Mads Gilbert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mads Gilbert
Mads Gilbert.jpg
Fødd 2. juni 1947
Porsgrunn
Yrke professor, lege, politikar
Mads Gilbert på Commons

Mads Fredrik Gilbert (fødd 2. juni 1947) er ein norsk lege og politikar for Raudt. Han er spesialist i anestesiologi og klinikkoverlege ved Akuttmedisinsk klinikk ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN).[1] Han har vore professor II i akuttmedisin ved Universitetet i Tromsø sidan 1995.

Gilbert har i lang tid vore engasjert i solidaritetsarbeid i Palestina, og har ei rekkje gonger vore i legeteneste i området. Han vart internasjonalt kjent under Gaza-krigen, då han og legekollegaen Erik Fosse greidde å koma inn i Gaza og dermed var dei einaste vestlege vitna til krigshandlingane. Dei vart i det sambandet intervjua av TV-kanalar som BBC, CNN, ABC og Al Jazeera. Hausten 2009 gav dei ut boka Øyne i Gaza og i 2014 Natt i Gaza.

I 2013 vart han tildelt St. Olavs Orden.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gilbert voks opp på Majorstua og Lambertseter i Oslo. Han gjekk på Oslo katedralskole på midten av 1960-talet.

Gilbert studerte først ved Noregs veterinærhøgskole i Oslo. Etter eit drygt år der vart veslebroren hans skadd i ei trafikkulukke og kom på Ullevål sjukehus. Gilbert fortel at møtet med sjukehuset fekk han til å avgjera å endra yrkesval. Han fekk jobb som tilkallingshjelp på Ullevål sjukehus, medan han tente opp nok poeng til å koma inn på medisinstudiet.[2]

Utdanning og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Gilbert tok medisinsk embetseksamen i 1973. Han hadde turnusteneste i Lofoten (1974), og var deretter distriktslege i Karlsøy i eitt år (ei stilling bestefaren i si tid hadde). Frå 1976 har han i hovudsak arbeidd ved anestesiavdelinga ved sjukehuset i Tromsø, det noverande Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN). Ein periode arbeidde han ved Gravdal sjukehus i Lofoten. I 1991 vart han dr. med. ved Universitetet i Tromsø på ei avhandling om stoffskifte og blodomløp under anestesi. Han gjorde doktorgradsforskinga si i USA ved University of Iowa i Iowa City.

Han har drive med forsking og undervising i akuttmedisinsk organisering og handsaming utanfor sjukehus (blant anna ambulanseteneste), og med psykososialt støttearbeid ved traumatiske kriser og tap.

Han har arbeidd med kunnskapsformidling på dei same felta, blant anna gjennom ein TV-serie på sju program for barn og unge. Han har òg skrive ei lærebok i livreddande førstehjelp, som i ein periode vart delt ut til alle ungdomsskuleelevar i landet (Gjør noe, da! Lærebok i livreddende førstehjelp, saman med Kåre Moen og Cecilie Arentz-Hansen).

Internasjonalt medisinsk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Gilbert har eit langt internasjonalt virke, der medisinfag og politikk går hand i hand. Han har vore aktiv i solidaritetsarbeidet med palestinerne sidan 1970-talet og har talrike periodar bak seg som lege i Palestina og Libanon. Han har vore ein sentral medspelar i eit arbeid som har gjort at Tromsø hevdar å vera den byen i verda som har sendt flest helsearbeidarar til Palestina.[3] For dette arbeidet har han motteke fleire æresbevisningar, blant anna The Power of Humanitarity Award 2000 frå det palestinske Raude halvmåne.

Sidan han drog ut i teneste som solidaritetslege, første gong i 1981 – den gongen til Beirut – har Gilbert rykt ut for å hjelpa krigsskadde i blant anna Angola, Kurdistan, Afghanistan, Burma, Kambodsja og Gaza.[2] I 2000 skildra han i eit Dagbladet-intervju arbeidde sitt i krigssona på følgjande måte: «Det er arbeid som gjør at jeg føler meg intenst til stede i livet». Han skildra det vidare som meir meningsfullt enn dop og at det var verd omkostningene.[4]

Gilbert har jobba mykje med å utdanna lokale helsearbeidarar i krigsområde. Særleg har det vore viktig med opplæring i akutthjelp for mineskadde, noko han (saman med blant annan kollegaen Hans Husum) har drive med i Afghanistan, Burma, Kambodsja, Kurdistan, Angola og Nepal. Dei har skrive læreboka «Save Lives, Save Limbs. Life Support for Victims of Mines Wars and Accidents», som er omsett til fem språk. Mineskadearbeidet vert organisert gjennom Tromsø mineskadesenter (under UNN) og Trauma Care Foundation.

