Livvisk
Utsjånad
(Omdirigert frå Livvi)
- Må ikkje forvekslast med livisk.
Livvisk
livviKlassifisering uralske språk
austersjøfinske språkBruk Tala i Russland, Finland Område Karelen Livvisktalande i alt ca. 19 000 (2010) Rangering ikkje blant dei 100 største Skriftsystem (Kyrillisk), Latinsk Offisiell status Offisielt språk i Den karelske republikken Språkkodar ISO 639-3 olo Glottolog livv1243
Livvisk (òg kalla olonetsisk eller onega-karelsk) er eit finsk-ugrisk språk snakka av karelarar i den nordaustlege delen av russisk Karelen og i austre delar av Finland.
Ethnologue oppgjev 14 000 talarar av livvisk i Russland i år 2000.[1] I tillegg er det ca. 5000 talarar i Finland/[2]
Livvisk vart snakka i dei gamle finske kommunane Salmi og Suojärvi. Innbyggjarane vart evakuerte til Finland etter den sovjetiske okkupasjonen etter Vinterkrigen og Fortsetjingskrigen, det er desse som i dag utgjer den livviskspråklege minoriteten i Finland.
Grammatikk
[endre | endre wikiteksten]
Morfologi
[endre | endre wikiteksten]Personlege pronomen
[endre | endre wikiteksten]Dei personlege pronomena i livvisk er følgjande:[3]
| nominativ | genetiv | |
|---|---|---|
| 1sg | minä | minun |
| 2sg | sinä | sinun |
| 3sg | häi | hänen |
| 1pl | myö | meijän |
| 2pl | työ | teijän |
| 3pl | hyö | heijän |
Tekst på livvisk
[endre | endre wikiteksten]Den vesle Bibelen på livvisk, finsk og norsk:
- Jumal suvaičči muailmua muga äijäl, ga andoi aino Poijan, ku ni üksi häneh uskojis ei kaduos, a suas ilmanigäzen eloksen.
- Jumala on rakastanut maailmaa niin paljon, että antoi ainoan Poikansa, jottei yksikään, joka häneen uskoo, joutuisi kadotukseen, vaan saisi iankaikkisen elämän.
- For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ethnologue sin rapport om livvisk
- ↑ Rapport om livvi i Finland Arkivert 2013-11-04 ved Wayback Machine. frå Forskingscentralen för de inhemska språken 1.8.2010.
- ↑ Pyöli 2012, s. 64.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aunuksenkarjalan kieli» frå Wikipedia på finsk, den 6. april 2012.