Laiv-rollespel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storturnering
Ei gruppe svenske laiv-folk Musikanternas Kamp (2006)

Laiv eller levande rollespel er eit kulturfenomen der ei gruppe menneske kjem saman for å spele roller i ein tenkt røyndom. Dei som er med spelar for seg sjølv og kvarandre. Formålet er vanlegvis moro, spenning og avkopling, men laiv kan også brukast til sjølvutvikling eller læring. Ofte, men ikkje alltid, er det ei gruppe laivarrangørar som tek initiativ til spelet, skriv rollebakgrunnar og anna bakgrunnsmateriale, og spikrar rammene for spelet.

Mykje av handlinga er improvisert og blir til gjennom fritt samspel mellom rollene. Der kan også vere element som er planlagt på førehand av spelarar eller arrangørar. Laiv skil seg vanlegvis frå teater ved at det ikkje finst tilskodarar. Laiv er rollespel der ein fysisk spelar den rolla ein har, i motsetnad til tradisjonelle RPG-spel, der ein ofte sit rundt eit bord og snakkar ut handlinga. Eit laiv-rollespel kan gå over fleire dagar, der deltakarane heile tida spelar rolla si.

Ordbruk og definisjonar[endre | endre wikiteksten]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet laiv er ei norsk skriveform av ordet live i det engelske live action role-playing game. Eit synonym som også har vore i bruk, er Simulering eller Sim. Orda LARP, LRP og live vert og nytta, men i mindre omfang.

Definisjonar[endre | endre wikiteksten]

Laiv er ein mangslungen aktivitet, og der finst ingen fast definisjon som alle er samd i. I boka Levende rollespill - LAIV av Hanne Grasmo vert laiv-rollespel definert som «førebudd og planlagd improvisasjonsteater som søkjer å levandegjere eit fantasisamfunn over ein kortare periode (nokre timar til seks dagar). Samfunnet skal verke ekte, både fysisk, psykisk, mytisk og sosialt. Det er ingen tilskodarar og alle deltakarane får på førehand tildelt ei rolle (berre ein bakgrunn, ikkje manus) som dei skal gå inn i og leve i så lenge spelet varer.»

Somme omgrep[endre | endre wikiteksten]

  • Offlaiv - tyder handling eller tale utanfor spel. Etter reglane skal dette ikkje hende, men skjer når spelarane misser gnisten eller ikkje veit kva dei skal spela på.
  • Skummelt i Skogen, gjerne avstutta til SIS, tyder spesialeffektar eller beist og monster, gjerne spela av røynde spelarar, sette i verk for å skremme andre spelarar utanfor eller i randa av spel-området. Desse syner seg helst i ly av mørkret for å få større verknad. Mykje av spelet går føre seg om natta.
  • Spel-området er ofte innhegna, og alt spel går føre seg her. Spelarane reiser ikkje frå det så lenge spelet varar.
  • Intrigeleiar eller spel-leiar (IL), er den som fortel kvar spelet peikar, og kjem med råd når spelarane ikkje veit kva dei skal finne på. Spelet er gjerne leia av ein IL-gruppe, der kvar IL har omsyn med ein av dei mange grupperingane i spelet. Dei slit seg ofte ut medan spelet varar.
  • Hardcore-laiv er skipa som tanken på at spelet skal vera så korrekt eller «sakleg» som mogleg. Alt som ikkje ser «rett» ut, skal haldast utanfor. Difor: Skinnfellar, ikkje soveposar, til dømes. Ikkje alle evner å «spela» ein borgmur som ikkje er der.
  • Mygel er eit omgrep som vart nytta mykje i Ravn i tidlege år, som nemning på slikt som ikkje hadde relevans for spelet, korkje på den eine eller andre måten.
  • Plott (frå engelsk plot) tyder grunnhandlinga i laiven, og handlingsgrunnlaget for den einskilde spelaren. Mange trivst di meir dei har å «plotte» på, og nokre plott kan vera svært store å finne fram i.
  • Harving er nemninga på einfelt bruk av våpen som sverd eller øks. Nokre spelarar, særleg unge gutar, finn at det er moro å nytte desse, gjerne meiningslaust mykje. Dette er gjerne kalla harving.
  • Padding er ein måte å gjere slagvåpen ufarlege. Frå byrjinga var desse gjerne laga av seglspile og liggjeunderlag, bunden ihop med gaffatape. Slik vart dei mjuke. Ingen spelar skulle koma fysisk til skade under spel.
  • Blankvåpen er vanlege sverd, knivar og øksar, nytta av røynde sverdsvingarar, som veit korleis dei skal nyttast. Desse vert innførte for å gjera spelet meire hardcore. Padding andsynes blankvåpen har vore eit av dei store stridsemna i rollespelmiljøet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga av laiv internasjonalt[endre | endre wikiteksten]

Laiv skal ha oppstode fleire ulike stader utan at aktørane var merksame på at andre dreiv med det same. I USA vart dei fyrste laivgruppene truleg danna på slutten av 1970-talet. Den eldste kjente er Dagorhir, som vart skipa i 1977. I Storbritannia vart laiven Treasure Trap laga i 1982. Laivrøyrsla spring ikkje ut av ei bestemt kjelde, men har henta inspirasjon frå ein god del kjelder; som barneleik, ulike friteatertradisjonar og bordrollespel.

