Leikanger kyrkje i Selje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre kyrkjer med same namn, sjå Leikanger kyrkje.

Koordinatar: 62°7′5″N 5°18′43″E

Leikanger kyrkje
kyrkje
Leikanger kirke Selje.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Selje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordfjord
Sokn Leikanger
Fellesråd Selje
Type Langkyrkje
Material Tre
Innvigd 28. oktober 1866[1]
 - Endringar 1895: stor omvøling og utviding
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Frå 1592
Sitjeplassar 400[1]
Wikimedia Commons: Leikanger kyrkje

Leikanger kyrkje står på Leikanger i Selje kommune i Sogn og Fjordane, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1866.[1]

Leikanger kyrkje i Selje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Leikanger kyrkje i Selje

Kyrkja vart bygd av materialane frå Selje kyrkje, som hadde stått i bygda Selje sidan 1654. Denne kyrkja vart flytt frå Bø på Selja, der ho truleg hadde stått sidan slutten på 1500-talet.[1] I kyrkja heng tre altartavler, ei frå kvar kyrkjestad. Den eldste er frå 1600, den andre frå 1694, og den tredje er frå 1895. Også preikestolen er frå tida kyrkja stod på Selja, han er datert 1592.[1]

I 1895 vart kyrkja mykje vølt om og utvida under leiing av arkitekt Lars Sølvberg. I tillegg til at ho vart utvida slik at ho fekk plassar til nesten dobbelt så mange som før, fekk ho ny bordkledning og nytt tårn. Etter ombygginga var ho ikkje til å kjenne att, og ein kan ikkje sjå noko av det gamle vyrket verken utvendig eller innvedig.[1]

Leikanger kyrkje har frå 1997 vore soknekyrkje i Leikanger sokn i Nordfjord prosti. Før det høyrde området til Selje sokn.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]