Melodi Grand Prix 1977

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 1977
Dato
Finale 19. februar 1977
Vertskap
Finale Studio 2, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Vidar Lønn-Arnesen
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 22 (6 i finalen)
Vinnar
Song «Casanova»
Artist Anita Skorgan
Resultat i Eurovision Song Contest 1977
Finalepoeng 18
Finaleplass 14.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1976 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1978

Melodi Grand Prix 1977 var den 17. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Av 348 innsendte låtar gjekk seks av dei til finalen 19. februar 1977. Vinnarlåten blei «Casanova», sungen av Anita Skorgan, og komponert av Svein Strugstad med tekst av Dag Nordtømme. I den internasjonale finalen i London enda «Casanova» på ein delt 14. plass med 18 poeng.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Finalen blei sendt frå Studio 2 på NRK Marienlyst laurdag 19. februar 1977 med Vidar Lønn-Arnesen som programleiar. Som NRK ofte gjorde på 1970-talet, blei programmet spelt inn seint på ettermiddagen og sendt i opptak om kvelden.[1] Dette var også første gong finalen blei sendt i stereo, men berre på radio.[2]

Etter kritikken og dei dårlege plasseringane åra før valde NRK ei ny løysing for å plukke ut dei seks finalemelodiane. Landet blei delt inn i fem regionar knytt til nokre av NRK sine distriktskontor. Dei som ønskte å sende inn bidrag, måtte sende dei til det lokale distriktskontoret sitt. Til saman kom det inn 348 bidrag, nesten tre gongar fleire enn i 1975.[3] Lokale juryar gjorde så eit utval: Seks songar på Austlandet, og fire i kvar av dei andre regionane. Songane blei sidan presentert i distriktssendingar på radio. Lyttarane kunne røyste på favorittsongen sin ved å sende inn postkort, og alle dei regionale vinnarane gjekk til finalen i Oslo. Austlandet fekk også sende andreplassen på grunn av folketalet i regionen.

Artistane blei akkompagnerte av Kringkastingsorkestret under leiing av Carsten Klouman. Den klare vinnaren blei «Casanova», framført av Anita Skorgan. Sigeren blei Skorgan sitt definitive gjennombrot i norsk musikkliv.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
A «Robåtrock» Rune Larsen Nils Abrahamsen og John Steffensen  Øyvind Pedersen 59 2
B «Jonathan» Dag Spantell Erik Jarlsby og Torkjell Rygnestad 42 5
C «Make Love, Not War» Odd Børre Kåre Grøttum Bjørn Rønningen 25 6
D «Casanova» Anita Skorgan Svein Strugstad Dag Nordtømme 91 1
E «Ikke mitt bord» Axel Gran Axel Gran 55 4
F «Sang» Benny Borg og Kirsti Sparboe Mette Hurlen 58 3

Avstemming[endre | endre wikiteksten]

Det var seks regionale juryar, kvar med elleve medlemmar. Jurymedlemmane var mellom 16 og 60 år, og rundt halvparten var under 25 år. Det var omtrent like mange kvinner som menn i juryane.

Jurymedlemmane hadde fem røyster kvar å fordele som dei sjølv ønskte – unntatt bidraget frå eigen landsdel. Sidan Austlandet hadde to songar i finalen, oppretta NRK ein ekstra jury på Lillehammer som heimejury for «Sang», sidan Mette Hurlen budde utanfor Oslo. «Make Love, Not War» fekk Oslo som heimejury, sidan Grøttum og Rønningen budde i Oslo.

Nr. Tittel Tromsø Trondheim Bergen Kristiansand Lillehammer Oslo Totalt
A «Robåtrock» 14 15 10 2 18 59
B «Jonathan» 11 5 3 16 7 42
C «Make Love, Not War» 3 8 3 8 3 25
D «Casanova» 13 12 30 32 4 91
E «Ikke mitt bord» 6 32 1 2 14 55
F «Sang» 14 21 5 6 12 58

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Heller ikkje dette året var pressa særleg positiv til nivået på finalen, men like fullt blei vinnaren svært populær i Noreg. «Casanova» låg heile 15 veker på VG-lista med ein 4. plass som høgaste notering. Det var første gong på seks år at ein vinnar av Melodi Grand Prix gjekk inn på VG-lista.[4]

Melodi A, «Robåtrock», skulle eigentleg ha blitt framført av Helge Nilsen, men han måtte melde pass kort tid før finalen. I staden steppa Rune Larsen inn.[1] Den svingande framføringa hans fall ikkje i god jord hos ein del kristne, og i etterkant av finalen fekk Larsen «masse kjeft og brev frå kristenfolket».[5]

Finalen blei den siste for to bautaer i norsk Melodi Grand Prix på 1960-talet: Kirsti Sparboe og Nora Brockstedt, som deltok i semifinalen. Brockstedt, då 54 år, var den eldste artisten som nokon gong hadde vore med, ein rekord som seinare ble slått av Jahn Teigen i 2005, av Wenche Myhre i 2009, og igjen av Bobby Bare i 2012.