Utviklinga av laiv i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Laiv i Noreg skal ha byrja i Trøndelag og Oslo-området på om lag same tid, rundt 1989. Liknande aktivitetar kan ha gått føre seg før dette.

I Oslo byrja levande rollespel som ein rein leik mellom nokre vener som alle hadde bakgrunn med speiding, og åtte interesse for fantasy-litteratur. Desse skipa Ravn (laivorganisasjonen) i 1990, og heldt den første sommarlaiven sin dette året. Dei skifta mellom to vekelange laivar i året, ein sommarlaiv som gjekk føre seg i ein verd dei sjølve utvikla, Ravnariket, og meir historisk orienterte vinterlaivar. Desse fekk med tida namn etter hovudemnet: Keltarlaiven, Skuggelaiven og slik bortetter.

Utover på 1990-talet kom det fleire nye grupper til, frå ulike kantar av landet, og rollespelmiljøet voks. Dei eldste og mest røynde stilte med tida opp som rådgjevarar og spesialeffektmakarar, og laivane vart meir spesialiserte. No kunne ein reise på samtidslaiv, mafialaiv, western-laiv, krigslaiv og mykje anna. Det vart og skipa Lagnadslaiv, Moirais vev, der spelet var planlagt på førehand, motsett den vanlege laiven, der spelarane forma rolla si og førde handlinga dit dei sjølve ville. Det vart oppretta eit godt kontaktnett mellom dei ulike gruppene, og eit diskusjonsforum: LaivForum.net. Her vart alle sider av laiv-faget drøfta, og nye idear prøvde ut. I dag er laiv-rørsla inne i andre generasjon, og er framleis eit tilbod for tenåringar og leikelystne vaksne.

På 2000-talet har laiv primært retta mot barn vorte meir vanleg.

Laivteori[endre | endre wikiteksten]

Det er i lita grad utførd akademisk forsking på laiv, men det finst likevel mykje teori skrive av aktive laivarar. Tekstane er i hovudsak publisert på nettbaserte diskusjonsfora men òg på private nettsider. I samband med den nordiske laivkonferansen Knutepunkt har det ved fleire høve blitt gjeve ut ei samling laivteoretiske tekstar i form av ei bok eller eit hefte, på norsk kalla «Knuteboka». Nokre av desse finst i elektronisk versjon (sjå litteraturliste under).

Akademisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Geir-Tore Brenne leverte i 2005 ei hovudfagsoppgåve ved Institutt for Sosiologi og samfunnsgeografi, Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo, med tittel «Making and maintaining frames - A study of metacommunication in laiv play». Oppgåva er tilgjengeleg på nett.[1]

Nokre døme på norsk laivteori[endre | endre wikiteksten]

  • Den norske zoologen Petter Bøckman har tilpassa The Threefold Model [2] til å passe den nordiske laivtradisjonen. Tilpassinga vert kalla The Three Way Model. [3]
  • Lars Wingård har skrive fleire artiklar, mellom anna ei eksamensoppgåve i dramapedagogikk; Hvorfor bør man laive, og kan man gjøre det på skolen? [4]
  • Magnus Lie Hetland har skrive artikkelen Hva er en god «laiv»? [5]

Knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Kvart år vert det halde ein kongress om laiv og rollespel. Denne kongressen vert kalla Knutepunkt og går på omgang mellom Noreg, Sverige, Finland og Danmark. Deltakarane er frå mange ulike land, mellom anna Kviterussland, Polen, Tyskland, USA, Storbritannia og Israel, i tillegg til alle dei nordiske landa.

Ulike grupperingar og aktørar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Store internasjonale spel[endre | endre wikiteksten]

Døme på store årlege internasjonale laivar er ConQuest of Mythodea og Drachenfest i Tyskland samt The Gathering på Dei Britiske øyane.

Nærskylde aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

  • Legion XV, med spesiell orientering mot romerske uniformer og romarlaivar.
  • Purpurordenen, men spesiell orientering mot mellomalder-hærklede og riddarutstyr.
  • Kongshirden, som nyttar tida på norsk mellomalder og historiske hærklede frå 1315 og tida ikring. Har ofte oppdrag tilknytt Akershus festning.

Mange rollespelarar har vore leigd inn til framføring i høve premierar på Harry Potter filmar, eller Ringdrotten-filmane, eller Star Wars. Det er rekna med at dei røynde rollespelarane kan skaffe rett kostyme til rett høve.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettsider[endre | endre wikiteksten]

Viktige ressursar:

Nettsidene til laivgrupper og andre aktørar i Noreg:

Laiv i Media:

Utanlandske nettsider:

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Making and maintaining frames - A study of metacommunication in laiv play» Hovudfagsoppgåve av Geir-Tore Brenne
  2. The Threefold Model, nettside med oversikt over teoriane.
  3. The Three Way Model, heile teksten.
  4. Hvorfor bør man laive, og kan man gjøre det på skolen?, heile teksten
  5. Hva er en god «laiv»? - om kvalitet i levende rollespill, heile teksten.

Bolken om laivteori er omsett frå bokmålswikipedia 5. mars 2011