Mýki
Hopp til navigering
Hopp til søk
Mýki Lokalt namn: Μύκη | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Thráki |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 627,0 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Aust-Makedonía og Thráki Xánthi |
Hovudsete | Smínthi (277 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 15 540 (2011[1]) |
Folketettleik | 24,5 /km² |
Mýki (gresk Μύκη, tyrkisk Mustafçova), bulgarsk (pomakisk) Мустафчово, Mustaftsjovo), er ein kommune i periferieininga Xánthi i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas.
Mýki ligg i Rodopifjella nord for Xánthi og grensar mot Bulgaria i nord. Mange av innbyggjarane er pomakar.
Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]
Frå 2011 omfattar kommunen òg dei tidlegare kommunane Kotýli, Thérmes og Sátres. Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 15 540 innbyggjarar, medan kommunaleininga Mýki hadde 12 087 og tettstaden med same namn 1 313 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Kéntavros | Mýki | 2 580 |
Ekhínos | Mýki | 2 486 |
Glávki | Mýki | 1 447 |
Mýki | Mýki | 1 313 |
Pákhni | Kotýli | 1 031 |
Dimário | Kotýli | 623 |
Melívia | Mýki | 588 |
Kotýli | Kotýli | 429 |
Áno Thérmes | Thérmes | 332 |