Sørlandet var ramma av eit kraftig snøfall denne laurdagen, med brøytekantar på opptil 7–8 meter enkelte stader. Den eine jurymedlemmen frå Haugesund kom seg så vidt fram til distriktskontoret i Kristiansand. Flyet ho flaug frå Sola til Kjevik, måtte lande på Lista, og derfrå måtte ho ta buss til Kristiansand.[6]

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

Kvar landsdel heldt ein lokal semifinale før finalen. Radiolyttarane røysta fram ein vinnar per postkort. Austlandet fekk sende både 1. og 2. plassen på grunn av folketalet i regionen. Resultatet er ikkje fullstendig.[7]

Semifinale 1 – Nord-Noreg
Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Røyster Plass
1 «Luta lei» Kirsten Lyngedal Jarle Okstad 172 3
2 «Ro i motvind» Kirsten Lyngedal Axel Gran 45 4
3 «Tvilen er vårt liv» Turid Pedersen Kjell Pettersen 212 2
4 «Ikke mitt bord» Turid Pedersen Axel Gran 235 1
Semifinale 2 – Midt-Noreg
Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Røyster Plass
1 «Salomo» Supergruppa Gunnar A. Berg Berg Sr. 484 2
2 «Du var alene» Supergruppa Svein Strugstad Dag Nordtømme ukjent 3
3 «Casanova» Supergruppa Svein Strugstad Dag Nordtømme 601 1
4 «Hva nå?» Supergruppa Eirik Lie ukjent 4

Det kom inn 43 bidrag til Midt-Noregs semifinale. Supergruppa, ei spesielt samansett gruppe av profesjonelle musikarar, song alle songane. 1543 røyster kom inn.

Semifinale 3 – Vestlandet
Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Røyster Plass
1 «Tidig» Brødrene Thue Ove Thue 552 2
2 «For seint» Ellen M. Johansen Bernt Erik Tylden 78 4
3 «Robåtrock» Rune Larsen Nils Abrahamsen og John Steffensen Øyvind Pedersen 558 1
4 «Vi trenger kjærlighet på jord» Brødrene Thue Johannes Kleppevik 228 3

Det kom inn 48 bidrag til Vestlandets semifinale.

Semifinale 4 – Sørlandet
Nr. Tittel Artist Komponist og tekstforfattar Røyster Plass
1 «Går her og håper» Hans Petter Hansen Lars Christian Sande ukjent 2
2 «Storbyjungel» Magne Høyland Ukjent ukjent ukjent
3 «Jonathan» Hans Petter Hansen Erik Jarlsby og Torkjell Rygnestad ukjent 1
4 «Mellomspill i regn» Magne Høyland Ukjent ukjent ukjent

414 røyster kom inn i sørlandssemifinalen. Detaljane er ikkje kjende, anna enn at «Jonathan» vann med klar margin.

Semifinale 5 – Austlandet
Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Røyster Plass
1 «Poker» Kirsti Sparboe og Benny Borg Frode Thingnæs Philip Kruse ukjent 3
2 «Mærra hass Ka'l» Nora Brockstedt Helge Stenersen ukjent 5
3 «Det er hans land»   Kirsti Sparboe Kristian Lindeman Jan Eggum ukjent 4
4 «Make Love, Not War» Benny Borg Kåre Grøttum Bjørn Rønningen ukjent 1
5 «Sang» Kirsti Sparboe og Benny Borg Mette Hurlen ukjent 2
6 «Springaren» Nora Brockstedt Petter Hurlen ukjent 6

Rundt 200 av dei innsendte songane kom frå Austlandet. Omtrent 1300 røyster kom inn, men her blei lyttarane bedne om å røyste på to songar. Det fulle resultatet er ikkje kjend, berre at vinnaren og andreplassen fekk rundt 25 prosent kvar av røystene.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 John Steffensen (15. mai 2012). «35 år siden «Robåtrock» kom på 2. plass i Melodi Grand Prix». Besøkt 24. juli 2016.
  2. Johnson, Geir (1986). Norge i Melodi Grand Prix. Oslo: Atheneum. s. 99. ISBN 8273341232.
  3. «Stor interesse for Melodi Grand Prix». Aftenposten. 14. desember 1976. s. 10.
  4. «VG-lista for Casanova». VG. Besøkt 25. juli 2016.
  5. Nilsson, Ørjan (6. oktober 2013). «Rune Larsen fikk kjeft av kristenfolket»Bergensavisen.
  6. «Melodi Grand Prix 1977 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 19. februar 1977. Besøkt 24. juli 2016.
  7. OGAE Norway. «1977 – Oslo (arkivert side)». OGAE Norway/web.archive.org. Besøkt 26. august 2016.