. NRK heldt ein open konkurranse og fekk inn 272 bidrag. Ein jury beståande av Benny Borg, Finn Eriksen og Sigurd Jansen, plukka ut fem av dei til finalen.[1]

Også dette året vendte mange tidlegare artistar attende, mellom anna Ellen Nikolaysen, Anne-Karine Strøm, Inger Lise Rypdal og Gro Anita Schønn. Finalen blei også debuten til ein artist som skulle kome til å setje eit sterkt preg på konkurransen i åra framover – Jahn Teigen. Også showgruppa Dizzie Tunes deltok saman med Grethe Kausland.

Kvar melodi blei framført to gongar: ein gong med Terje Fjærns orkester, og deretter med eit stort studioorkester leia av Egil Monn-Iversen. 14 jurymedlemmar frå sju regionar kåra til slutt «Hvor er du» til vinnar.[2]

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist, lite orkester Artist, stort orkester Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
A «Hvor er du» Jahn Teigen Anne-Karine Strøm Frode Thingnæs og Philip A. Kruse 48 1
B «Lys og mørke» Dag Spantell Ellen Nikolaysen Olav Nikolaysen 44 3
C «Syng en liten melodi» Anne Lise Gjøstøl Dizzie Tunes og Grethe Kausland Halvard Kausland og Øyvind Lauritzen 46 2
D «Hvem» Lillian Harriet Gro Anita Schønn Torbjørn Daleng, Gerd Johansen og Arve Sigvaldsen 29 5
E «Yo-Yo» Kjersti og Kirsti Stein Ingebrigtsen og Inger Lise Rypdal Ivar Børsum og Paul Cappelen 34 4

Avstemming[endre | endre wikiteksten]

Sju av NRKs distriktskontor hadde vald ut to personar frå sin region – ein under 25 år, og ein over 25 år. Kvar jurymedlem gav frå 1 til 5 poeng til kvar melodi. Kvar song kunne dermed få mellom 14 og 70 poeng. Juryen røysta frå Studio B på Marienlyst.

Nr. Tittel 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. Totalt
A «Hvor er du» 2 3 3 3 4 4 3 1 3 3 4 5 5 5 48
B «Lys og mørke» 3 2 3 2 4 3 2 2 4 4 3 4 4 4 44
C «Syng en liten melodi» 5 4 5 1 3 5 4 3 4 3 2 1 3 3 46
D «Hvem» 3 2 2 1 2 1 2 1 2 1 3 3 2 4 29
E «Yo-Yo» 2 3 4 5 3 3 2 2 2 2 1 1 2 2 34

Jurymedlemmane var: 1. Karin Vanebo (Trondheim), 2. Inge Gotland (Trondheim), 3. Anne-Lise Pleym (Tromsø), 4. Hermod Hansen (Tromsø), 5. Lars Skjeldal (Oslo), 6. Ove Rød (Oslo), 7. Arne Stakkeland (Kristiansand), 8. Elisabeth Mo (Kristiansand), 9. Leif Kristoffersen (Hamar), 10. Eva Leinaas (Hamar), 11. Roald Madsen (Bodø), 12. Elisabeth Skaar Olsen (Bodø), 13. Inger Bye (Bergen) og 14. Terje Eggum (Bergen).[2]

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Til finalen i Brighton 6. april valde NRK Anne-Karine Strøm som solist. Strøm var på den tida gift med Frode Thingnæs, som hadde laga vinnarmelodien. «Hvor er du» blei også omsett til engelsk med tittelen «The First Day of Love». Dette var første gong eit norsk bidrag blei framført fullt ut på engelsk i den internasjonale finalen.

Heller ikkje dette året blei vinnarmelodien nokon stor hit, og verken fagfolk eller presse var imponert etter konkurransen. VG meinte finalen var «en skuffelse for alle som hadde håpet at våre pop- og underholdningsmusikkprodusenter hadde oppdaget at vi faktisk befinner oss i 1974.» Avisa samanlikna også «Hvor er du» med den svenske vinnarmelodien «Waterloo» og konkluderte med at dei var som «likhetspunktene mellom Mick Jagger og Ivar Ruste.»[3]

Også musikkbransjen var negativ og meinte den norske grand prix-finalen ikkje var internasjonal nok. «Årets norske vinnermelodi ligger så absolutt ikke innenfor dagens popstil. Det kan føre til total utklassing i den internasjonale finalen», meinte Erik Botolfsen, plateprodusent i EMI. Helge Westbye, pressesjef i Polydor, meinte dei norske finalemelodiane bar preg av å vere for provinsielle og sa: «det er ikke noe imponerende nivå over vinnermelodien.»[4] Fagfolka fekk også ganske rett: Det norske bidraget enda på ein firedelt sisteplass i den internasjonale finalen. Dette var Noregs tredje sisteplass.

Etter den internasjonale finalen gjekk også komponisten Frode Thingnæs hardt ut mot den norske ordninga med utplukking av finalebidrag og jurysystemet i finalen. «Vi er i utakt med det internasjonale systemet». Thingnæs sa vidare: «Vi sender feil melodi. Norske komponister må få vite hva de går til – vi kan lage like kommersielle ting som kontinentet.»[5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eriksen, Espen (28. januar 1974). «Klart for Grand Prix». Verdens Gang. s. 38.
  2. 2,0 2,1 Vidar Lønn-Arnesen (16. februar 1974). «Melodi Grand Prix 1974 – norsk finale».
  3. Berg, Kjell (18. februar). «Krangelen om Grand Prix kan begynne …». Verdens Gang. s. 32.
  4. Berg, Kjell (19. februar 1974). «Norsk Grand Prix er ikke internasjonal». Verdens Gang. s. 32.
  5. «Feil melodi». Verdens Gang. 8. april 1974. s. 7.