Mikaela Ingberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikaela Ingberg

Mikaela Johanna Emilia Ingberg (fødd 29. juli 1974) er ein finsk friidrettsutøvar frå Vasa som høyrde til verdseliten i spjutkasting i perioden 1995-2006. Ho vann bronsemedaljen i øvinga i VM 1995 og EM-bronsen både i 1998 og 2002.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ingberg kvalifiserte sig til finalen i samtlege internasjonale meisterskap frå 1995 til 2006, med unnatak for Sommar-OL 2004 i Aten, der ho kasta 17 cm for kort til å kome med mellom dei 12 finalistane. Ho tok sin fyrste medalje under VM 1995, klart slått av Natalja Sjikolenko og 6 centimeter bak sølvmedaljør Felicia Țilea frå Romania. Etter fjerdeplass ved VM 1997 tok Ingberg ein ny medalje under EM 1998, langt bak europameister Tanja Damaske frå Tyskland og Tatjana Sjikolenko. Også i den neste europmeisterskapen, i München i 2002, sikra Ingeberg seg bronsen, ei tevling der Hellas Mirela Manjani var i ei klasse for seg og tyske Steffi Nerius tok sølv. Året etter vart Ingberg nummer 4 i VM i Paris, halvmeteren bak bronsevinnar Nerius.

I 2009 vart Ingberg finsk spjutmeister for sjuande gong. Ho la opp i 2010. Ingberg sin personlege rekord med det nye spjutet er 64,03 meter, oppnådd i 2000. Med det gamle spjutet kasta ho som lengst 67,32 meter i 1997-sesongen. Ho hadde i mange år Tapio Korjus til trenar.

Ingberg er finlandssvensk, hennar morsmål er såleis svensk.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]