I 1999 vart Gilbert og Hans Husum tildelt Lærdals ærespris innan akuttmedisin.[5] Prisen vert delt ut av Universitetet i Oslo.

Gaza januar 2009[endre | endre wikiteksten]

Nyttårskvelden 2008 reiste Gilbert til Gaza saman med kollegaen sin Erik Fosse for å bistå på sjukehusa i det krigsramma området etter Israels angrep på og invasjon av Gaza.[6] Begge to fekk betydeleg internasjonal medieomtale fordi utanlandske journalistar og solidaritetsarbeidarar i lang tid hadde vorte nekta tilgjenge til Gazastripa. Dei norske legene var dermed blant dei einaste ikkje-arabiske som kunne rapportera ut, og dei vart mykje brukt som kjelder av norske og internasjonale medium.

Dei fekk òg publisert ein artikkel i det anerkjende legetidsskriftet The Lancet, «Inside Gaza's Al-Shifa hospital».[7] Artikkelen, der dei skildra situasjonen ved Shifa-sjukehuset og karakteriserte situasjonen som eit marerittaktig blodbad, og andre utsegner til media førte til påstandar frå det israelske utenriksdepartementet om at dei ynskte å sverta Israel.[8]

Gilbert tok dagen etter til motmæle og uttalte blant anna at Israels beskyldninger var meiningslause: «De har gjennom bombingen i dag fortalt hva de representerer. Å beskylde oss for løgn blir direkte meningsløst.»[9]

20. januar kom det kritikk mot Gilbert i den israelske avisa Jerusalem Post, der lobbyisten Tomas Sandell hevda at Gilbert var meir oppteken av å vera nyhendebyrå enn å spara liv. Synne Holand i Norwac, som koordinerte den norske legeinnsatsen i Gaza frå El-Arish i Egypt, meinte kritikken var politisk propaganda.[10]

Det kom òg påstandar om at Gilbert og ein annan tilsett hadde iscenesett ein hjartekompresjon i eit forsøk på å redda livet til ein hardt skadd gut på sjukehuset i Gaza. Tiltaler om at videoen var iscenesett kom blant anna på diverse bloggar på internett. Òg Jan Simonsen, som ved siste stortingsval var kandidat for Demokratane, tok del i kritikken og skreiv blant anna at «vi ser Mads Gilbert i noe som skal forestille en intensivavdeling» og «gutten ser ikke skadet ut». CNN bad likevel to uavhengige akuttmedisinere vurdera det som føregjekk på videoen, og dei konkluderte med at handsaminga som vart gjeve var heilt etter boka.[11][12]

Gilbert hevda like etter heimkomsten at han og Fosse øydela Israel sin PR-plan. Dei var blant ytst få som rapporterte til vestlege medium inne frå Gaza. Israel nekta alle journalistar innreise til Gaza heilt frå krigen starta.[13]

Dei to legane vart like etter heimkomsten i januar oppringt og takka for innsatsen sin i Gaza av statsminister Jens Stoltenberg. Samstundes uttalte utanriksminister Jonas Gahr Støre at Gilbert og Fosse hadde fylt mandatet sitt som helsearbeidarar på beste måte.[14] Dei to fekk nærast ein heltestatus for innsatsen sin i krigsområdet, og på nettsamfunnet Facebook fekk Gilbert sin eigen fanklubb.[15] Gilbert og Fosse har følgt opp informasjonsarbeidet sitt med omfattande foredragsverksemd i 2009 og 2010, nasjonalt og internasjonalt.

I september vart boka Øyne i Gaza[16] utgjeve på Gyldendal forlag. Boka har vakt betydeleg interesse, og er seinare omsett til svensk, finsk, engelsk og arabisk, medan italiensk og tyrkisk utgåve er under produksjon.[17] I november 2010 vart boka utgjeve i norsk pocketutgåve, med eit oppdatert ekstrakapittel.

I februar 2009 vart Fosse og Gilbert tildelt Fritt Ords honnørpris med grunngjevinga: «eineståande augevitneskildringer av sivilfolkesetnaden sine lidingar under bombingen av Gaza».[18]

Politikar, aktivist og samfunnsdebattant[endre | endre wikiteksten]

Gilbert er medlem av Raudt, tidlegare Raud Valallianse, og han har blant anna representert partiet i Troms fylkesting i tre periodar (1979–87 og 1995–99). Ved stortingsvalet i 2009 stod han på sisteplass på Raudt sitt Troms-liste.

