Krister Sørgård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Krister Sørgård (fødd 20. april 1970) er ein tidlegare langrennsløpar og langrennstrenar. Han var mellom dei beste norske langrennarane i ei ti års tid, landslagsløpar frå 1992 til 2001, men nådde aldri heilt til topps. Perioden 2003-06 var han trenar for det norske herrelandslaget i langrenn. Løparar frå dette laget gjorde det godt under VM i 2005, men lukkast lite under OL 2006.

Sørgård debuterte i verdscupen med å bli nr 25 på femmila i Vang i 1992. Han deltok i Ski-VM 1993 med ein 10. plass på jaktstarten som beste resultat, etter å ha vorte nr 12 på 10 km. I 1996 fekk han si einaste pallplassering i verdscupen då han vart nr 2 på femmila i Holmenkollen, langt bak vinnaren Erling Jevne.

Under noregsmeisterskapen 1992 tok han bronse på 50 km og han deltok på Kirkenes sitt vinnarlag i 3&10 km stafett, saman med Vegard Ulvang og Magne Hellerud. I 1998 tok han NM-gull 15 km jaktstart og sølv på 30 km i klassisk stil.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1992: Nr 25 på 50 km i Vang
  • 1993: Nr 10 på 25 km jaktstart under verdsmeisterskapen i Falun
  • 1994: Nr 12 på 30 km i Falun
  • 1995: Nr 15 på 50 km i Holmenkollen
  • 1996: Nr 2 på 50 km i Holmenkollen
  • 1997: Nr 8 på 15 km i Falun
  • 1997/98: Nr 7 på 10 km i Val di Fiemme
  • 1998/99: Nr 21 på 30 km i Davos
  • 1999/2000: Nr 5 på 10 km i Sappada
  • 2000/01: Nr 4 på 15 på Beitostølen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1991: Nr 7 på 15 km i Misvær
  • 1992: Bronsemedalje på 50 km i Molde
  • 1993: Bronsemedalje på 30 km på Lillehammer
  • 1994: Bronsemedalje på 50 km i Stor-Elvdal
  • 1995: Nr 5 på 30 km i Oslo
  • 1996: Nr 7 på 50 km i Stryn
  • 1997: Nr 4 på både 10 km og 30 km i Mo i Rana
  • 1998: Gullmedalje på jaktstart og sølvmedalje på 30 km i Berkåk
  • 1999: Bronsemedalje på 50 km i Høylandet
  • 2000: Nr 8 på 50 km i Vang
  • 2001: Nr 4 på 10 km i Steinkjer

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Våren 2003 overtok Sørgård som hovudtrener for det norske herrelandslaget i langrenn. Han hadde stor suksess under sitt første Ski-VM 2005 (Oberstdorf 2005) der det norske herrelaget tok tre gull og avslutta med trippelsiger på femmila. Eitt år seinare hamna dei norske løparane langt bak medaljeplassane under OL i Torino. Sørgård vart utsett for sterk kritikk, mellom anna for at han korkje tok med nokon skiskyttar eller unge Petter Northug. Sørgård trekte seg våren 2006 som landslagstrenar. Morten Aa Djupvik overtok som hovudtrenar etter Sørgård.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipedia
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]