Mule Variations

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mule Variations
Studioalbum av Tom Waits
Språk engelsk
Utgjeve 20. april 1999
Sjanger Rock, blues, eksperimentell musikk
Lengd 70:33
Selskap Anti
Epitaph
Produsent Kathleen Brennan
Tom Waits
Tom Waits-kronologi 
The Black Rider
(1993)
Mule Variations Blood Money
(2002)


Mule Variations er eit musikkalbum av Tom Waits frå 1999 og det første albumet sidan The Black Rider frå 1993.

Albumet har musikalske spor frå alle albuma hans sidan Swordfishtrombones i 1983, hovudsakleg dei meir rock- og bluesinfluerte songane og få av dei meir kabaret- og Kurt Weill-aktige. Ein finn òg enkelte songar som går lenger tilbake i Tom Waits si karriere, som «Come On Up to the House» og «Hold On» som er meir i stil med dei første albuma hans på 70-talet eller balladane på Rain Dogs (1985). Det mest eksperimentelle sporet på albumet er «What's He Building?» som berre består av rare lydar og Waits som les ein tekst om ein kar som skildrar naboen sin og undrar seg over kva desse merkeleg lydane er for noko.

Dei fleste songane på albumet er skriven i lag med Kathleen Brennan, kona til Waits, som òg er produsent på albumet.

Bandet Primus spelte med Waits og Carney på «Big in Japan».

Albumet vann ein Grammy Award i klassen «Beste samtidige folkemusikkalbum» og var nominert for «Beste mannlege rockevokal» for songen «Hold On». Albumet har seld meir enn ein halv million eksemplar på verdsbasis. Rolling Stone plasserte albumet på 416. plass på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidenene.

Waits drog ut på ein omfattande turné i Europa og Nord-Amerika sommaren og hausten 1999, som var Waits sin første skikkelege turné sidan 1987.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skriven av Tom Waits og Kathleen Brennan, bortsett frå der anna er nemnd.

  1. «Big In Japan» – 4:05
  2. «Lowside of the Road» – 2:59
  3. «Hold On» – 5:33
  4. «Get Behind the Mule» – 6:52
  5. «House Where Nobody Lives» (Tom Waits) – 4:14
  6. «Cold Water» – 5:23
  7. «Pony» (Tom Waits) – 4:32
  8. «What's He Building?» (Tom Waits) – 3:20
  9. «Black Market Baby» – 5:02
  10. «Eyeball Kid» – 4:25
  11. «Picture in a Frame» – 3:39
  12. «Chocolate Jesus» – 3:55
  13. «Georgia Lee» – 4:24
  14. «Filipino Box Spring Hog» (Tom Waits) – 3:09
  15. «Take It With Me» – 4:24
  16. «Come On Up to the House» – 4:36

Den japanske utgåva av albumet innehald songane «Buzz Fledderjon» og «Big Face Money» som bonusspor på slutten av albumet.

Musikarar[endre | endre wikiteksten]