Ill i Frankrike
- Sjå òg elva Ill i Austerrike
Ill | |||
elv | |||
Ill ved Strasbourg.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 4 760 km² | ||
Lengd | 223 km | ||
Kjelde | Jurafjella | ||
- høgd | ±570 moh. | ||
Munning | Rhinen | ||
![]() Ill i Frankrike | |||
Wikimedia Commons: Ill river | |||
Ill (ILL) er ei elv i Alsace nordaust i Frankrike. Ho er ei av sideelvane til Rhinen frå venstre.
Ho har sitt utspring nær landsbyen Winkel i Jurafjella, og renn så nordover i Alsace, parallelt til Rhinen. Ho mottar fleire sideelvar frå Vogesane, inkludert Doller og Thur. Ill renn gjennom Mulhouse, Colmar og Sélestat før ho munnar ut i Rhinen ved Strasbourg.
I Strasbourg dannar elva ein del av festningsverket frå 1600-talet, og passerer gjennom ei rekkje sluser og kanalar i den vakre gamlebyen, mellom anna distriktet Petite-France, der vatnet ein gong vart nytta som vasskraft for møller og garveri.