Murg
Utsjånad
- For elva i Sør-Schwarzwald, sjå Murg i Sør-Schwarzwald
| Murg | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 637 km² | ||
| Lengd | 96 km | ||
| Kjelde | Schwarzwald | ||
| • høgd | 875 moh. | ||
| Munning | Rhinen | ||
![]() Murg 48°55′09″N 8°09′53″E / 48.9192°N 8.1647°E | |||
| Wikimedia Commons: Murg (Northern Black Forest) | |||
Murg er ei elv i Baden-Württemberg i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre med ei lengd på 96 km. Ho har sitt utspring i Obertal i Schwarzwald, ein del av Baiersbronn, der elvane Rechtmurg (Høgre Murg) og Rotmurg (Raude Murg), begge med utspring i Schliffkopf i byen Baiersbronn, renn i hop. Elva renn gjennom Baiersbronn, Forbach, Gernsbach og Gaggenau før ho munnar ut i Rhinen ved Rastatt. Munningen vart flytta 1,5 km vestover etter at ho vart retta opp av ingeniøren Johann Gottfried Tulla.
I tidlegare tider var Murg ei viktig elv for tømmerfløting. Tømmeret vart transportert til Steinmauern, der det vart tørka og sett i saman til større flåtar. Frå Steinmauern vart tømmeret fløta vidare til Mannheim og frå her til Nederland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Murg» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juni 2007.