I 2001 var han ein sentral person i motstanden mot sjukehusreforma, då sjukehusa vart overført frå fylka til staten. Han var seinare med å starta aksjonsgruppa «Ja til kysten, nei til OL», som arbeidde for at Tromsø ikkje skulle søkja om å få arrangera vinter-OL i 2014 eller 2018.[19]

Palestina og Israel[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju med Adresseavisa i 2009 skildra Gilbert seg som ein israelvenn inntil 1967. Dette året melde han seg til kibbutz-teneste under seksdagerskrigen. Krigen vart innleidd med at Israel 5. juni 1967 angrep dei tilgrensande araberstatene etter ein blokade. Heile Sinaihalvøya, Gaza og Vestbredden vart okkupert. Gilbert møtte då på den israelske ambassaden i Oslo og melde seg som friviljug. Han såg den gongen på Israel som eit tappert, lite land – «omgitt av svartsmuskede arabere». «Vi skulle avløse de på kibbutz som skulle ut og slåss. En venninne av søsteren mi, Ebba Wergeland, sentral i Palestinakomiteen, ringte meg og sa at "jeg tror vi to må ha en samtale".» Gilbert fortel vidare at då han vart fortalt kva som skjedde i Palestina, skjønte han at han ikkje hadde forstått nokon ting. Han skreiv deretter eit brev til ambassaden om at han ikkje ynskte å delta på kibbutz. Eit år etterpå fekk han eit brev frå ambassaden, der det stod at det var planta eit tre i Israel med namnet hans på, inngravert i metallplate. «Det var som takk for at jeg hadde meldt meg som frivillig.»[2]

Han vart etter dette aktiv i Palestinakomiteen og i arbeidet med å senda grupper av helsearbeidarar til palestinske område. Han var med på å oppretta hjelpeorganisasjonen Norwegian Aid Committee, Norwac, etter Israels invasjon av Libanon i 1982.[20] Han har vore ein sterk kritikar av Israels politikk ovafor palestinerne, og han har hevda at Israel og USA har brote folkeretten på Gazastripen og i Libanon.[21] Denne kritikken vart forsterka etter hendingane i Gaza i januar 2009, og ved markeringane rundt ettårsdagen for invasjonen kritiserte han verdssamfunnet og Noreg for å ikkje gjera nok for å få brote Israels blokade av Gaza.[22]

Angrepet på World Trade Center[endre | endre wikiteksten]

Gilbert vakte ei viss oppsikt i Noreg då han tre veker etter angrepet på World Trade Center i USA i september 2001 uttalte: «Hvis USAs regjering har en legitim rett til å bombe og drepe sivile i Irak, har også de undertrykte en moralsk rett til å angripe USA med de våpen de måtte skape. Døde sivile er det samme enten det er amerikanere, palestinere eller irakere.» På direkte spurnad om han støtta terrorangrep på USA, svara Gilbert: «Terror er et dårlig våpen, men svaret er ja, innenfor den konteksten jeg har nevnt.»[23]

I samband med Gaza-krigen i januar 2009, vart utsegna henta fram att, blant anna av israelske NGO Monitor[24] og ulike massemedium.[25][26] Gilbert sa då at 2001-utsegna var «uklok og uoverveid», og utdjupa: «Men det som er viktig, er at vi må gå bak, og forstå hva som gjør at våpnene blir brukt slik de blir brukt. Vi må forstå hva økende forskjeller mellom fattig og rik fører til. Hva økt brutalisering og undertrykking fører til. Jeg prøvde å være analytisk, men uttalelsen ble uklok. Jeg er helt imot terror mot sivile».[27]

Tampa-saka[endre | endre wikiteksten]

I september 2001 avlyste Gilbert eit foredrag på ein legekongress i Australia. Han skulle etter planen snakka om helsetenester i utkantstrøk og blant minoritetsfolkesetnader, men valde saman med kollegaen sin Lars Bjertnæs å avlysa det heile som ein protest mot handteringa til australske styresmakter av «Tampa-saka». Gilbert uttalte at det handla om å markera eit standpunkt i ei sak der det vart «spelt svarteper og russisk rulett» med liva til 400 menneske.[28]

Politisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gilbert fortalde i eit intervju i 2009 at han voks opp i eit veldig politisk heim der det var mange diskusjonar og «høgt under taket». Han skildrar foreldra sine som godt orientert om verda og faren sin spesifikt som særs belest. Han omtalar mora si som ei stor inspirasjonskjelde, som lærde han å tenkja kritisk og verta medvite det å velja side for dei svake.[2]

