La Paloma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
La Paloma (S. Iradier)

«La Paloma» er ein populær spansk song som har blitt gjentolka i mange kulturar, settingar, arrangement og innspelingar over dei siste 140 åra. Songen vart komponert og skriven ein spansk komponist frå Baskarland, Sebastián Iradier (seinare Yradier) i 1850-åra. I 1859 vart han registrert på opphavsrettskontoret i Madrid som ein «Cancion Americana con acompañamiento de Piano».[1] Iradier døydde medan han var relativt ukjend få år etter, og fekk aldri oppleve kor populær songen hans kom til å bli.

«La Paloma» høyrer til ein songsjanger kalla «habaneras», ein musikalsk stil som vart utvikla på 1800-talet i Spania som framleis finst i form av visesongar og formelle komposisjonar særleg i Baskarland og på austkysten (Catalonia og Valencia). Som alle «habaneras» har songen ein karakteristisk og markant rytme som reflekterer ei blanding av lokale kubanske songar som spanske sjømenn tok med seg heim frå reisene sine til øya, og den rytmiske strukturen til flamenco «tanguillo gaditano» (opphavleg frå Cádiz i Andalusia). «La Paloma» vart raskt populær utafor Spania, særleg i Mexico, og spreidde seg snart rundt verda. Mange stader, som Afghanistan, Hawaii, Filippinane, Tyskland, Romania, Zanzibar, og Goa fekk han status som ein delvis folkesong. Songen kan reknast som ein av dei første verdsomfattande hittane og har appellert til mange forskjellige musikalske bakgrunnar..[2] Det finst meir enn tusen versjonar av songen, og i lag med «Yesterday» av Beatles er han ein av dei mest innspelte songane i musikkhistoria.

«La Paloma» på gitar.

Motiv[endre | endre wikiteksten]

Motivet i «La Paloma» (dua) kan sporast attende til ein episode som skjedde i 492 fvt., før Darius invaderte Hellas, på ei tid då kvite duer ikkje fanst i Europa.[3] Den persiske flåten under Mardonius hamna ut for ein storm utafor kysten av Athos og forliste, då grekarane såg kvite duer som rømde frå dei søkkjande persiske skipa. Dette inspirerte førestillinga om at slike fuglar leverer ei siste kjærleiksmelding frå ein sjømann som forsvinn på havet. Dette temaet om at ei siste kjærleiksmelding er sterkare enn døden vert òg nytta i «La Paloma». Sjølv om forskjellige tekstutgåver ikkje alltid følgjer originalen, verkar kjensla i songen å ha overlevd og uttrykker spaninga mellom separasjon med einsemd, og til og med død, og kjærleik.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«La Paloma» vart raskt populær i Mexico. Det var ein av favorittsongane til keisar Maximilian av Mexico, og samstundes spelte mexicanske revolusjonære songen og gjorde han populær. Etter Maximilian vart avretta og sidan han var ein Habsburg frå Austerrike, har det vore tradisjon at skip frå den austerrikske marinen aldri speler songen.[4]

Det dukka opp tyske og franske versjonar av songen i 1860-åra.[4] I 1899 var ei framføring av melodien av den franske Garde Républicaine ein av dei første innspelingane som vart gjort.[treng kjelde]

Nyskrivne tekstar (ikkje omsetjingar) finst på mange språk. Dei omhandlar ofte genereltelle bilete av kvite druer og sann kjærleik.

Ein engelsk versjon kalla «No More» med tekst av Don Robertson og Hal Blair, vart spelt inn av både Dean Martin og Elvis Presley. Harry James spelte inn ein versjon i 1941 på Columbia 36146.

La Paloma har blitt tolka av mange musikarar innan mange sjangrar, som opera, pop, jazz, rock, militærband og folkemusikk.

Songen gjekk inn i Guinness rekordbok i 2004 etter å ha blitt sungen av det største koret nokon gong, 88 600 menneske i Hamburg.[5]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

La Paloma er blitt spelt i følgjande filmar:

Teksten[endre | endre wikiteksten]

1. Cuando salí de la Habana
¡Válgame Dios!
Nadie me ha visto salir
Si no fuí yo.
Y una linda Guachinanga
Allá voy yo.
Que se vino tras de mí,
que sí, señor.
Refreng:
Si a tu ventana llega una paloma,
Trátala con cariño que es mi persona.
Cuéntale tus amores, bien de mi vida,
Corónala de flores que es cosa mía.
Ay, chinita que sí!
Ay, que dame tu amor!
Ay, que vente conmigo, chinita,
A donde vivo yo!
2. El día que nos casemos ¡Válgame Dios!
En la semana que hay ir Me hace reir
Desde la Iglesia juntitos, Que sí señor,
Nos iremos a dormir, Allá voy yo.
(Refreng)
3. Cuando el curita nos eche La bendición
En la Iglesia Catedral, Allá voy yo
Yo te daré la manita Con mucho amor
Y el cura dos hisopazos Que sí señor
(Refreng)
4. Cuando haya pasado tiempo ¡Válgame Dios!
De que estemos casaditos Pues sí señor,
Lo menos tendremos siete Y que furor!
O quince guachinanguitos Allá voy yo

Versjonar[endre | endre wikiteksten]


Instrumentale versjonar

Andre språk[endre | endre wikiteksten]

Russisk[endre | endre wikiteksten]

Den russiske versjonen vart omsett av Tatjana Sikorskaja og Samuil Bolotin og kalla «Golubka». Denne vart først framført av Klavdija Sjtsjulzjenko i 1953. Ein annan versjon vart framført av Alla i 2001.

