Mario Bros.
| Mario Bros. | |||
| | |||
| Utviklar(ar) | Nintendo R&D1 | ||
|---|---|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
| Distributør | Nintendo eShop | ||
| Design(ar) | Shigeru Miyamoto | ||
| Serie | Mario | ||
| Plattform(er) | Game Boy Advance, Atari 2600, Atari 520 ST, Atari 7800, Sinclair ZX Spectrum, Nintendo Entertainment System, Commodore 64, Amstrad CPC, Atari 800, arkadespel, NEC PC-8800 series, FM-7 | ||
| Utgjeving | 1983 | ||
| Sjanger | Plattform | ||
| Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
| Stødde einingar | Styrestikke, knappar | ||
| Nettstad | https://www.nintendo.co.jp/n08/mariobros/index.html | ||
| Del av serien Mario Bros.⠀ | |||
Mario Bros. (マリオブラザーズ) er eit arkadespel utvikla og publisert av Nintendo i 1983. Spelet handlar om Mario, «tidlegare» kjent som Jumpman i Donkey Kong frå 1981. Mario Bros. har nyleg vore inkludert i Super Mario Advance-spela som eit minispel, og har blitt gjeve ut på Virtual Console for Wii.
Oppsett
[endre | endre wikiteksten]I Mario Bros. kan ein spela ein av to røyrleggjarar, Mario og Luigi, som er i eit avlaupssystem for å få bukt ned på mengda skapnader som er der. Desse skapnadene kjem ut av røyrer, og hovudoppgåva i spelet er å nedkjempe alle desse skadedyra i kvart nivå. For å kunne få has på eit skadedyr må røyrleggjaren først slå det på ryggen ved å treffe underlaget fienden går på frå undersida eller bruka POW-blokker. Så kan han sparka fienden ut av skjermen. Om fienden klarer å reisa seg opp før ein rekkjer å sparka han, vil han endra farge og få auka fart.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Mario Bros. Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. hjå Nintendo.no