Mikael Agricola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mikael Agricola
Mikael Agricola by Albert Edelfelt.jpg
Fødd 1510 (juliansk)
Pernå
Død

9. april 1557
Pionerskoje

Yrke språkforskar, prest, omsetjar, teolog, lyrikar, bibelomsetjar, geistleg
Mikael Agricola på Commons
Relieff av Mikael Agricola i Åbo Domkyrkje

Mikael Olavi Agricola (ca. 15079. april 1557)[1] var ein finsk reformator og biskop i Åbo stift. Agricola er kalla faren til det finske skriftspråket.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Agricola var fødd som bondeson i Torsby i Pernå sokn i austre Nyland, vest for Lovisa. Skulegangen hans byrja i Viborg. Kva som var Agricola sitt morsmål er omdiskutert. På den eine sida er Pernå svenskspråkleg, og det er sannsynleg at også han var svenskspråkleg. På den andre sida har Osmo Ikola (1988) argumentert for at Agricola sitt finske språk inneheld dialektdrag frå søraustlege tavastlendske dialektar (dvs. dei finske dialektane rett nord for Pernå), drag han verken kunne ha lært i Viborg eller seinare i Åbo. Ikola argumenterer dermed for at Agricola var tospråkleg, med finsk som heimespråk.

Agricola gjekk tidleg over til protestantismen og vart 1529 sekretær for biskop Martin Skytte i Åbo stift. Han studerte teologi og språk i Wittenberg for både Martin Luther og Philipp Melanchthon i perioden 1536-1539. Etter å ha vorte uteksaminiert som magister, vende han attende til Åbo for å verta rektor ved Åbo katedralskole, noko han var fram til 1548 då han tok arbeid som biskop Skytte sin assistent fram til Skytte døydde i slutten av 1550-åra. 1554 vart Agricola tilsett som biskop i Åbo stift og han vart dermed Finlands første protestantiske biskop.

Agricola vert ofte kalla faren til det finske skriftspråket i og med at han publiserte dei første trykte bøkene på finsk.[1] Desse ni bøkene vart trykt i kungliga boktryckeriet i Stockholm i perioden 1543-1552.[1] Den første boka var Abckiria, ei lita ABC-bok. Etterpå kom den cirka 900 sider tjukke bønneboka Rucouskiria frå 1544, deretter omsetjinga hans av Det nye testamentet, Se Wsi Testamenti, frå 1548 og Davids psalmer 1551–1552 til finsk[1] Han gav òg ut Luthers Vesle Katekismus. Agricola baserte skrivesettet sitt på svensk, i og med at Finland var ein del av det svenske riket og svensk var det herskande språket i landet, ved sida av tysk og latin.

Etter Gustav Vasas russiske krig 1555-1556 var Agricola med i ein delegasjon til Moskva i februar 1557 for å fredsforhandle med Ivan IV av Russland (Ivan den grusame).[2] Oppdraget lukkast og freden vart slutta i Novgorod den 2. april 1557, men Mikael Agricola døydde den 9. april under heimreisa, i Nykyrka sokn ved Viborg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Anna Perälä (2008) Mikael Agricola. Det kungliga boktryckeriets mest betydande kund., Biblis, nr.43, sid:3-23, ISSN 1403-3313
  2. I delegationen till Moskva ingick även ärkebiskop Laurentius Petri, riksråden Sten Leijonhuvud, Bengt Gylta, Knut Lillie samt sekreteraren Olov Larsson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ikola, Osmo: ”Mikael Agricolan äidinkieli”, Mikael Agricolan kieli. Helsinki: Suomalaisen kirjallisuuden seura, 1988. ISBN 951-717-533-7.
  • Anna Perälä (2008) Mikael Agricola. Den kungligaen boktryckeriets mest betydande kund., Biblis, nr. 43, side: 3-23, ISSN 1403-3313

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]