Det var Vietnamkrigen som framfor noko vekte Gilbert politisk. Han vart engasjert i Solidaritetskomiteen for Vietnam, SUF(m-l) og seinare AKP(m-l). Partiet sette i verk på andre halvdel av 1970-åra ein kampanje for at medlemmar som var studentar og akademikere, skulle gå over i arbeidarklasseyrker (proletarisering). Gilbert, som hadde byrja ved Regionsjukehuset i Tromsø, søkte jobb i brannvesenet i Tromsø, men søknaden vart avvist til trass for at han var innstilt som nummer éin av både brannsjef og fagforeining. Det vart hevda at han var overkvalifisert, men sjølv har han kalla det eit politisk yrkesforbod. Det vart i staden eit år som jernbinder før Gilbert gjekk tilbake til sjukehuset.[2] Han oppsummerer i ettertid dette slik: «Det var eit flott år som lærde meg masse – fleire helsearbeidarar kunne hatt nytte av det.» Mads Gilbert har ein sentral plass i Ole Paus' skillingvise «Folk og røvere i Tromsø by», utgjeve på plata Nye Paus-posten i 1977.[29]

Gilbert melde seg ut av AKP etter nokre år, då han syntest partiet braut grunnleggjande demokratiske prinsipp og viste sterke «avvik frå masselinja». Han heldt likevel fram arbeidet i RV.[30] Han har omtalt seg sjølv som «en troende agnostiker, med et tidvis sterkt behov for å be». Han har òg skildra seg som lite dogmatisk og med sans for ærlegheit.[30]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kongen utnemnde i 2013 Gilbert til kommandør av St. Olavs Orden for den breie innsatsen hans innan akuttmedisin.[31] I 2014 kåra VGs lesarar han til Årets namn.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Gjør noe da!, 2000 (med Cecile Arentz-Hansen og Kåre Moen) – lærebok i livreddande førstehjelp, ISBN 82-549-0296-8
  • Save Lives – Save Limbs, 2000 (med Hans Husum og Torben Wisborg) – lærebok i prehospital førstehjelp med spesielt fokus på mineskadehandsaming, ISBN 983-9747-42-8
  • Øyne i Gaza, 2009 (med Erik Fosse) – ISBN 9788252573268
  • Natt i Gaza 2014

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Nordprofilprisen 2013 til Mads Gilbert
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Gilbert ville kjempe for Israel».
  3. Frå Tromsø kommune sine nettsider
  4. «Uvêrdoktoren».
  5. The Laerdal Foundation for Acute Medicine
  6. «Katastrofale forhold».
  7. Artikkel i The Lancet 17. januar 2009
  8. «Israel hevder Fosse og Gilbert lyver».
  9. TV2.
  10. «Gilbert får kritikk».
  11. «Gilbert renvasket av CNN».
  12. «Gilbert: deltok i svindelfilm?
  13. «Vi er ingen helter».
  14. «Jens og Jonas takkar legene».
  15. «Dei norske stemmene frå Gaza».
  16. Mads Gilbert og Erik Fosse
  17. Årets viktigaste bok?
  18. «Gilbert og Fosse får Fritt Ords Honnør».
  19. 09.01.2004
  20. «De norske stemmene fra Gaza».
  21. 13.10.2006
  22. «– Uforståelig at blokaden kan fortsette».
  23. 30.09.2001
  24. NGO Monitor
  25. Jennifer Lawinski
  26. Clemens Wergin
  27. Dagbladet.no «- Uklok uttalelse»
  28. «Professor-boikott av Australia».
  29. «I ringen i 30
  30. 30,0 30,1 «Uværsdoktoren».
  31. Utnevnelser til St. Olavs Orden
  32. Oslo Universitets begrunnelse for tildeling av Lærdals Ærespris i Akuttmedisin for 1999 Mads Gilbert. The Laerdal Foundation for Acute Medicine. Laerdalfoundation.org.
  33. Gilbert hedret i nord. Tidsskrift for Den norske legeforening, 11/2-2010.
  34. Mads Gilbert «Årets nordlending». NRK Nordnytt, 24/12-2009.
  35. Årets tromsøværing 2009 Mads Gilbert. iTromso.no, 24/12.2009.
  36. Erik Byes minnepris til Mads Gilbert. Dagsavisen, 7/9-2009.
  37. Erik Fosse og Mads Gilbert får Fritt Ords Honnør. Fritt-ord.no.
  38. Snille gutter (Erik Fosse og Mads Gilbert får prisen «Snill Gutt» 2009 av Pressefotografenes klubb). NRK nyheter 17/2-2010.
  39. Tahiti-prisen til Fosse og Gilbert. Norwac.no.
  40. Dansk pris til Gilbert og Fosse. Dagens Medisin, 12/5-2009.
  41. Gilbert årets Tromsdoktor. Legeforeningen.no, 22/6-2010.
  42. Gilbert og Fosse får Vesleblakkenprisen 2010. NRK Hedemark og Oppland, 13/7-2010.
  43. Mads Gilbert Årets navn
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.