Tysk[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart omsett til tysk av Heinrich Rupp og kalla «La Paloma (Mich rief es an Bord)». Denne vart framført av Herbert Ernst Groh i 1931. Denne versjonen vart òg framført av Franz Fehringer i 1957 som «La Paloma (Die Weiße Taube)» og av Rudolf Schock som «La Paloma (Mich rief es an Bord)» og Gert Fenner i 1959.
  • Ein tysk tekst av Heim, framført av Hans Hellmer og Johannes Maximillian i 1934 som «La Paloma».
  • Ein annan tysk tekst vart skriven av Helmut Käutner og hadde same tittel som originalen. Denne vart først framført av Hans Allbers og gjeve ut i 1954. Andre versjonar av denne tyske teksten er framført av Stahlhammer i 2006 og Wareika i 2011.
  • Ein tekst skriven av Georg Buschor og kalla «La Paloma Ade». Denne vart framført av Mireille Mathieu i 1973, som same året spelte inn ein fransk versjon av songen.
  • Otto R. og Bernd Witthüser skreiv ein tysk tekst til songen kalla «La Paloma (La Gerleitung ohé)». Denne vart framført av Otto & Bärnelli i 1981.

Dansk[endre | endre wikiteksten]

Ein dansk versjon kalla «La Paloma» vart omsett av Carl Viggo Meincke og framført av Gustav Winckler i 1959.

Engelsk[endre | endre wikiteksten]

Den engelske versjonen vart omsett av Hal Blair og Don Robertson og kalla «No More».

Andre engelske versjonar vart skriven av Marilyn Keith og Alan Bergman og framført av Norman Luboff Choir i 1961 som «My Love (La Palom)». Ein annan engelsk versjon av songen vart omsett av Kal Mann som «La Paloma Twist» og framført av Chubby Checker i 1962.

Norsk[endre | endre wikiteksten]

Ein norsk versjon vart skriven av Jan Thoresen og kalla «La Paloma». Denne vart spelt inn av Svenn-Erik Fjeldberg i 1980 og gjeven ut på singel.

Tsjekkisk[endre | endre wikiteksten]

Ein tsjekkisk versjon av songen kalla «Volám na shledanou» vart omsett av Bohuslav Nádvorník og først framført av Marta Kubišová a sbor Lubomíra Pánka i 1966. Ein annan versjon vart spelt inn av Yvetta Simonová i 1976.

Portugisisk[endre | endre wikiteksten]

Ein portugisisk tekst av songen vart skriven av Paulo Gilvan. Denne heitte òg «La Paloma» og vart framført av Trio Irakitan i 1967.

Fransk[endre | endre wikiteksten]

Ein fransk tekst til songen vart skriven av Georg Buschor, Catherine Desage og Christian Bruhn, og kalla «La Paloma adieu». Denne vart framført av Mireille Mathieu i 1973. Ho spelte same året òg inn ein tysk versjon av songen.

Svensk[endre | endre wikiteksten]

Ein svensk tekst vart skriven av Yngve Stoor og framført av Yngve Stoor med sin Hawaii-orkester i desember 1949. Den svenske versjonen heitte òg «La Paloma». Ein annan svensk tekst vart skriven av Lisbeth Stahl og kalla «La Paloma». Denne vart framført av Tommy Jacobsen i 1961.

Ein annan svensk tekst vart framført av Jigs i 1973.

Italiensk[endre | endre wikiteksten]

Ein italiensk tekst vart skriven av Blasco og Mari og songen vart framført av Tullio Pane i 1956. Tittelen på denne versjonen var òg «La Paloma». Ein annan italiensk tekst vart skriven av Nomen og framført av Connie Francis i 1961. Ein tredje italiensk tekst vart framført av Tony Astarita i 1968, skriven av Fierro, Iannuzzi, Sili og Annona.

Nederlandsk[endre | endre wikiteksten]

Jan Hoes skreiv ein nederlandsk tekst kalla «La Paloma». Denne vart framført av duoen De Limburgse Zusjes og gjeven ut på singel i 1958 som B-sida til «Waroom? Waroom?»

Polsk[endre | endre wikiteksten]

Tercet Egzotyczny framført ein polsk versjon av songen kalla «La Paloma», skriven av Stanisław Werner og Mirosław Łebkowski.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «American song with piano accompaniment» (James J. Fuld, The Book of World-famous Music. Classical, Popular, and Folk (Fifth edition revised and enlarged), New York, Dover Publications, 2000, s. 420, ISBN 0-486-41475-2).
  2. Gross, Thomas (5 July 2008) (på tysk), Heimweh für alle La Paloma – Heimweh für alle, Hamburg, Tyskland, http://www.zeit.de/2008/28/La-Paloma Heimweh für alle, henta 10. november 2016 
  3. Pankraz, Marcel Proust und das ewige Lied «La Paloma» (German)[1]
  4. 4,0 4,1 La Paloma (in German)
  5. Video Event 2004
  6. NY Times Review of movie La Paloma (1938) from 09-08-2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]