Ergolz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 47°32′17″ N 7°42′50″ E
Ergolz
elv
none  Ergolz ved Sissach
Ergolz ved Sissach
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Basel-Landschaft
Kjelde Schafmatt, Greisflue, Rohr i Solothurn
 - høgd 830 moh
 - koordinatar 47°25′26″N 7°57′34″E
Munning Rhinen
 - stad mellom Augst og Kaiseraugst
 - koordinatar 47°32′17″ N 7°42′50″ E
Nedslagsfelt 261 km²
Vassføring
 - middel 3,73 /s
 - maks 155 /s
 - min 0,1 /s
Wikimedia Commons: Ergolz

Ergolz er den største elva i kantonen Basel-Landschaft. Ho spring ut ved Geisflue i Faltenjurafjella i den øvre regionen av Basel-Landschaft, på grensa til Aargau og Solothurn, og munnar ut i Rhinen ved Augst. Av sideelvane til Ergolz finn ein Eibach, Homburgerbach, Diegterbach,Frenke, Orisbach, Röserenbach og Violenbach.

Kjelda til Ergolz i Oltingen

Sidan 1934 har ein målt vassføringa til Ergolz ved Liestal. I meir enn 70 år har middelvassføringa mot Rhinen vore 3,73 m³/s. I 2006 var middelvassføringa 5,63 m³/s. Den største vassføringa det året var 10. april 2006, med 134 m³/s. Dei lågaste og høgaste verdiane ein har målt ved Liestal var 0,1 m³/s (1947) og 155 m³/s (i 1999).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elva var drikkevasskjelde for den romerske byen Augusta Raurica. Det vart bygd ein akvedukt som byrja oppfor dagens Liestal. Delar av akvedukten står framleis. To av stadane der ein kan sjå akvedukten i dag er i Heidenloch-distriktet i Liestal og nordaust for kloakkhandsamingsanlegget i Füllinsdorf.

Ergolz vart i aukande grad forureina på første halvdel av 1900-talet. Frå 1960 og frametter har ein stoppa og snudd utviklinga ved hjelp av kloakkhandsamingsanlegg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Sideelvar til Rhinen
Frå venstre:

Vorderrhein | Thur | Töss | Glatt | Aare | Ergolz | Birs | Birsig | Ill | Sauer | Lauter | Queich | Speyerbach | Rehbach | Isenach | Eckbach | Eisbach | Pfrimm | Selz | Nahe | Mosel | Nette | Brohlbach | Ahr | Erft |

Frå høgre:

Hinterrhein | Landquart | Ill | Dornbirner Ache | Bregenzer Ache | Argen | Schussen | Radolfzeller Aach | Wutach | Murg | Wehra | Wiese | Elz | Kinzig | Rench | Acher | Murg | Federbach | Alb | Pfinz | Kraichbach | Saalbach | Neckar | Weschnitz | Modau | Main | Wisper | Lahn | Wied | Sieg | Wupper | Düssel | Ruhr | Emscher | Lippe | Oude IJssel | Berkel | Schipbeek