Totland kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°55′53″N 5°23′11″E

Totland kyrkje
kyrkje
Totland kirke.jpg
Foto: kirkenorge.no
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordfjord
Sokn Vågsøy
Fellesråd Stad
Type Langkyrkje
Arkitekt Lars Sølvberg og Jens Sølvberg[1]
Material Tre
Innvigd 8. august 1912[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 250[1]

Totland kyrkje
61°55′57″ N 5°23′17″ E
Wikimedia Commons: Totland kirke

Totland kyrkje, tidlegare Totland kapell, står på Totland ved Bryggja i Stad kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1912.

Totland kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Totland kyrkje

Arkitektar for bygget, som har sitjeplassar til 250 personar, var Lars Sølvberg og Jens Sølvberg.[1] Kyrkja er dekorert innvendig med utskjeringar og rosemåling av Lars Kinsarvik.[1]

Frå starten til 1953 hadde gudshuset status som kapell i Rugsund sokn. Det året vart so Totland skild ut som eige sokn i Davik prestegjeld. I 1967 vart Totland sokn overført frå Davik til Vågsøy prestegjeld. Totland sokn vart nedlagd att i 2002, for då vart sokna i Vågsøy prestegjeld ihopslegne til eitt sams sokn som heiter Vågsøy sokn.[1]

Før dei fekk kyrkje på Totland sokna folk på nordsida av Nordfjorden i Davik prestegjeld til Rugsund kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aaraas, Margrethe Henden; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Totland kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 26. februar 2021. 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Aaraas, Margrethe Henden; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Totland kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 26. februar 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]