Wisper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wisper
elv
Wisper fg01.jpg
Wisperdalen ved Lorch
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Nedslagsfelt 209 km²
Lengd 30 km
Kjelde Taunus
Munning Rhinen
Wikimedia Commons: Wisper

Wisper er ei elv i Hessen vest i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre med ei lengd på 30 km. Ho har sitt utspring vest i Taunus i Rheingau-Taunus-Kreis nær ein liten tettstad kalla Wisper. Ho renn sørvestover gjennom den tett skogkledde dalen med nokre ruinar av slott frå mellomalderen. Det omliggande området er eit populært friluftsområde. Ein kunstig innsjø, Wispersee, er fylt med aure og er ein populær fiskestad. Wisper munnar ut i Rhinen ved Lorch.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]