Mulhouse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mulhouse
Gamlebyen i Mulhouse
Gamlebyen i Mulhouse
Byvåpenet til Mulhouse
Byvåpenet til Mulhouse
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Alsace
Haut-Rhin
Geografi
Flatevidd
 - By

22,18 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

110 359
  4 976/km²
Koordinatar 47°44′57″N 07°20′24″EKoordinatar: 47°44′57″N 07°20′24″E
Høgd over havet 240 m
Diverse anna
Heimeside: www.ville-mulhouse.fr
Plassering
Mulhouse-Karte.png

Mulhouse (elsassisk Milhüsa; tysk Mülhausen, 'møllehus') er ein by aust i Frankrike nær grensa til Sveits og Tyskland. Han er den største byen i departementet Haut-Rhin, og den nest største byen i regionen Alsace etter Strasbourg.

To elvar renn gjennom Mulhouse, Doller og Ill, begge sideelvar til Rhinen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første nedskrivne kjeldene om Mulhouse går tilbake til 1100-talet. Han var ein del av det sørlege elassiske fylket Sundgau i Det heilage romerske rike. Frå 1354–1515 var Mulhouse ein del av Décapole, ei sameining av frie keisarbyar. Byen vart ein del av Sveits i 1515, og vart derfor ikkje annektert av Frankrike i Freden i Westfalen i 1648, som resten av Sundgau. Han vart så rekna som ein fri republikk knytt til Sveits, før han vart annektert av Frankrike 4. januar 1798, under Direktoriet-perioden.

Etter den fransk-prøyssiske krigen og samlinga av Tyskland høyrte Mulhouse til Det tyske keisarriket som ein del av området Alsace-Lorraine (1870-1918). Byen vart okkupert av franske troppar 8. august 1914 i byrjinga av den første verdskrigen, men dei vart tvungen til å trekke seg tilbake to dagar seinare under Slaget ved Mulhouse. Alsace-Lorraine vart annektert av Frankrike i 1918. Han vart okkupert av Nazi-Tyskland etter Slaget om Frankrike i 1940.

Utviklinga av byen auka i takt med tekstilindustrien og garveria i byen, og etter kvart kjemisk- og verkstadsindustri frå midten av 1700-talet. Mulhouse var derfor nært knytt til Louisiana i USA og Levanten, der han fekk importert bomull frå .

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Mulhouse er den største byen i Haut-Rhin, er Colmar hovudstad eller préfecture. Mulhouse fekk rang som sous-préfecture i 1857.

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

I byen ligg bilmuseet Musée National de l'Automobile de Mulhouse og jernbanemuseet Musée Français du Chemin de Fer. I tillegg finn ein Musée de l’Impression sur Etoffes de Mulhouse, museet knytt til stofftrykk, i byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mulhouse